Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nye reglar kan gi 605 fleire arbeidstimar i åretKan bli lagt til direktorat utan dykkarkompetanse

Dykkarar slår full alarm

FARLEG JOBB: Det er større risiko for ulykker og dødsfall blant dykkarar enn elles i arbeidslivet. Fleire fryktar at ei regelendring no vil gjera yrkesgruppa meir utsett. Oppe frå venstre Leif Morten Rasch, Jacob Grøgaard og Ommund Stokka. Sitjande frå venstre Daniel Skomsvold, Kristian Gundersen og Stian Rennestraum. Alle er knytt til fagforbundet Industri Energi.

ENGSTELEGE: Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet foreslår nye reglar for dykking frå skip. Yrkesdykkarar fortvilar.

– Sjølv om me gjer vårt beste for å legga godt til rette før me går ut i vatnet, har eg vore redd fleire gongar. Det skal det ikkje herska tvil om, seier yrkesdykkar og tillitsvald i Abyss, Jacob Grøgaard.