Fredag 24. mai 2019
FÅR STRYK: Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil skrota bom­stasjonane og innføra vegprising. Forslaget får stryk av toppar i Bom­pengepartiet. FOTO: VIDAR RUUD , NTB SCANPIX
• Ap vil fjerna bomstasjonar for ny avgiftsmodell • Bompenge-topp vil heller ha skatteauke
Bombarderer Støres plan
Undersak

Støre får støtte av Høgre

Solveig Sundbø Abrahamsen sit i transport- og kommunikasjons­komiteen på Stortinget for Høgre. Ho er open for å greia ut vegprising som alternativ modell for å finansiera vegprosjekt.

– Vegprisar er ikkje enkelt å innføra. Men eg er open for å sjå på ein annan innkrevjingsmodell, seier ho.

Abrahamsen understrekar at det ikkje berre er å fjerna bomstasjonane.

– Det er mykje arbeid som skal til for å finna ein modell som har legitimitet i befolkninga.

Å finansiera veg­prosjekt over skatte­setelen har Abrahamsen mindre tru på.

– Det er ikkje noko som mitt parti vil gå inn for.

Jonas Gahr Støre var i går ikkje tilgjengeleg for å svara på kritikken, men viser til Sverre Myrli, som sit i transportkomiteen.

– Alle system er det positive og negative sider med. Men me er overtydde om at eit system med vegprising vil verka meir rettferdig enn dagens bompengestasjonar.

Myrli seier at det som gjer bomstasjonane særleg problematiske, er at det slår veldig uheldig ut avhengig av kvar ein bur. Mens dei som bur utanfor bommen og jobbar innanfor, må passera og betala kvar dag, kan dei som både bur og jobbar innanfor bommen, køyra fritt.

Ein modell basert på skattesetelen, meiner Myrli er urealistisk fordi skatteauken vil bli så stor.

BOMVEG: Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil ta ned bomstasjonar og innføra eit meir rettferdig system for vegbetaling. Bompengetoppar vendar forslaget ryggen.

Valg 2019

– Vegprising er eg absolutt ikkje med på.

Det seier Aina Elise Larsen Grude, toppkandidat for Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) i Klepp i Rogaland, om Ap-leiar Jonas Gahr Støres forslag om å gå frå bompengar til vegprising.

Same dag som bompengepartiet blei målt som det største partiet i Bergen, gjekk Støre ut i VG med løfte om å riva alle bomstasjonane.

Men Støres plan ser ikkje ut til å dempa bompenge­opprøret.

Klassekampen har snakka med alle listetoppane i kommunane og fylkeskommunane der Folkeaksjonen nei til meir bompengar stiller liste i kommunevalet til hausten. Det er ikkje berre Grude i Klepp som vender Støre ryggen. Alle listetoppane seier nei til vegprising.

– Det blir selt billig inn, men kan enda opp som eit dyrare alternativ til bompengar, seier Tommy Ballestad, listetopp for FNB i Skien.

Fakta

Bompengeforslag:

• Arbeidarpartiet vil erstatta dagens system med bompengar med vegprising.

• Vegprising skal basera seg på mellom anna køyrelengd, biltype og strekning.

• Finansieringsmodellen legg til grunn at alle har ein GPS-målar i bilen.

Urettferdig og overvaking

Til VG forklarte Støre korleis Arbeidarpartiet vil finansiere kostbare vegprosjekt på ein meir rettferdig måte.

Støre tar til orde for å fjerna bomstasjonar. Han vil innføra ei avgift som baserer seg både på kva type bil ein køyrer, køyre­lengd og strekning. Modellen legg til grunn at kvar bil får ein GPS-sendar i bilen. Elbilar må også bidra.

Støre vil også at staten bidrar meir i storbyane, der bompengar blir brukt for å finansiera kollektivsatsingar.

Bompengetoppane som Klassekampen har snakka med, har særleg tre innvendingar mot Støres plan:

Den blir urettferdig og vil særleg råka bilistar i distrikta, som er avhengig av bil til lengre turar.

Det inneber eit over­vakingselement gjennom GPS-sporing.

Modellen gjer det lettare å auka avgifta, ettersom punktinnkrevjinga som bomstasjonane representerer, blir fjerna.

– Han (Støre, journ.anm.) har ikkje tenkt seg særleg om. Norge er eit langstrakt land. Er det me på bygdene som skal betala fordi me har lenger å køyra frå A til B, spør Einar Hadler Jacobsen, listetopp for FNB i Øygarden utanfor Bergen.

– Uansett kva form for vegprising eller innkrevjing av avgifter ein har, råkar det dei som sit nedst ved bordet. Det er det usosiale aspektet eg slit mest med, seier Terje Vegard Kopperud, for FNB i Viken.

Peiker på skattesetelen

Datatilsynet har gitt grønt lys for GPS-målar i bilen, som er naudsynt for å henta inn pengar gjennom vegprising.

Ove Evertsen, listetopp for FNB i Sola, er likevel kritisk.

– Det er eit overvakings­element som me slett ikkje har sansen for. Eg trur ikkje du treff på nokon i FNB som er for vegprising, seier han.

Jann Atle Jensen, listetopp FMB Askøy, er også kritisk til på GPS-sporing.

I tillegg fryktar han at veg­prising gjer det lettare å skru opp avgifta når pengane ikkje lenger er knytt til bompasseringar.

Trym Aafløy er leiar for FNB i Bergen, byens største parti om dagane. Han kallar forslaget elendig.

– Eg trur det vil bli ein eigen post på statsbudsjettet. Me vil risikera at Stortinget brukar avgifta til saldering av statsbudsjettet.

– Kva er di løysing?

– Dette skal betalast over skattesetelen av alle skatte­ytarane i Norge. Dei kan laga eit eige vegfond som dei finansierer på same måte som NRK-lisensen, seier han.

Regjeringa erstatta nyleg NRK-lisensen med ei avgift over skattesetelen.

– Så du vil heller ha skatteauke enn vegprising. Har du rekna på kva det blir?

– Det var nokon som rekna ut at snittet for kvar person i Norge blir 1500 kroner. Det blir 120 kroner i månaden. Du gjer modellen progressiv. Dei som har høg inntekt betalar litt meir, seier han.

– Det har ingen insentiv til at folk skal køyra mindre?

– Då skal du setta ned kollektiv­prisane. Viss bussen kostar mindre, så får du fleire til å køyra buss.

annekarih@klassekampen.no

Fredag 15. november 2019
STRID: Ansatte ved politihøgskolen mener at styret må trekke seg dersom regjeringen tvinger gjennom studentkuttet ved politiutdanningen i Oslo.
Torsdag 14. november 2019
NY TID: Linn Herning har lenge vært bekymret for utviklingen av offentlig sektor. Først etter at hun ble alvorlig sjuk, ble hun ordentlig redd for at velferdsstaten ikke alltid kommer til å redde henne.
Onsdag 13. november 2019
KJØRER PÅ: Frp har abdisert som bilistenes parti, mener Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum. Han tar gjerne over tittelen.
Tirsdag 12. november 2019
MOT SKATT: En omfattende lobbykampanje i regi av sjømatnæringen ble sjøsatt for å hindre at norske oppdrettsselskaper skal bli ilagt grunnrenteskatt.
Mandag 11. november 2019
REDSKAP: Flere rødgrønne partier vil ta større kontroll over Oljefondet for å nå klimamål. SV åpner for å klimainvestere deler av fondet i Norge.
Lørdag 9. november 2019
SNAKKER: Flere LO-topper steilet da sentrale Ap-profiler åpnet for å ta med MDG i regjering. Nå har MDG gått i dialog med fagbevegelsen med mål om tettere samarbeid.
Fredag 8. november 2019
PRESSET: Trygderetten drukner i saker og har doblet saksbehandlingstida de siste årene. Nå må de forberede seg på en formidabel jobb om feilaktige Nav-saker skal behandles på nytt.
Torsdag 7. november 2019
URO: Det siste året har to av tre nye jobber kommet i bare to fylker – Oslo og Akershus. Aps Hadia Tajik mener regjeringens arbeidsmarkedspolitikk er «distriktsfiendtlig».
Onsdag 6. november 2019
GULL: Lakseoppdrett er god butikk. Samla formue til dei største eigarane i 18 av dei største selskapa runda ni milliardar kroner i 2018.
Tirsdag 5. november 2019
SLAKTA: Havbruksnæringa hentar ut ein ekstraprofitt på 20 milliardar kroner i året. LO meiner det trengst for å halde på og ut­vikle arbeidsplassar i Noreg.