Fredag 31. mai 2019
KAMPEN OM SANNINGA: Georgias tidlegare president Mikhail Saakasjvili har ein stor følgeskare som hyllar han for korrupsjonen han klara å redusere medan han var guvernør i Odessa i Ukraina. Andre er skeptiske og meiner han sjølv er korrupt. FOTO: YURI DYACHYSHYN, AFP/NTB SCANPIX
Han vart kasta etter korrupsjonskamp – no er han tilbake i Ukraina og vil påverke:
Reformkongen frå aust
BRORSKAP: Ukrainas førre president kasta georgiske Mikhail Saakasjvili ut av Ukraina. No inviterer landets nye president Volodymyr Zelenskyj reformkongen frå Georgia tilbake.

Ukraina

Etter å ha gått til val på ­antikorrupsjon og reform vart Ukrainas nye president ­Volodymyr Zelenskyj formelt innsett som Ukrainas sjette president 20. mai i år.

I det som vert omtalt som eit protestval, vann han med over 73 prosent av stemmene i eit Ukraina der det er stor misnøye kring den omfattande korrupsjonen.

No hentar han «heim» Mikhail Saakasjvili, Georgias eks­president, kjend for dei store endringane han gjennomførte i løpet av sine åtte år som president i Georgia. Det melder den ukrainske president­administrasjonen på si nett­side.

I 2015 vart Saakasjvili ­henta til Ukraina av skule­kamerat og nyleg avtrappa president, Petro Porosjenko, som gav georgiske Saakasjvili ukrainsk statsborgarskap og guvernørrolla i Odessa.

Forholdet mellom dei to surna då Saakasjvili hevda at Kiev ikkje gjorde nok for å få bukt med korrupsjonen han mellom anna var in­vitert til Ukraina for å ­redusera.

I 2017 fjerna Porosjenko Saakasjvili sitt statsborgarskap og tok frå han guvernørrolla. Han vart sendt på eit fly ut av landet.

Fakta

Mikhail Saakasjvili:

• Født 1967 i Georgia, studerte i Frankrike, USA og Ukraina. I Ukraina studera han saman med Petro Porosjenko.

• Var Georgias president i to periodar, frå 2004 til 2012.

• Leia Roserevolusjonen i 2003 der folkemassar storma parlamentet og president Eduard Sjevardnadse gjekk av.

• Nato-medlemskap, EU-medlemskap og tett samarbeid med USA var hans sentrale prosjekt.

• I 2015 vart Saakasjvili guvernør av regionen Odessa i Ukraina og fekk ukrainsk statsborgarskap av Porosjenko.

• I 2017 oppstod konflikt mellom Saakasjvili og Porosjenko, og Saakasjvili vart kasta ut av Ukraina.

Saakasjvili frir på ukrainsk

Tysdag kveld posta Mikhail Saakasjvili ein video på ­Facebook, der han melde sin retur til Ukraina, sam­stundes som han kom med ei oppmoding til sine fylgjarar. Saakasjvili er tilbake på ukrainsk jord alt torsdag ­ettermiddag, skal me tru facebookoppdateringa hans onsdag føremiddag.

– Som de kanskje veit, har president Zelenskyj gjort om vedtaket fatta av hans forgjengar (Petro Porosjenko) og gjeve meg tilbake mitt ukrainske statsborgarskap. Først av alt er eg utruleg takksam til president Zelenskyj. For det andre, syner dette at han tenker rasjonelt, er modig og rask, sa Saakasjvili i ein video han posta på Facebook tysdag.

Videoen er sett av fleire ­titals tusen, og Saakasjvili byrja på russisk før han bytte til ukrainsk:

– For dykk som spør om min tilknyting til Ukraina, så er den omfattande. Eg studerte der, deltok i hæren der og reknar Ukraina for å vere heimlandet mitt på lik linje med Georgia, sa han.

Reformkongen av Georgia

Saakasjvili vart valt til president i Georgia i januar 2004, knapt to månader etter at ­Roserevolusjonen toppa seg då Saakasjvili vifta ei rose i andletet på sittande president Eduard Sjevardnadse.

Dåverande 75 år gamle ­Sjevardnadse hadde styra ­Georgia i meir enn 30 år totalt, fyrst som leiar av kommunistpartiet under Sovjet, og etter det som landets lengst sit­jande president i tida med sjølvstende.

Dei fyste månadane som president gjekk Saakasjvili til verks og byrja med å ­endre grunnlova i sin favør; han fekk vedtatt ei lov som styrkte presidenten si makt på nasjonalforsamlinga sin kostnad.

Då Porosjenko i 2015 inviterte Saakasjvili til Ukraina, skulle Saakasjvili rydde opp i Odessas notoriske organiserte kriminalitet og få bukt med den omfattande korrupsjonen. Saakasjvili sa frå seg sitt georgiske statsborgarskapet då heimlandet ikkje tillèt ­dobbelt statsborgarskap.

Saakasjvili uttalte at han ynskte å gjenta same reformregime som han hadde i Georgia. Der sparka han fleire ti­tusen av politifolk, offentleg tilsette og andre i offentlege maktposisjonar for å erstatte dei med yngre, nye andlet.

Saakasjvili hadde som mål å reinske vekk alle som kunne ha lojalitet til Sovjet og vere involvert i korrupsjon.

Sistnemnde har vore eit stort problem i Georgia sidan sjølvstendet frå Sovjet, og ­Europas dåverande yngste president gjekk hardt ut med høge ambisjonar om reform.

I tillegg hadde Saakasjvili tette band til USA og bytta i 2005 namn på hovudvegen som går frå flyplassen til sentrum i ­Georgias hovudstad Tbilisi til «George W. Bush Street».

Klassekampen lykkast ikkje med å få noko utsegn frå Zelenskyj eller administrasjonen hans på kor vidt eit potensielt samarbeid mellom han og Saakasjvili var motivasjon for å annullere det inndratte statsborgarskapet.

pernilleg@klassekampen.no

Onsdag 19. juni 2019
HARDE ANKLAGER: Amerikanske myndig­heter legger fram stadig flere beviser som skal vise at Iran står bak sabotasjeaksjonene i Persia-gulfen.
Tirsdag 18. juni 2019
IKKE OVER: Demonstrantene i Sudan er tilbake der de startet, med små demonstrasjoner i gater og smug. Aktivistene nøyer seg ikke med at den avsatte president nå stilles for retten.
Mandag 17. juni 2019
ANSPENT: USA vil skape «internasjonal konsensus» etter tankskip-­angrepet utenfor Iran og støttes av Storbritannias regjering. Jeremy Corbyn stemples som «patetisk og antiamerikansk» for å advare mot krigshissing.
Fredag 14. juni 2019
TETT NETT: Faren til den fengslede svenske dataaktivisten Ola Bini mener USA og Ecuador konstruerer et fiktivt samarbeid mellom sønnen og Julian Assange.
Torsdag 13. juni 2019
UAVKLART: Forhandlingene mellom protestbevegelsen og hæren er gjenopptatt. –Uakseptabelt etter massakren, sier sudansk aktivist til Klassekampen.
Onsdag 12. juni 2019
BOMBE: Venstrepolitiker Lula da Silva lå an til å vinne presidentvalget i Brasil, men endte i fengsel – mens høyre­radikale Jair Bolsonaro vant. Nå avsløres det at etterforskningen som felte Lula, var politisert.
Tirsdag 11. juni 2019
OPPGJØRET: Om Bernie Sanders og Elizabeth Warren ikke feller hverandre, kan de velte partitoppenes skrøpelige favoritt, sier Demokrat-ekspert Ryan Grim til Klassekampen.
Lørdag 8. juni 2019
VOLD: Etiopias statsminister Abiy Ahmed kom i går til Sudan. Sudankjenner sier utfordringen er at begge sider i konflikten er splittet.
Fredag 7. juni 2019
OPPGJØR: De mindre partiene samler seg om mange av kravene til Mette Frederiksen. Men økonomisk politikk splitter den rødgrønne blokka.
Torsdag 6. juni 2019
MONOPOLKAMP: USAs kongress vil etterforske Facebook, Amazon, Apple og Google. – Riktig, viktig og på tide, sier NHH-professor Tor W. Andreassen.