Torsdag 6. juni 2019
UTFORDRAR: Sp-politikar Kjersti Toppe meiner føretaksmodellen er langt frå det ei Ap- og Sp-styrt regjering skal leggje til grunn for sjukehuspolitikken.
• Sp vil ikkje regjere saman med Ap utan oppgjer med helseføretaksmodellen • Ap seier tvert nei
Stiller helsekrav til Ap
KRAV: Kjersti Toppe (Sp) vil stille helseultimatum dersom det blir regjerings­forhandlingar mellom Sp og Ap etter valet i 2021.

Helse

Helsepolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Senterpartiet Kjersti Toppe vil ikkje gå i regjering med Arbeidarpartiet dersom Ap insisterer på at dagens helse­føretaksmodell skal ligge fast.

– Ap må ikkje tru at det skal humpe og gå på same måten som sist, seier Toppe til Klassekampen.

Ho siktar til den raudgrøne regjeringsperioden mellom 2005 og 2013.

Det kokar i norsk sjukehusdebatt om dagen. Etter at Helse Møre og Romsdal vedtok å legge ned fødetilbodet i Kristiansund, har hundrevis av aktivistar organisert seg i den såkalla bunadsgeriljaen. Kampanjen har etter kvart blitt ein landsdekkande protest mot sentralisering og nedbygging av helsetilbod.

I går skreiv Klassekampen at Ap sin valkampleiar i Kristiansund ber Ap-leiar Jonas Gahr Støre om å halde seg unna byen i valkampen. Årsaka er Støre sitt utsegn om at Ap forventar at det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir bygt som planlagt.

Fakta

Helseføretaks­modellen:

• Etter at Helse Møre og Romsdal i mars vedtok å legge ned fødetilbudet i Kristiansund, har debatten gått om organiseringen av Sjukehus-Noreg.

• I juni vil Senterpartiet igjen fremje forslag i Stortinget om å om å «avvikle helseføretaks-modellen og ta sjukehusene attende til folkevalt styring og offentlig forvaltning».

• Helseføretakslova vart innført i 2001. Sp stemte imot.

– Sp leverte ikkje

Sp har markert seg med stønad til bunadsgeriljaen. I mai stilte Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum opp med bunad i Stortingets spørjetime.

Toppe meiner det manglande gjennomslaget i helsepolitikken var ei medverkande årsak til at Sp gjorde eit dårleg stortingsval i 2013. Ho trekk fram episoden frå 2011, då dåverande Sp-leiar Liv Signe Navarsete møtte illsinte demonstrantar på Eid etter at den raudgrøne regjeringa vedtok å leggje ned fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus.

– Vi leverte ikkje. Med sjukehusnedleggingar, og det med Liv Signe. Det skulle aldri ha skjedd. At vi utsette oss sjølve for dette og let det skje, seier Toppe om saka i dag.

Ho ønsker ikkje å sjå historia gjenta seg, og minner om at Sp er langt større i dag.

– Vi skulle vore mykje tøffare. Vi har erfaringa, og vi vil ikkje godta det same igjen, seier ho.

Opprør mot modellen

Toppe seier til Klassekampen at opprøret i Sjukehus-Noreg ikkje berre er eit opprør mot dårleg finansiering, men mot måten sjukehusa er organisert på. 18. juni legg Senterpartiet fram eit forslag i Stortinget om å skrote føretaksmodellen og innføre ein ny finansieringsmodell for sjukehus. Den nye modellen skil mellom investering og drift.

Forslaget er det siste av fleire forslag om å avvikle helseføretaksmodellen som Sp har fremma i opposisjon, og er inspirert av måten Skottland har organisert sin sjukehussektor på.

Toppe forventar at Ap vil stemme imot forslaget, men gjer det klart at usemja mellom Ap og Sp i synet på føretaksmodellen «ikkje er noko å byggje ei ny regjering på».

– Ap er det partiet som alltid har teke helseføretaksmodellen i forsvar, det var dei som innførte den. Men skal dette forsvaret vare i all æve? spør Toppe.

– Blir ingen skilnad

Toppe viser til at Aps helsepolitiske talsperson Ingvild Kjerkol i sjukehusdebatten har forsvart modellen i media.

– Kjerkol seier det ikkje er modellen som er feil, men regjeringa som driv feil politikk. At dei er kronisk underfinansierte og at helseminister Bent Høie (H) har fjerna politikarar frå styra føretaksstyra, og at det er innført nøytral moms. Men ein kjem ikkje utanom at vi er nøydde til å sjå på korleis sjukehusa er styrt, leia og finansierte, seier Toppe.

Ho seier føretaksmodellen er ein marknadsstyrt måte å organisere sjukehusa på, som bør vere langt ifrå det ei Ap og Sp-styrt regjering skal leggje til grunn for utvikling av sjukehuspolitikken.

– Om vi gjer det, så blir det i prinsippet ingen skilnad til dagens situasjon, seier ho.

Helsepoltiske talsperson i Ap Ingvild Kjerkhol skriv i ein epost til Klassekampen at «Arbeiderpartiet vil holde på staten som eier og en regional organisering, nært folk».

Ho skriv vidare:

«Vi har liten tro på Sps løsning med en ny stor omstilling i sektoren, mer detaljplanlegging i departementet og en dobling i antallet styrer. Vårt landsmøte vedtok en klar uttalelse om behovet for forbedringer i helseforetaksmodellen. Hvis Sp heller vil samarbeide med Bent Høie, som har sørget for en markedsorientering i helseforetakene, er det overraskende. Vi vil avvikle ordningen med nøytral merverdiavgift i helseforetakene, som bidrar til outsourcing av tjenester, redusere bruk av innsatsstyrt finansiering og fjerne høyreregjeringens privatiseringsreform Fritt behandlingsvalg. Arbeiderpartiet vil jobbe for et nytt flertall i 2021 som styrker sykehusøkonomien og som demokratiserer styringen av sykehusene gjennom forpliktende samarbeid med kommunene.»

politikk@klassekampen.no

Lørdag 21. mars 2020
SKEPTISK: I dag får justisminister Monica Mæland trolig fullmakt til å overstyre Stortinget. Det skremmer mannen som hadde jobben hennes inntil 2018.
Torsdag 19. mars 2020
OMSTILLING: SV vil bruke koronakrisa og oljepris­fallet til å omstille norsk industri. – Det er en tid for alt, svarer Arbeiderpartiet.
Tirsdag 17. mars 2020
DYR: Ingen vet hvor mye Stortingets koronapakke koster. Likevel tror partiene at de vil måtte åpne pengesekken igjen snart.
Lørdag 14. mars 2020
PÅ JOBB: Regjeringen forventer 20.000 permitteringer. Jo mindre de tjener, jo hardere rammes de.
Mandag 9. mars 2020
DONASJON? – En åpning for egg­donasjon må aldri bety at vi aksepterer kjøp og salg av kvinnekroppen, sier SVs nestleder Kirsti Bergstø.
Fredag 6. mars 2020
NOK: – Asylretten har kollapset, sier Høyres innvandringspolitiske talsperson. Partiet har et klart mål: Norge skal slutte å behandle asylsøknader.
Mandag 2. mars 2020
SAMMEN: Agenda, Virke og fag­forbundet HK mener politikerne gjør for lite for å møte jobbraset i varehandelen.
Lørdag 29. februar 2020
RETT: Fire måneder etter at regjeringen slo alarm om justismord mot trygdede, sår EU tvil om hvorvidt Nav egentlig gjorde noe galt. Det tar Torbjørn Røe Isaksen med ro.
Fredag 28. februar 2020
STRID: Det ble stille da Trine Skei Grande tok Abid Raja og Sveinung Rotevatn inn som statsråder. Men på bakrommet kjemper fremdeles støttespillerne for å felle lederen.
Tirsdag 25. februar 2020
GÅR FRI: Høyre kan ikke se at regjering­en har gjort noe galt i håndteringen av Nav-skandalen. Frp stiller seg bak konklusjonen når saken i dag avsluttes i Stortingets kontrollkomité.