Lørdag 27. juli 2019
VEKKING: Små gutar og vaksne menn trenar saman. Lokalet er tregult og luktar sveitte og kropp. Sergej Stepansjenko (bak) har alltid likt å bryte, men slutta med det då han byrja på presteutdanninga. Etter at han flykta til Kiev frå krigen i Donetsk, har han boksa i tre år.
I fråvær av ein velfungerande stat ser ukrainarar til kyrkja for åndeleg og materiell tryggleik:
Trua gjev kampstyrke
I FØRARSETET: Sergej har køyrt drosje i hovudstaden i eit år. Det tok tid å lære byen å kjenne, men han visste at han var god til å køyre. I Ukraina er det eit uttrykk som seier at dei best skikka til å styre landet er drosjesjåførar og bestemødrer. Dei får høyre alle sine meiningar og kjem i snakk med all slags folk.
ZELENSKYJ: Sergej sit seg inn i sin eigen drosje, utenfor blokka han bur i. Dei første tre månadane han køyrde drosje leiga han bil. I bakgrunnen er ein reklameplakat for Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sitt parti Folkets tenar.
MOR OG DOTTER: På soverommet til Sofija ligg katten krøka saman oppå senga. Dei to er gode venner, og Lena hjelper dottera med leksene. Sofija er glad i å måle og drøymer om å flytte til Paris.
HJARTEROM: På kjøkkenet er det eit bord og fire stolar. Familien leiger leilegheita av ein velståande mann i kyrkjelyden. Før dei flytta hit budde dei i kjellaren i eit kontorbygg. Sergej er utdanna prest. Dei siste fem åra har Kiev vore heimstaden til familien på fire.
KULTUR: Sergej ynsker seg ein kulturell revolusjon i Ukraina. Han meiner det skortar på respekt og likeverd i samfunnet. Om kvelden avreagerer han med boksing, saman med menn og gutar i alle aldrar. Dei øver på å sparke høgt, og bokse presist. Brått ringer alarmen på ein mobiltelefon, no er det vidare til neste øving.
STABILITET: Få offentlege stønadar for flyktningar frå krigen i Aust-Ukraina gjer at mange snur seg til religion og trussamfunn for å få endane til å møtast.

Ukraina

– I dag har eg vore saman med familien min heile dagen. Me var på sjukehuset med dottera mi, Sofija. Ho ser ikkje skikkeleg, ho har problem med augo, fortel 43 år gamle Sergej Stepansjenko som plukkar oss opp i drosjen sin i sentrum av hovudstaden i Ukraina, Kiev.

Drosjen luktar nyvaska. Frontruta har eit par sprekker i glaset, men det hindrar ikkje Sergej i å køyre. Det er kostbart å reparera. Han losar oss gjennom byen med tilsynelatande kvilepuls i den hektiske rushtrafikken. Klokka viser etter arbeidstid, men Sergej er framleis på jobb.

– Det var ikkje slik det skulle bli for meg. Eg er utdanna prest og elska jobben min i kyrkja. Men livet er uføreseieleg, no har eg køyrt drosje i eit år allereie. Det var vanskeleg i starten, men no er eg blitt godt kjent med byen, seier Sergej.

Fakta

Ukraina og oligarkane:

• Ein oligark er som regel definert som ein forretningsmann som har direkte innflytelse på både politikken og økonomien i landet. På 1990-talet vaks gruppa fram som entreprenørar.

• Ukraina sin nye politiske urøynde president; Volodymyr Zelenskyj er kjend som skodespelar frå ein serie sendt på ein TV-kanal eigd av oligark-tungvektar Ihor Kolomoyskyj.

• Oligarken har vore skylda for å ha finansiert delar av Zelenskyj sin valkampanje.

• Majoriteten i Ukraina er kristen. Etter ei undersøking i 2018 sa 71 prosent at dei var religiøse. 67 prosent av befolkninga sa dei var ortodokse.

• Klassekampen byrja 20. juli ein serie med reportasje frå ein flyktningleir i Kharkiv i Ukraina. Krigen i Aust-Ukraina har fråteke 1,5 millionar ukrainarar heimane sine. Serien hald fram med reportasje frå innsida av Zelenskyj sitt hovudkvarter i Kiev, på trykk 23. juli.

For øyra til drosjesjåføren

Sergej hadde knapt vore i Kiev før krigen braut ut i heimbyen Donetsk. Regionen med same namn, i tillegg til naboregionen Luhansk, har vore okkupert av separatistar støtta av russiske styrkar, i krig med ukrainske styrkar sidan 2014.

– Det kom som eit sjokk. Eg føler ikkje at det var noko form for grasrotrørsle som mana fram spenninga som saka krigen, seier Sergej.

Han fortel at også familie og vennar i Donetsk vart like overraska som han sjølv.

Seks felt med veg leiar oss gjennom Kiev sentrum, medan Sergej svingar bilen inn på Peremohy-avenyen. Ein regnskur har nettopp skylt over million­byen. Medan drosjen susar forbi Den ukrainsk-ortodokse kyrkja frå Kiev-patriarkatet, Volodymyrkatedralen, glinsar gullstjernene på dei blå kuplane, dekt i ferskt sommarregn. Kyrkja ruvar høgt med Ukrainas ­fargar: gult og blått.

Kvar onsdag kveld boksar Sergej på eit lokalt boksestudio saman med det som har blitt vennar. Då han vaks opp i Donetsk var han glad i bryting og slåstkampar, men slutta med det då han utdanna seg til prest. I dag får me vere med han på boksetrening.

Tru, håp og kjærleik

I drosjen til Sergej har det vore menneske frå alle samfunnslag. Han fortel at han har plukka opp politikarar, ­forelska par, fulle menn, kvinner på forretningsreise og familiar på ferie.

– Køyreturen eg hugar best var med ei kvinne og ein mann eg plukka opp i Kiev. Dei var frå byen, og prisen på køyreturen var 90 hryvnja (omkring 30 norske kroner, journ.anm). Kvinna gav meg 150, og sa eg skulle behalde det, at det var med ynskje om ein god start, seier Sergej.

Sergej kom til Kiev som flyktning i 2014. For han er viktig å vise respekt og omtanke for alle menneske som set seg inn i drosjen hans. Han har ikkje opplevd mange leie situasjonar, trass risikoen som drosje­sjåfør.

– Folk seier det er farleg å køyre drosje om natta, at eg kan bli rana. Eg har ikkje opplevd det, men eg har opplevd eit par fulle menn som var aggressiv og ville krangla og slåst. Men det skjedde berre eit par gonger, seier han.

Med ein krig i aust er det langt mellom det rolege storbylivet i Kiev, til frontlinja og områda som har kravd 13.000 menneskeliv sidan byrjinga i 2014. Likevel er Kiev-buarar forståingsfulle, mange har slektningar eller venner i Donetsk.

– Ingen vil ha denne krigen. Folk føler med meg når eg seier eg er frå Donetsk, mange fortel meg at dei har slekt derfrå, og at dei er lei seg for korleis det er. Det er ikkje nokon som ynskjer krigen, seier Sergej.

Tidlegare har han og familien vurdert å reise ut av landet, men no anar dei ein liten optimisme etter at den populære presidenten Volodymyr Zelenskyj vart valt i april. Sergej ynskjer å bli verande i Ukraina og sjå kva framtida kan bringe. Han er optimistisk.

– Det er for mykje korrupsjon slik det er no. Ukraina som stat fungerer ikkje skikkeleg. Eg bur ikkje i eit fullverdig demokrati, men eg ser lyst på framtida. Eg er glad Zelenskyj vart valt, eg stemte på han.

Når røtene vert rivne opp

Saman med kona Lena, har Sergej to born. Familien på fire har fått eit nytt liv i Kiev.

– Eg selde alle bilane mine. Me selde alt me eigde, som me kunne klare oss utan. Heldigvis hadde me litt pengar spart opp å leve på, men dei tok etter kvart slutt. I Donetsk hadde me eit godt liv med alt me trengde. Me eigde ei leilegheit i sentrum som var nyleg pussa opp, seier Sergej.

I Donetsk hald Sergej treningskurs for misjonærar medan Lena var heime med dottera Sofija.

Då uroa i Donetsk vart for stor, valde Sergej og Lena å ta med seg sonen Stas på 18 år, og dottera Sofija på 14 år, til Kiev. Planane var å reise vekk eit par veker til ting roa seg. Kiev har vore heimen deira sidan dei drog i 2014.

Etter å ha brukt opp alle sparepengane og selt alt dei kunne unnvere, leia Sergej ein bil og byrja å jobbe som drosjesjåfør. No manglar dei dokument for å få bustøtte som flyktningar, dei ligg igjen i Donetsk.

Sergej reiste til forvaltningskontoret for arbeid og velferd i Kiev for å søke jobb. Der kunne dei ikkje hjelpe han, for dei hadde ikkje jobb å tilby.

– Eg trur ikkje Ukraina var klar for flyktningkrisa som krigen i aust saka. Mange med vanlege liv vart plutseleg fattige, seier Sergej.

Han køyrer oss heim til familien sin ein halvtime frå sentrum av Kiev. På spørsmål om korleis det var å flytte frå Donetsk og skape nye liv i Kiev, seier han at det kjennest som eit tre med djupe røter vart riven opp.

Eit land av oligarkar

I Ukraina fekk ei lita gruppe forretningsmenn raskt stor plass på den økonomiske scena i landet, etter sjølvstende frå Sovjet i 1991. Det same skjedde i nabolandet Russland, og i fleire av dei tidlegare Sovjetstatane. Denne gruppa menn vert kalla oligarkar, som opphavleg betyr «fåmannsvelde». Omgrepet stammar frå antikkens Hellas.

Rikdommen til dagens austeuropeiske oligarkar er enorm, i 2008 var den samla formuen til Ukraina sine 50 ­rikaste oligarkar tilsvarande 85 ­prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

Den samla økonomiske makta til oligarkane, i kombinasjon med utbreidd korrupsjon i alle ledd av samfunnet, svekker den ukrainske staten si makt. I Ukraina skrantar det på velferdsordningar, pensjonar er låge og mange lever i fattigdom utan sikringsnett. For mange er kyrkja eit stødig alternativ til staten, når staten ikkje har eit tett nok nett til å fange opp alle.

– Krigen i aust er ei oligark-krig. Det er inga grasrotrørsle som står bak, men oligarkar. Dei styrer heile landet og alle regionane, det er heilt ­openbert, seier Sergej.

Kona Lena nikkar. For dei er oligarkane si makt eit utvilsamt faktum og allmenn kunnskap blant ukrainarar.

Ekteparet ser på kvarandre i semje, og Sergej held fram og forklarar at oligarkane i Ukraina har kvar sine regionar, og at oligarkane i Dnipro og Kharkiv reiste til Moskva og forhandla for å halde russarane ute frå territoria som grensar til krigen i Aust-Ukraina. Dnipro og Kharkiv kunne bli neste steg inn i Ukraina frå Russland.

– Oligark Ihor Kolomojskyj held regionen Dnipro. Sidan Dnipro grensar til Donetsk, var det, og er det framleis, eit kritisk punkt som neste skanse for oss, seier Sergej som legg til at Kolomojskyj klara å halde Dnipro på den fredelege sida av konfliktsona.

Kiev for begynnarar

Hovudstaden i Ukraina kan vera overveldande stor med sine knapt tre millionar innbyggarar. Det er den sjuande mest folkerike byen i Europa.

Då familien kom til Kiev for fem år sidan, budde dei i sommarhuset sitt utanfor byen. Derfrå flytta dei til ein kjellar i eit kontorbygg.

Trafikken i Kiev kan by på problem, sjølv for ein driven sjåfør. Det er eit år sidan Sergej byrja som drosjesjåfør. Han leiga ein bil og jobba seksten timar i døgnet i gjennomsnitt. Det var både dagar og netter. Lena tok til på klesfabrikk som syar.

– Kvar arbeidsdag byrja eg med å be, seier han.

Han har gått i den protestantiske kyrkja store delar av livet.

– Eg kjente ikkje byen, det einaste eg kunne var å køyre bil. Eg var redd i starten, men eg måtte berre klare det, fortel Sergej.

Han måtte få så mykje som mogleg ut av bilen han betala leige for.

– Etter to månadar med sekstentimars dagar hadde me råd til å kjøpe eigen bil, då kunne me puste litt meir. Ting byrja å gå betre, seier Sergej som aldri hadde køyrt drosje før han og familien flytta til hovudstaden.

Ein gong stoppa politiet han. Dei hadde følgt med på køyringa og lura på kva som var gale.

– Eg fortalde politiet at eg ikkje kjende byen, og at eg var flyktning frå Donetsk. Politiet var forståingsfulle og snille. Eg hugsar eg var overraska over kor greie dei var med meg, seier Sergej.

Familien på fire er samla inne på kjøkkenet. Leilegheita som er blitt den nye heimen deira i Kiev, er lys, moderne og romsleg. Men det skrantar på møblar og dekorasjonar. Lena er brydd over at ho ikkje kan tilby alle sitteplass.

Frå rik til fattig

I Donetsk leidde Sergej ei misjonæropplæring, og trena misjonærar før dei reisa ut.

– Det er ei påkjenning å plutseleg bli gjort fattig. Før levde me godt, eg hadde ein jobb eg treivst veldig godt med og dei første åra etter me kom til Kiev sakna eg han ofte. Men no har eg akseptert situasjonen, seier Sergej.

Sofija og Stas snakkar litt engelsk. Lena er opptatt av å lære dei språket ho sjølv lærte av å lese bibelen på engelsk.

Religion er viktig for familien. Dottera går på kristen skule, eit medvitent val, fortel foreldra. Sonen har gått på kristen skule og fekk nyleg beskjed om at han kom inn på det amerikansk-ukrainske universitetet i Kiev. Han skal studera internasjonale økonomiske forbindelsar og seier han drøymer om å jobbe i diplomatiet eller som forretningsmann.

Medan Stas drøymer om internasjonal karriere, håpar Sofija å ein dag få ein hund og å flytte til Paris.

Men det tok ei stund før kvardags­livet og framtidshåp var eit tema for borna.

– Etter den brå reisa frå Donetsk, frå all familie og venner, hadde borna mine traume. Det gjekk to år før eg såg dei smile igjen. Det var vondt for meg, det følast som eg ikkje kunne gjere dei sikre. Det tok lang tid før dei kjende seg trygge igjen, seier Lena.

Lena sin far er prest i Donetsk. Saman med mora bestemte dei seg for å bli igjen då Lena og Sergej tok med seg borna og reiste.

– Me trudde berre me måtte vere vekke nokre veker, til ting roa seg. Me ana ikkje at me reiste frå Donetsk for godt. Sergej tenkte på det som ein ferie, men eg hadde mine tvil og pakka med vinterkle i tilfelle. Då me kom til Kiev, såg me nyhenda om at dei bomba Donetsk, fortel Lena.

Liva til familien i Kiev har stabilisert seg. Leilegheita er spartansk møblert, men alle har kvar sine soverom, sjølv om foreldras rom ikkje er fylt med anna enn ei seng. Dottera Sofija har staffeli, målarutstyr og ein pult med teiknebøker og fargeblyantar. ­Soveromsgolvet er dekt med teppe mora har sydd.

– Borna er alt for oss. Både eg og Sergej jobbar hardt for å gje dei ei ­solid privat utdanning og eit godt ­utgangspunkt, seier Lena.

Lena er eldst av åtte søsken, og er vand med å ta seg av menneska rundt seg.

Russiske røter og familie

Lena har søsken som har busett seg i USA, ein bror i Moskva og nokre andre plassar rundt omkring i Ukraina.

– Før var ukrainarar og russarar som søsken. Min far er fødd i Russland, han utdanna seg til lærar og flytta til Ukraina kor det var enklare å få arbeid. Han møtte mor mi i Donetsk, dei gifta seg og fekk familie der, fortel Lena som har russisk som morsmål.

I dag er familien til Lena spreidd, og saman med Sergej og borna har dei reist og besøkt familie i Russland ved fleire høve, utan problem. Men no er grensene stengde i mykje større grad, og Lena fortel at det er svært vanskeleg for broren, som har blitt russisk statsborgar, å reise inn i Ukraina.

– Det gjer meg trist å tenke på at bror min ikkje kan besøke oss i heimlandet sitt. Han er russisk statsborgar, og ein kan så å seie ikkje komme inn i Ukraina dersom ein er russisk og under 65 år gammal, seier Lena.

Ukrainske styresmakter meiner ­risikoen er for stor for at russarar som prøver å ta seg inn i Ukraina, er russiske soldatar.

Lena fortel at ho kunne ha invitert broren og familien, men måtte ha søkt om løyve og tatt fatt på ein tung og komplisert prosess som ofte ikkje førar fram.

– Eg trur det er politisk usemje som gjer at me må lide. Eg elskar det russiske folk, og eg elskar det ukrainske folk. Kulturane våre har mykje til felles. Språka våre liknar òg, og likevel må me vere her i Kiev på grunn av krig mellom oss. Eg er veldig lei meg for at det er slik, og eg klarar ikkje forstå kvifor det må halde fram, seier Lena.

Morsmålet til familien er russisk, men dei snakkar også ukrainsk.

Ei litt sjenert Sofija viser meg staffeliet sitt og lerretet ho målar på.

– Det er Paris, seier ho og peikar på det halvferdige Eiffeltårnet.

– Alle skulebøkene til Sofija er på ukrainsk, seier Lena og stryk dottera over håret.

I Donetsk arbeidde ikkje Lena, men brukte mykje tid saman med dottera. Lena går ut av soverommet til Sofija og hentar to identiske rosa strikkekåper.

– Sjå! Vi er like, eg har laga desse til meg og Sofija, seier Lena nøgd.

Predikantentreprenør

Sjølv om familien har fått nye liv i Kiev med nye jobbar, vennar og andre skular, har dei framleis tett band til den anglikanske kyrkja i Kiev. I ­Donetsk brukte familien mykje tid i den protestantiske kyrkjelyden «Ved gud sin nåde».

Ved eit høve beklagar Lena seg og seier det ikkje er meininga å snakke så mykje om ­religion, men at trua henna er frykteleg viktig for henne.

– Me har fått mykje hjelp av kyrkjelyden. Lena vaks opp med ein far som er prest, og eg er utdanna prest, seier Sergej og fortel at det er annleis å jobbe som drosjesjåfør. Yrket vert sett ned på i Ukraina. Han meiner det er noko ein vel dersom ein ikkje har andre alternativ.

Arbeidet han gjorde i Donetsk var lønt av diverse organisasjonar og den protestantiske kyrkja «Ved gud sin nåde», ifølge Sergej.

Leilegheita me er inviterte inn i, er den nye heimen til familien på fire. Dei får leige ho billeg.

– Me budde jo i ein kjellar til eit kontorbygg, og det var ikkje optimalt. Men det er dyrt å leige i Kiev. Eg kom i kontakt med ein rik mann som bygga ei kyrkje og mange leilegheitsbygg på eit område i utkanten av Kiev. Me hadde felles kjente som introduserte oss, seier Sergej.

Etter at Sergej og millionæren møttest og utveksla kontaktinformasjon, vart Sergej ringd opp.

– Den rike mannen ringde meg ein dag og sa han gjerne ville hjelpe oss. No leiger me denne leilegheita billig av han, seier Sergej og slår ut med armane.

Eg spør om kyrkja me ser frå kjøkkenvindauget er bygd av same mannen. Det svarar Lena at ho er.

Ikkje alle dei 1,5 millionane internt fordrive flyktningane frå krigen i aust, har funne ein heim som denne.

– Eg føler meg veldig heldig. Ikkje alle frå Donetsk lever slik me gjer. Eg tenker ofte på foreldra mine som ikkje vil reise.

Lena sin far seier han har levd lenge nok på denne jorda, fått åtte born og er nøgd med livet. Sjølv om han risikerer å bli drepen i Donetsk, er han gammal og livet snart over.

Lena snakkar med foreldra sine via Skype. Ho har lyst til å besøke dei, men det er for farleg å krysse grensa mellom Ukraina og Donetsk. Ho ville risikert å bli arrestert eller skoten. Foreldra henna rår familien til å bli i Kiev.

Avreagerer på boksestudio

Etter at sjokoladekaka med kirsebærfyll og den gule ukrainske teen har sokke, er det av garde på trening.

Me køyrer i ti minutt langs ein fredeleg elvekanal, der eit eldre par står ute på ein liten åkerlapp og lukar ugras. Det er stille og lite trafikk, regnbyene ser ut til å ha gitt seg.

– For å drive med boksing må ein vera modig og tøff, seier Sergej forklarande medan me forlèt bilen og går mot inngangen til boksestudioet.

– Sonen min likar ikkje å bokse. Han er med for å trene innimellom, men då brukar han apparata. Han liknar på mor si, dei likar ikkje å slåst eller slå, seier Sergej.

Han har drive med boksing i tre år og er opptatt av fysisk helse og rørsle. Han er takksam for at han slepp unna ryggplager.

– Sport er ein viktig måte for meg å vere aktiv på. Eg sit mykje i ro i bilen. Då eg var 15–16 år slost eg mykje i gata før eg reiste i hæren. Eg er ikkje aggressiv elles i livet, men eg elskar å bokse. Det er den perfekte hobby for meg, seier Sergej.

Då han byrja på preste­utdanninga, låg han frå seg slåstinga. Han fortel stolt om treninga i Kiev, og det er tydeleg at det er ein viktig del av veka hans.

Sergej hentar ut sekken med treningsklede frå bagasjerommet, låsar bilen og slepper bilnøklane ned i bukselomma.

Me er eit lite stykke unna nabolaget hans, men framleis i ein roleg, finare utkant av Kiev. Her er store hus og høge gjerde.

Kulturell revolusjon

Sergej held ope døra for oss og inviterer inn i boksestudioet. Det lukar med eitt ei blanding av sveitte, garderobelukt og lær. Dei gule lampane som heng frå taket minner meir om gamle kjøkkenlampar enn lys for flaumlysa trenings­studio.

– Dette er vennane mine, seier Sergej og introduserer oss til trenaren.

Oleksandr Popov er tidlegare verdsmeister i boksing. Popov fortel at han leiger boksestudioet av eigaren, som bygde det til sonen sin.

– Sergej kom innom ein dag og hadde lyst til å byrje å bokse med oss. Gruppa som er her i dag, består av gutar i alle aldrar som trenar tre gonger i veka.

Sergej sin trenar, Popov, er verdsmeister i boksing og trenar for ulike boksarar. Han fortel oss at døra er open for alle som vil vera med, og kan betale 1000 hryvnja per trening.

– Men både born og foreldrelause får delta gratis, seier Popov, som vaks opp med foreldre som var skitrenarar.

Alle som har møtt opp denne onsdagskvelden på trening, handhelsar høfleg på oss og introduserer seg.

Her er studentar, bedrifts­eigarar, entreprenørar, skuleelevar og tidlegare verdsmeistrar i boksing.

– På boksestudioet er me likemenn. Alle respekterer kvarandre uavhengig av alder og erfaring. Eg kunne ynske det var slik i resten av landet, seier Sergej.

Han stemte sjølv på Volodymyr Zelenskyj då han stilla som presidentkandidat i vår.

– Det var mange som gjorde narr av han, og det føler eg er typisk ukrainsk. Korleis skal politikarar jobbe saman når dei gjer narr av kvarandre, spør Sergej retorisk medan han gjer seg klar for oppvarming.

– Det er det same i trafikken, det såg eg då eg byrja å jobbe som taxisjåfør, seier Sergej.

Han meiner mange ulykker skjer fordi folk ikkje respekterer kvarandre eller lét den andre sleppe til.

– Me treng ein kulturell revolusjon på så mange måtar. Også med krigen, me er eigentleg likemenn. Me er like fattig og like rik i Russland og i Ukraina. Berre midt i Moskva, og midt i Kiev er dei rike. Det er mykje propaganda som vert spreidd. Me må slutte å tru usanningar om kvarandre, og gå tilbake til å vere søsken slik det var før krigen, seier han.

pernilleg@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 28. juli 2019 kl. 14.35
Onsdag 16. oktober 2019
KRISE: Tyrkias offensiv i Nord-Syria har gjort det vanskeligere for USA å trekke ut soldatene sine. Samtidig rykker den syriske regjeringshæren inn i nye byer.
Tirsdag 15. oktober 2019
RESOLUTT: Tyrkia vil bekjempe YPG-militsen i Syria, selv om hele verden vender seg mot dem. Det sier Tyrkias ambassadør til Norge, Fazli Çorman.
Mandag 14. oktober 2019
SAMTALER: Etter nesten to uker med protester gikk urfolksbevegelsen Conaie lørdag med på å møte president Moreno. Like etter ble det innført portforbud i hovedstaden Quito.
Lørdag 12. oktober 2019
SOLIDARITET: Tyrkiske styrker rykker lenger inn i Syria. Natos generalsekretær Jens Stoltenberg sier han forventer at medlemslandene i alliansen fortsetter å støtte Tyrkia militært.
Fredag 11. oktober 2019
FLYKTER: Tobarnsmora Haifa Mohamed (34) er på flukt fra bombene. Hun er livredd for ungene sine, men sverger på at Tyrkia ikke skal ta fra henne hjem­landet.
Torsdag 10. oktober 2019
I GANG: I går varslet Tyrkia at invasjonen av Nord-Syria er iverksatt. Kurderne ba sivile komme til grensa for å forsvare området. – Norge må bruke maksimalt press mot Tyrkia, sier SVs Audun Lysbakken.
Onsdag 9. oktober 2019
ANSPENT: Donald Trump får motstand fra Pentagon etter å ha gitt grønt lys for en tyrkisk offensiv mot kurderne. – Vi forbereder oss på krig. Folk her frykter for sine liv, sier talsperson for kurderstyrker i Syria.
Tirsdag 8. oktober 2019
FRITT FRAM: Tyrkia får fritt leide av USA til å invadere Nord-Syria. – Vi sviktes igjen, sier utenrikspolitisk talsmann for de kurdiske selvstyremyndighetene.
Mandag 7. oktober 2019
NOK: I går demonstrerte irakere for sjette dagen på rad. De krever slutt på den sekteriske maktfordelingen som fulgte den amerikanske invasjonen i 2003, sier irakisk forsker.
Lørdag 5. oktober 2019
VALG: Avtalen om valg i Øst-Ukraina kan gi god tur til Paris i oktober.