NEI: Det er førebels ikkje aktuelt å overlate utskriving av pass til kommunane i rådhus eller andre servicepunkt, ifølgje justisminister Jøran Kallmyr (Frp).
– For å ta vare på behovet for tilstrekkeleg kompetanse, kvalitet og tryggleik i utskrivingsprosessen er det mellom anna avgjerande at kvart pass- og ID-kontor har eit visst saksvolum. Det er òg ein føresetnad at utskriving av pass blir utført likt over heile landet, skriv Kallmyr i eit brev til Stortinget.