Mandag 1. juli 2019
LANDETS YNGSTE: Even Aleksander Hagen (Ap) vart tidenes yngste fylkesordførar då han som tjuesjuåring tok over ordførarkjedet i Oppland i 2015. Laurdag opna han Johan Nygårdsgate på Otta.
På Otta er folk vane med flaum. I haust kan det bli politisk jordskjelv.
Står ustøtt på Otta
SP: Kjetil Eide, ordførarkandiat Eldri Siem og Rolf Grindstuen.
PÅ SOMMARFEST: Ordførar i Sel, Dag Erik Pryhn (Ap).
SP I VEKST: Sel kommune har hatt ordførarar frå Arbeidarpartiet sidan krigen. Eldri Siem frå Senterpartiet kan bryte rekka.

Lokalvalg

Sola skin på to ordførarar frå Arbeidarpartiet. Fylkesordførar Even Aleksander Hagen og ordførar Dag Erik Pryhn gjer seg klare for å opne Johan Nygårdsgate, den nyrenoverte paradegata i Otta sentrum.

Ordførarverv i Oppland er ei paradegrein for Ap. Hagen (31), som sjølv er frå Otta, vart tidenes yngste fylkesordførar då han tok over ­vervet i Oppland for fire år sidan. Pryhn (61) har vore ordførar i Sel kommune i 16 år.

Det myldrar av folk i Johan Nygårdsgate, kalla opp etter Sel sin aller første ordførar. Seinare denne laurdagen blir det både kake, Elvis-band og konsert med Sie Gubba.

Men først skal snora klippast. Det er fylkesordføraren som får æra.

– Vi har fått til mykje i lag her. Gatestruktur, leilegheiter og urbane kvalitetar, seier han frå scena.

Så klipper han den raude silkesnora og smiler til publikum. Korpset spelar fanfare.

Fakta

Ap og Sp:

• På ei måling frå Sentio for Gudbrandsdølen Dagningen 1. mai i år, får Sp ein oppslutnad på 40,9 prosent. Ap fell til 35,4, frå 54,7 prosent i valet i 2015.

• Dermed kan Sps Eldri Siem overta ordførarvervet i Sel.

• Sp fossar fram på heile Innlandet: I ei fylkestingsmåling utført av Sentio for GD/OA fell Ap frå 47,0 i 2015 til 33,7 prosent i juni i år. Sp styrkar seg frå 24,1 til 29,8 prosent.

Kjelde: Poll of Polls

Politisk jordskjelv

I desse traktene skjer det lite utan at Ap har ein finger med i spelet. I dei fleste val sidan krigen har sosialdemokratane i Sel fått over femti prosent av stemmene. Men på sjølvaste 1. mai i år publiserte Gudbrandsdølen Dagningen (GD) ei meiningsmåling omtalt som eit «politisk jordskjelv i Sel»: Ap vart målt til 35,4 prosent. Senterpartiet fekk 40,9 prosent.

«Aps lekkasje til Sp er målingens mest tydelege signal», kommenterte politisk redaktør i avisa Hallvard Grotli.

Og det er ikkje berre i Sel: På heile Innlandet fossar Sp fram, og er snart jamnstore med Ap i eitt av Ap sine kjerneområde.

Kva er det som skjer?

Nasjonale vindar

– Nasjonale vindar, svarer fylkesordførar Even Hagen.

– Senterpartiet har nok vore mykje tydelegare i ­opposisjon til ­regjeringa.

Sentralisering utfordrar ­lokalsamfunn som Otta, peikar han på han.

– Så det må kanskje Ar­beidarpartiet ta litt på si ­kappe, at vi ikkje har vore ­tydelege nok i opposisjon, legg han til.

Sel-ordførar Dag Eirik Pryhn peikar likevel på nokre lokale tilhøve. Han fortel at kommunen har lagt ned tre grendeskular dei siste 30 åra. Det har vore krevjande prosessar, men ingen med same reaksjonar som no.

– Det ser eg i lys av det som er det generelle biletet i ­Gudbrandsdalen og nasjonalt: At det i Distrikts-Noreg er ein opposisjon mot ­strukturendringar.

Pryhn seier han sjølv er sterk motstandar av fleire av dei nasjonale reformene, men at Ap i Sel meiner det må ­gjerast grep for at kommunen skal spare pengar.

– Og Sp er eksponenten for å seie at dei løysingane som blir valde, er feil.

Folketalet går ned

Leiar i Sel og Heidal Sp Rolf Grindstuen peikar på lokale saker for å forklare Sp sin vekst. Partiet har ikkje fått alt gratis frå partileiar Trygve Slagsvold Vedum, slår han fast. Han serverer kake og kaffi og fortel at det har vore gjort «mange omdiskuterte tiltak som bygdefolk har ­mobilisert imot», som Ap sitt ønskje om å samle alle barnehagane på Otta til ein stor.

Grindstuen tek imot Klassekampen saman med partifelle Eldri Siem. Ho er landsbrukssjef i Nord-Fron og ordførarkandidat i Sel. Med seg har dei også og Kjetil Eide, ambulansearbeidar og nytt medlem i Sp.

Eide var ein gong aktiv i AUF. Han vart ikkje overraska over rekordmålinga til Sp i Sel.

– Eg har høyrt gjennom månader og kanskje år at stemninga har skifta. Det trur eg handlar om at Sp har vore flinke til å lytte til folk, seier han.

– Eg trur Sp er i ferd med å bli eit folkeparti for vanlege folk, spesielt i distrikta. Det treng vi, seier Siem.

Dei tre peikar på at også kommunen har endra seg i seinare år. Sel er framleis ei industrikommune, men mykje er gått tapt. Bedrifter har måtte avslutta. Nortura på Otta er truga av nedlegging. Folketalet går ned.

– Vi er under press, seier Eide.

Grindstuen skyt inn:

– Det som er motiverande, er å sjå alle som kjem til oss. Slike som Kjetil som ser at «okei, distrikta er under press, det er nedgangstider. Men desto viktigare å utvikle Otta som regionsenter».

– «Ap er ikkje eit slagords­parti», sa Støre for eit par ­veker sidan. Kva tenkjer de om det? Er Sp eit populistisk parti?

– Eg jobbar i ambulanse­tenesta. Du treng ikkje vere populist for å forstå at folk er opptekne av ambulanse, politi, brannvesen og beredskap. Det handlar om å ta folk på ­alvor. At ikkje Ap forstår det, er deira problem.

– Dess større Sp blir, dess større trugsel blir vi. Då vil det kome skuldingar om populisme. Det lyt vi greie å stå i, seier Siem som til hausten kan bli ordførar i Sel.

– Er det nokon som vil ha litt meir kaffi?

politikk@klassekampen.no

Onsdag 13. november 2019
KJØRER PÅ: Frp har abdisert som bilistenes parti, mener Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum. Han tar gjerne over tittelen.
Tirsdag 12. november 2019
MOT SKATT: En omfattende lobbykampanje i regi av sjømatnæringen ble sjøsatt for å hindre at norske oppdrettsselskaper skal bli ilagt grunnrenteskatt.
Mandag 11. november 2019
REDSKAP: Flere rødgrønne partier vil ta større kontroll over Oljefondet for å nå klimamål. SV åpner for å klimainvestere deler av fondet i Norge.
Lørdag 9. november 2019
SNAKKER: Flere LO-topper steilet da sentrale Ap-profiler åpnet for å ta med MDG i regjering. Nå har MDG gått i dialog med fagbevegelsen med mål om tettere samarbeid.
Fredag 8. november 2019
PRESSET: Trygderetten drukner i saker og har doblet saksbehandlingstida de siste årene. Nå må de forberede seg på en formidabel jobb om feilaktige Nav-saker skal behandles på nytt.
Torsdag 7. november 2019
URO: Det siste året har to av tre nye jobber kommet i bare to fylker – Oslo og Akershus. Aps Hadia Tajik mener regjeringens arbeidsmarkedspolitikk er «distriktsfiendtlig».
Onsdag 6. november 2019
GULL: Lakseoppdrett er god butikk. Samla formue til dei største eigarane i 18 av dei største selskapa runda ni milliardar kroner i 2018.
Tirsdag 5. november 2019
SLAKTA: Havbruksnæringa hentar ut ein ekstraprofitt på 20 milliardar kroner i året. LO meiner det trengst for å halde på og ut­vikle arbeidsplassar i Noreg.
Mandag 4. november 2019
LEIES INN: Barnehager i landets største kommuner leier vikarer fra bemanningsbyrå for titalls millioner hvert år. Fylkeslag i Utdanningsforbundet foreslår tiltak mot byråene.
Lørdag 2. november 2019
BLÅ HODEPINE: Et år etter at KrF ­bestemte seg for å gå inn i den borgerlige regjeringen, mister partiet medlemmer og blir forlatt av velgere.