Han hugsar godt den fyrste paraden. Rundt tjue damer og menn gjekk i lag under eit stort drage-kostyme i tøy, som skulle sikra anonymitet til dei som ønskte det. Torstein Dahle, på to meter og tre centimeter, gjekk fremst og laga lyd. Langs ruta stod det frammøtte bergensarar. Dette var i 1981, lenge etter at han sjølv kom ut av skapet. Dahle hugsar paraden med glede.
Av helsevesenet fekk Torstein Dahle piller då han fortalde om kjenslene for ein mann. Dolken som partikameratar sette i han, stakk langt djupare.