Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit splitta Europa valde eit fragmentert parlament:

Nye bølgjer i EU

FORSKYVNINGAR: EU-valet enda med tilbakegang for dei store etablerte partia og framgang for dei liberale, grøne og høgreradikale. Kor mykje vil det endre EU?

Helgas val til europaparlament fekk rekordmerksemd i form av stemmegjeving, og drygt 50 prosent av europearar med stemmerett nytta han. Sidan 1979 har valoppslutninga gått stabilt nedover, til historisk låge 42 prosent ved førre val i 2014. I årets val var valoppslutninga den høgaste på tjue år, ifølge nyheitsbyrået Euronews. Klassekampen har sett på nokre av vinnarane og taparane i valet.