Torsdag 13. juni 2019
SKANDALE: Kring 2000 innbyggarar på Askøy er blitt sjuke av forureina vatn. Her er ein av fleire vasstankar som er plassert rundt på Askøy der folk knytt til Kleppe vassverk kan tappa vatn. 8FOTO: MARIT HOMMEDAL, NTB SCANPIX
• Mange vassverk har dårlege reserveløysingar • Oslo har fått frist til 2028
Fare for forureina vatn
Undersak

– Blir utrygge

Torill Eidsheim sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for Høgre. Også på ho gjer vasskrisa på Askøy inntrykk. Ho er sjølv frå Meland i Hordaland, rett nord for Askøy.

– Alle må kjenna seg trygge på at vatnet i springen er av ein kvalitet som bidrar til god helse. Saka på Askøy bidrar ikkje til det, men skapar utryggleik, seier Eidsheim.

Ho påpekar at dei fleste kommunane har god kontroll, men at situasjonen på Askøy ikkje er unik.

– Kan det gå ut over tilliten og det gode ryktet til norsk vatn?

– Det er klart det kan. Dette er ei hending, men det var også saka i Røros i 2007 og Bergen i 2004.

Kring 1500 blei sjuke på Røros i 2007, mens opp mot 5000 blei sjuke av giardia-smitte i Bergen hausten 2004.

– Det kan sjå ut til å vera rutinesvikt som har bidratt til desse hendingane. Det er eit kommunalt ansvar å sørga for gode rutinar. Så må ein sjølvsagt sjå nøye på korleis denne hendinga kunne skje, seier ho.

Saka i Oslo kjenner ho ikkje til.

Ifølge Eidsheim kjem Høgre ikkje til å støtta forslaget om ei eiga sektorlov for vass og avløp.

ALARM: Over 2000 er blitt sjuke av bakterieinfisert drikkevatn på Askøy. Mattilsynet slår alarm om gamle ­leidningsnett og dårlege reservevatn fleire stadar.

VATN

Tarmbakteriar i drikkevatnet på Askøy har sendt over 60 personar på sjukehus.

Vest politidistrikt startar etterforsking av Askøy kommune, ifølge TV 2.

Sjølv om drikkevasskvaliteten i Norge generelt er god og få blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana, er Mattilsynet uroa.

Mange stadar brukar lokalpolitikarar vinter og vår på planlegging av ny infrastruktur. På Askøy starta planlegginga av eit heilt nytt vassverk på slutten av 1990-talet. Det har med andre ord gått over tjue år utan at eit nytt anlegg er realisert.

I hovudstaden har det gått endå lengre tid. Der er ei ny reservevasskjelde greidd ut sidan 1965. Fyrst i fjor blei det vedtatt at Holsfjorden i Buskerud blir Oslos nye reservevasskjelde innan 2028.

Fakta

Smitte i drikkevatn:

• Haukeland sjukehus har identifisert bakterien Campolybacter som årsaka til at folk er blitt sjuke på Askøy. Den same bakterien er funnen i vassprøver frå Kleppe vassverk.

• Smittekjelda er ikkje funne.

• I 2007 blei kring 1500 personar smitta av forureina vatn på Røros. Truleg var avføring frå fugl årsaka til at vatnet blei forureina.

• I 2004 blei fleire tusen sjuke av giardiasmitte i Bergen. Smitta skuldast kloakk i vatnet.

Kjelde: NTB, Folkehelseinstituttet

Nær 700 avvik

Mattilsynet fører tilsyn med alle vassverkeigarane.

«Gammelt ledningsnett med lekkasjer og manglende leveringssikkerhet er et problem. Dette må kommunene ta på alvor, skriv seniorrådgivar i seksjon for hygiene og drikkevatn i Mattilsynet, Line Ruden, i ein e-post til Klassekampen.

«Oppstår det svikt i vannforsyningen, må vannverkene ha reserveløsninger. Kartleggingen vår viser at mange vannverk kun har tilgang til reservevannforsyning for en kortere periode, og at de i denne perioden ikke kan forsyne alle», skriv Mattilsynet i sin årsrapport for 2018.

Mattilsynet opplyser at dei gjennomførte 1375 tilsyn av drikkevant i 2018. I 51 prosent av tilsyna blei det funne avvik frå regelverket.

«Vannverkene må bli bedre på å jobbe forebyggende, for å sikre god styring og kontroll med vannkvaliteten. Mange vannverk må gjennomføre tiltak for å hindre at forurenset vann kan komme inn i ledningsnettet og, de må forbedre beredskapen», skriv Ruden.

Peiker på staten

Siri Gåsemyr Staalesen, sit i kommunalkomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet. Krisa på Askøy gjer inntrykk.

– Eg trur absolutt at kommunane har fått auga opp for at alvorlege situasjonar kan oppstå, seier ho.

Samstundes understrekar ho at Ap meiner at det er for enkelt å legga alt ansvar på kommunepolitikarar.

– Staten må komma på banen, seier ho.

I samband med behandlinga av folkehelsemeldinga på Stortinget i dag, kjem Ap til å foreslå eit program for teknologi og innovasjon i vassbransjen og ein eigen sektorlov for vatn- og avløp, ifølge Staalesen.

– Ei eiga lov vil tydeleggjera kven som har ansvaret for kva, seier ho.

– Oslo har greidd ut eit alternativ til Maridalsvannet sidan 1965. Kva tenker du om det?

– Eg er veldig glad for at det nye byrådet i Oslo tok grep med ein gang, seier ho.

Ønsker spleiselag

Både Senterpartiet og SV står saman med Ap om forslaga som blir levert til Stortinget i dag.

Kjersti Toppe, som sit i helsekomiteen på Stortinget for Sp, meiner vassforsyning må høgare på dagsorden både lokalt og nasjonalt. Ho sat sjølv i bystyret i Bergen og såg på nært hald at fleire tusen blei sjuke av drikkevatnet i 2004.

– Me er alt for naive for den faren som vassboren smitte utgjer, seier Toppe, som er lege.

Fordi vedlikehaldsetterslepet og behovet for investeringar i ny infrastruktur for vatn er så stort, kan ikkje kommunane og innbyggarane gjennom auka gebyr ta heile rekninga, meiner ho.

– Det har vore forsømmingar i fleire generasjonar. Staten må ta eit grep, seier ho.

Det var i 2017 at Mattilsynet gav Oslo ein frist til 2028 med å få på plass ei ny reservevasskjelde.

Etter tiår med utgreiing, er arbeidet i hovudstaden i gang.

Mattilsynet opplyser at dei følger med på at framdriftsplanen blir følgt.

annekarih@klassekampen.no

Fredag 23. august 2019
HÅP: Arbeidarpartiet går ned i ei rekke kommunar, men i industri­bastionen Årdal siktar Ap mot reint fleirtal. Denne veka kom Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum på vekkingsmøte i bygda.
Torsdag 22. august 2019
POLITI: Norske moskeer fikk ikke PSTs varsel om en økt trussel fra høyreekstreme. Politi­direktoratet sier at politidistriktene ble bedt om å «opprette dialog» med trossamfunnene.
Onsdag 21. august 2019
TRUSSEL: I mai ga PST politiet beskjed om at trussel­nivået for angrep fra høyre­ekstreme var økt. Moskeer var aktuelle mål, men ingen informerte dem.
Tirsdag 20. august 2019
KRISE: – Dersom andre partier ikke synes at Granavolden-erklæringen er god nok, så får de trekke seg fra regjeringen, sier Venstre-ordfører Lena Landsverk.
Mandag 19. august 2019
ADVARSEL: Russland har rustet opp. Hvis ikke Norge følger etter, vil USA ta over kontrollen i norske nærområder. – Da mister vi stadig mer råderett, sier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.
Lørdag 17. august 2019
AVLYSER: Hurtigruten må avlyse to planlagte cruise til Frans Josefs land fordi Russland nekter skipene å seile i russisk farvann.
Fredag 16. august 2019
AVFALL: Landbruket er blant de beste i klassen i plast-retur. Likevel blir mer enn 2000 tonn brukt plast hvert år ikke levert til retur.
Torsdag 15. august 2019
VARME: Da broren til den terrorsiktede la ut en video der han deler sin desperasjon, strømmet norske muslimer til kommentarfeltet for å dele kondolanser, lykkeønskninger og hjertesymboler.
Onsdag 14. august 2019
SKUFFET: – Vi trenger en regjering som står imot muslimhets gjennom handlinger og ikke bare ord, sier Irfan Mushtaq. Her forteller han hvordan han opplevde den dramatiske eid-helga.
Tirsdag 13. august 2019
HØYREEKSTREM: Skribent Lasse Josephsen mener Philip Manshaus ble radikalisert på nettet. Han tror det kommer flere angrep fra unge høyreekstreme menn.