Onsdag 26. juni 2019
TILLITSKRISE: Tillitsvalde ved Oslo universitetssjukehus (OUS) er kritisk til styreleiar Gunnar Boim (til venstre), som måndag uttrykte tillit til administrerande direktør Bjørn Erikstein (bak). Erikstein går likevel av. FOTO: TERJE PEDERSEN, NTB SCANPIX
• Omstridd sjukehusdirektør går rett inn i ny jobb • Tillitskrisa kan eskalera
Tilliten til styreleiar svinn
Undersak

Kritisk

Leiar for Helsepartiet Lene Haug er sentral i ­aksjonen «Redd Ullevål Sykehus». Ho kjenner saka godt. Haug er kritisk til vedtaket styret gjorde måndag.

– Eg stiller meg undrande til at styret kan seia at dei har tillit. Men det er vel ein del ting som har skjedd på bakrommet, som eg ikkje har oversikt over.

Representantane til dei tilsette i styret la fram eit alternativt forslag til vedtak. Det sa kort og godt:

«Styret kan ikke akseptere en sykehusledelse som ikke har bred tillit hos de ansattes organisasjoner».

Forslaget fekk berre stemmene til dei tre representantane for dei tilsette.

– Å stemma ned det forslaget var veldig rart. Det tydar på eit styre som ikkje støttar dei tilsette, seier Haug.

NY ROLLE: Avgått direktør for Oslo universitetssykehus Bjørn Erikstein får jobb som spesialrådgivar ved sjukehuset. Tillitsvalde trugar med mistillit mot styreleiar Gunnar Bovim.

SJUKEHUSSTRID

På eit ekstraordinært styremøte ved Oslo universitetssykehus måndag gjekk administrerande direktør Bjørn Erikstein av etter eige ønske.

I eit brev til styret i førre veke varsla føretakstillitsvalde ved sjukehuset at dei ikkje lenger har tillit til Erikstein.

Klassekampen har fått innsyn i fråtredingsavtalen mellom Oslo universitetssjukehus og administrerande direktør. Her kjem det fram at Erikstein held fram i ei ny rolle ved sjukehuset.

«Partene er enige om at Bjørn Erikstein fratrer som administrerende direktør fra og med 1. juli 2019 og at han i henhold til sin arbeidsavtale fra samme tidspunkt trer inn i stilling som spesialrådgiver i Oslo sykehusservice, Oslo universitetssykehus HF», står det i avtalen, som er signert av Erikstein og styreleiar Gunnar Bovim.

Fakta

Nye sjukehus i Oslo:

• Helse Sør-Øst (HSØ) og Oslo universitetssykehus (OUS) planlegg landets største sjukehusprosjekt med nye bygg på Gaustad og Aker og nedlegging av Ullevål sjukehus.

• Vedtaket om å legga ned Ullevål har møtt massiv motstand frå tillitsvalde.

• Etter at vedtaket om nedlegging blei gjort, varsla føretakstillitsvalde at dei ikkje lenger har tillit til administrerande direktør Bjørn Erikstein.

• Styret vedtok at dei har tillit til Erikstein. Han valde sjølv å gå.

Tilliten til styreleiar svekka

At Erikstein vil halda fram i ei ny rolle ved sjukehuset, er føretakstillitsvald for Fagforbundet Bjørn Wølstad-Knudsen kritisk til. Han reagerer også på vedtaket styret gjorde måndag, om at dei har tillit til administrerande direktør.

– Det er vanskeleg å ha tillit til ein styreleiar som gir administrerande full tillit. Eg reagerer på styrevedtaka som dei eigaroppnemnde gjorde måndag, seier Wølstad-Knudsen.

Han har tidlegare sete i sjukehusstyret som representant for dei tilsette.

Wølstad-Knudsen gir uttrykk for at tillitskrisa på ingen måte er over.

– Dette kan fort enda med at me manglar tillit til styreleiar ved sjukehuset.

Føretakstillitsvald for Norsk Psykologforening Birgit Aanderaa er einig.

– Det er prosjektet nytt sjukehus me ikkje har tillit til. Dette er ikkje retta på ved at Erikstein går av som direktør. Vår mistillit løftar seg opp til styreleiar, og dei eigaroppnemnde styremedlemmane, seier ho.

Wølstad-Knudsen forstår at også direktørar har eit stillingsvern, men er likevel forbausa over at Erikstein vel å nytta seg av høvet til å tre inn i ei stilling som rådgivar.

– Det er rart om han skulle velja å bli sjuande far i huset.

– Så ditt klare råd er at han ikkje blir?

– Ja, absolutt. Mitt klare råd er at han ikkje skal ta rolle som sjuande far i huset, men nytta seg av ein eventuell sluttpakke.

Til disposisjon

Oslo sykehusservice er ein klinikk ved Oslo universitetssykehus, der ulike stab- og støttefunksjonar ligg.

Her er mellom anna ­reinhaldsavdelinga, kjøkkenavdelinga, arbeidsmiljø­avdelinga og prosjekt og ­investering lagt.

Her ligg også ansvaret for eigedomsmassen til Oslo universitetssjukehus.

Helse Sør-Øst avgjorde nyleg å legga ned Ullevål sjukehus og erstatta det med eit stort regionsjukehus på Gaustad og lokalsjukehus på Aker.

Prosessen med nye sjukehusbygg er bakgrunnen for at tillitsvalde ikkje lenger hadde tillit til sjefen.

Klassekampen har forsøkt å få klarleik i rolla Erikstein får som spesialrådgivar.

Styreleiar Gunnar Bovim kan ikkje gå i detaljar, men seier han ikkje skal jobba med planane om nye sjukehusbygg.

– Han skal stå til disposisjon for klinikksjefen der. Han skal ikkje ha noko politisk rolle og blir ingen synleg figur, seier Bovim.

– Så han skal ikkje ha noko å gjera med planane om det nye sjukehuset?

– Han skal ha inga politisk rolle. Eg kjenner ikkje heilt detaljane. Han skal ikkje vera inne i diskusjonane om plassering, seier Bovim.

– Kva tenker du om at det blir uttrykt svekka tillit til deg?

– Det er beklageleg. Eg vil gjera mitt for å bidra til å bygga tillit.

Bovim seier styret er uroa over at det ikkje er tillit mellom tilsette og leiing.

– Me er opptatt av å bygga tillit stein på stein, seier han.

– Blei det diskutert andre løysingar enn at Bjørn Erikstein skulle over i rådgivarstilling?

– Me må forholda oss til tilsetjingsavtalen hans. Om det ville blitt ei anna løysing viss tilsetjingsavtalen var ein anna, kan eg ikkje seia.

Direktør for Oslo sykehusservice Geir Teigstad stadfestar at den avgåtte direktøren ikkje skal jobba med prosjektet om nye sjukehus.

– Det er heilt uaktuelt, seier han.

annekarih@klassekampen.no

Lørdag 29. februar 2020
RETT: Fire måneder etter at regjeringen slo alarm om justismord mot trygdede, sår EU tvil om hvorvidt Nav egentlig gjorde noe galt. Det tar Torbjørn Røe Isaksen med ro.
Fredag 28. februar 2020
STRID: Det ble stille da Trine Skei Grande tok Abid Raja og Sveinung Rotevatn inn som statsråder. Men på bakrommet kjemper fremdeles støttespillerne for å felle lederen.
Torsdag 27. februar 2020
UTÅLMODIGE: De jobber i utfordrende og fysisk slitsomme yrker. For lav lønn. I år forventer de at fag­bevegelsen tar dem på alvor.
Onsdag 26. februar 2020
IMOT: En lov som hver enkelt står fritt til å tolke, er ikke mye til lov, sier Kjersti Toppe. Hun går mot forslaget om å la kvinner i samråd med lege vurdere abort etter uke tolv.
Tirsdag 25. februar 2020
GÅR FRI: Høyre kan ikke se at regjering­en har gjort noe galt i håndteringen av Nav-skandalen. Frp stiller seg bak konklusjonen når saken i dag avsluttes i Stortingets kontrollkomité.
Mandag 24. februar 2020
BABY-NEKT: Motvillige menn har skylda for at fødselstallene stuper i Norge, ifølge en ny rapport. Folk uten barn overdriver ulempene med å få barn, tror forsker.
Lørdag 22. februar 2020
NORGE RINGER: De tror at et annet system er mulig. I USA. Disse unge nordmennene forteller amerikanere hvorfor de bør ha en sosialist som president.
Fredag 21. februar 2020
OPPMYKNING: Høyesterettsdommer Karin Bruzelius vil fjerne abortnemndene. Hun foreslår at kvinnen skal ta beslutningen sammen med fastlegen.
Torsdag 20. februar 2020
BREDDE: Mette Nord mener hun har oppskriften som vil løfte k­vinnelønna i lønnsoppgjøret.
Onsdag 19. februar 2020
ZERO AVGIFT: Widerøe trenger et solid avgiftskutt for å redde distriktsflyene. Nå får selskapet uventet støtte fra miljøorganisasjonen Zero.