Fredag 14. juni 2019
UROA: Direktøren for vass- og avløpsetaten i Oslo Anna Maria Aursund er uroa for at hovudstaden manglar reservevasskjelde. Innan 2028 må ei reserveløysing vera på plass.
• Vassforsyninga i Oslo er sårbar • Ved krise kan 600.000 innbyggarar bli evakuert
Forseinkar ny vasskjelde
Undersak

Trædal trur på løysing

Både opposisjonen og byrådspartia i Oslo ønsker ei ny utgreiing av plasseringa av driftsbygget.

Eivind Trædal, som sit i byutviklingskomiteen for Miljøpartiet De Grønne, ønsker ikkje blankt å avvisa forslaget frå Vass- og avløpsetaten, men vil ha ei ny vurdering av fleire alternativ.

Han understrekar samstundes at det som er viktig er at det endeleg er tatt grep for å sikra Oslo ei reservevasskjelde.

– Dette er ei sak som er veldig viktig for vasstryggleiken. Det er bra byrådet etter 50 år får fortgang, men plassen der driftsbygget er føreslått ligg i eit grønområde som har stor verdi for dei som bur der. Derfor vil me sjå om det kan løysast på ein annan måte, seier han.

– Det er ein nyanseforskjell på vårt og opposisjonens forslag. Opposisjonen vil blankt begge alternativa for driftsbygget. Det gjer ikkje me. Men eg trur me finn ei løysing som både sikrar lokalmiljøet og vassforsyninga.

Han er einig i at vassforsyninga i Oslo er sårbar.

SÅRBART: Ei reservevasskjelde for hovudstaden har blitt utgreidd sidan 1965. No vil Oslo-politikarane utgreia meir. Vass­direktøren åtvarar.

VATN

Vasskrisa på Askøy kan ha kosta endå eit liv. Onsdag døydde ein vaksen pasient som har fått påvist tarmbakterien som er påvist i drikkevatnet på Askøy.

I hovudstaden følger direktøren for Vass- og avløpsetaten situasjonen på Askøy.

– Me følger saka med det største alvor. Dette er ei hending som har fått store konsekvensar, seier Anna Maria Aursund.

Nær alle innbyggarane i Oslo får vatn frå den same kjelda. Det bekymrar Aursund.

– Sårbarheita i vassforsyninga i Oslo er uakseptabel høg.

Fakta

Vasskrisa på Askøy:

• 2000 er blitt sjuke av forureina drikkevatn på Askøy. Over 60 er lagt inn på sjukehus.

• Onsdag døydde ei kvinne frå Askøy som var innlagt med mage- og tarmsymptom. Endeleg dødsårsak er ikkje slått fast, men kvinna har fått påvist campolybacter-bakteriar, den same bakterien som er påvist i drikkevatnet.

• Førre veke døydde ein eitt år gammal gut frå Askøy av tarminfeksjon. Det er framleis ikkje klart om dødsårsaka er knytt til drikkevatnet.

Fristen kan ryka

Då Aursund begynte i jobben som vassdirektør i 2016, var ho ikkje klar over kor dårleg det stod til med vassforsyninga i Oslo. 90 prosent av innbyggarane får vatn frå Maridalsvannet og Oset vassbehandlingsanlegg.

På midten av 1960-talet starta arbeidet med å greia ut ei reservevasskjelde, men åra har gått utan resultat. I 2017 gav Mattilsynet Oslo frist til 2028 med å få på plass eit alternativ. I fjor bestemte Oslo seg for at Holsfjorden i Buskerud skal bli redninga.

Men no kan tidsplanen for å nå fristen i 2028 ryka. Politikarane i byutviklingskomiteen i Oslo ber om ny utgreiing av plasseringa av eit driftsbygg knytt til vassanlegget.

Tidsplan kan ryka

– Kva blir konsekvensen av meir utgreiing?

– Då kan me ikkje halda oppe framdriftsplanen som er lagt, og det vil få økonomiske konsekvensar, seier Aursund.

Det er to viktige hinder som må passerast for at framdriftsplanen som er lagt, skal halda: Eit investeringsvedtak og vedtak for reguleringsplanen.

– For at me skal følga framdriftsplanen, så må det fasttast vedtak seinast fjerde kvartal 2019, seier Aursund.

– Kva tenker du om at bystyret kan vedta meir utgreiing?

– Eg tenker at det er viktig at me held oppe framdrifta. Dette er det eine store tiltaket som vil redusera sårbarheita i vassforsyninga varig. Det er veldig viktig at me halda oppe framdrifta, seier direktøren.

– Det var vore utgreiingar sidan 1960-talet, og no kan det bli meir utgreiing. Kva tenker du om det?

– Eg håpar me har politikarar som er i stand til å fatta gode avgjerder og gjer det slik at me held oppe framdrifta. Og eg oppfattar at Oslo kommune har ansvarlege politikarar.

Den førebelse prislappen er på 10,3 milliardar kroner for ny reservevassløysing, ifølge Aursund. I tillegg skal det investerast i ei ny hovudvassåre gjennom byen og to andre prosjekt.

– Totalt snakkar me om mellom 12 og 15 milliardar.

Aursund understrekar at hovudstaden har eit trygt og godt drikkevatn, og at rutinar, vedlikehald og drift er gode. Det blir ofte tatt prøvar både av vatnet i Maridalsvannet, i vassbehandlingsanlegget, frå høgdebassenga og på leidningsnettet.

– Me har døgnkontinuerleg vakthald, og skjer det noko, så er me på hogget, seier ho.

Konsekvensane dersom drikkevatnet frå Maridalsvannet og Oset vassbehandlingsanlegg blir forureina, er stor:

– 90 prosent av byens innbyggarar ville mista tilgang på reint drikkevatn på tre til fire timar. Så sårbart er systemet i Oslo, seier Aursund.

I dag betyr det kring 600.000, men Oslo veks raskt.

– I ytste konsekvens, viss me ikkje kan levera vatn, har beredskapsetaten snakka om behov for evakuering av alle innbyggarane i Oslo.

På ti år er det gjort eitt funn av bakteriar i vatnet. Det blei gjort i fjor og medførte eit lokalt kokevarsel for 2200 innbyggarar i Nordstrand. I tillegg er det sendt fleire føre var-kokevarsel.

Fagleg vurdering

Vedtar bystyret i Oslo at eit alternativ skal utgreiast, vil utgreiinga vera ferdig i september, ifølge Aursund.

Deretter må eit eventuelt nytt forslag på høyring.

– Kvifor landa på dette forslaget, som politikarane er kritiske til?

– Me har gjort ei fagleg vurdering, og basert på den meiner me det er den beste løysinga, både for nærområdet og driftsbygget, som må ligga i tilknyting til vassanlegget.

Reinseanlegget skal etter planen leggast under Husebyskogen, mens driftsbygget skal stå over bakken.

– Det har vore ein lang sak i høve til den amerikanske ambassaden i Oslo i dette området. Eg oppfattar at ein ønsker minst mogleg inngrep. Det har eg stor forståing for, men samstundes så må ein hugsa på at dette vil gi varig reduksjon i sårbarheita for vassforsyninga til Oslo by.

annekarih@klassekampen.no

Tirsdag 23. juli 2019
RISIKO: En tidligere britisk flåteadmiral ber Storbritannias nye statsminister sette brexit til side for å håndtere krisa i Persiabukta.
Tirsdag 23. juli 2019
NYTT BLIKK: Jeger- og fiskerforbundet, Turistforeningen og Naturvern­forbundet krev ny handsaming av alle vindkraftkonse- sjonar der utbygginga ikkje er starta.
Tirsdag 23. juli 2019
• I går ble det holdt markeringer mange steder for å minnes at det var åtte år siden en av de verste høyreekstreme terroraksjonene i nyere tid rammet Norge. Bombeangrepet mot regjeringskvartalet og massakren på AUF-ere på Utøya var tragisk,...
Tirsdag 23. juli 2019
Modernistiske bygg er blitt turistattraksjoner i Brasil og Tyskland. I Norge er flere bygg fra samme periode rivningstruet. Kunstprofessor mener arkitekturen rammes av en 40-årskrise.
Mandag 22. juli 2019
RADIKALISERES: Der ledere i høyre­ekstreme miljøer de siste årene har manet til kulturkamp og skolering, opp­fordrer stadig flere i høyreekstreme nettsamfunn til voldsbruk.
Mandag 22. juli 2019
Det var ikke et angrep på alle.Det er en myte at det var et angrep på alle.Det var ikke et angrep på rasister.
Mandag 22. juli 2019
Skuespillerforbundets leder Knut Alfsen vil ha teaterstrømming inn i tariffavtalen med Spekter. Vi er klare til å jobbe for det, svarer teaterstrømme-tjenesten Applaus scene.
Mandag 22. juli 2019
NY DEBATT: Nei til EU varsler kamp mot EUs fjerde energipakke som de mener vil gi Acer enda mer makt. Miljøorganisasjon er positiv, mens Ap ikke har tatt stilling ennå.
Lørdag 20. juli 2019
FASTLÅST: Iran har trappet gradvis opp sine reaksjoner på USAs sanksjoner, men det kan koste dem dyrt. – Irans eneste alternativ er å forhandle med USA, sier iransk forsker.
Lørdag 20. juli 2019
Y-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo rives i oktober, og for dem som ivrer etter bevaring, ser alt håp ut til å være ute. Men historien rommer flere eksempler på bygg som med nød og neppe har unngått bulldoserne.