Torsdag 23. mai 2019
Skiljelinja mellom aust og vest er tydeleg når europearane går til urnene denne veka:
Aust føler seg gløymd
AUST-UTVIDINGA: I Slovakia røysta berre 13 prosent ved førre europa­parlaments­val. I årets EU-val kan høgre­populisme mobilisere fleire.

EU-val

I 2004 fekk EU ti nye medlems­land: Kypros og Malta frå sør, samt Estland, Latvia, Litauen, Polen, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia og Slovenia frå aust.

Sidan dei austeuropeiske landa kom med i EU har dei jamt over hatt lågare val­deltaking enn landa i vest. I forkant av årets EU-val som vert haldt 23. til 26. mai, vert det spådd at høgrepopulistane klarar å mobilisere fleire og at valdeltakinga kan gå opp.

Fakta

EU-val:

• I dag byrjar EU-valet. Storbritannia og Nederland er dei fyrste landa som røyster.

• Det er val til Europaparlamentet kvart femte år. Val vert halde frå 23. til 26. mai i dei tjueåtte (tjuesju etter brexit) medlemslanda.

• Ti nye land vart medlem av EU i 2004: Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia, Ungarn, Kypros og Malta. I 2007 vart Bulgaria og Romania EU-medlemar. I 2013 vart også Kroatia med.

• Snittet for valdeltakinga i både nasjonale val og EU-val er lågare i austeuropeiske land enn i vesteuropeiske land.

Trenden er tydeleg:

Færre røyster i EU-val enn i nasjonale val, men i Vest-Europa røyster fleire enn i Aust-Europa.

– Det er ikkje same demokratiske tradisjon hjå dei forholdsvis nye demokratia me finn i aust, seier Eva Sarfi, universitetslektor i Sentral-Europa og Balkan-studiar ved Universitetet i Oslo, på telefon til Klassekampen.

Sist på lista finn me Slovakia og Tsjekkia, kor berre 13 og 18 prosent valde å bruke røysteretten i 2014, ifølge EU sine eigne tal.

– EU følast fjernt for veljarane i Aust-Europa. Dei veit at parlamentet har avgrensa makt, og at landet dei kjem frå sender få representantar samanlikna med dei store vestlege landa. Men no verkar interessa større, tidlegare har det ikkje vore store motsetningar mellom kandidatane, seier Eva Sarfi.

Driven av redsel

Innvandring har mobilisert mange i Europa, skal me tru meiningsmålingane i forkant av vekas EU-val. Viktor Orbán i Ungarn har sidan 2015 basert sin popularitet på å spreie frykt om ikkje-europeisk innvandring, trass i at fleirtalet innvandrarar til Ungarn er frå andre EU-land.

Slovakia er ikkje noko unnatak for dette fenomenet. Same retorikk har den siste tida vore gjeldande også i Slovakia. Det største partiet i parlamentet i Slovakia, det sosialdemokratiske partiet Smer, var ein periode utvist frå samarbeidet Det europeiske sosialdemokratiske parti (ESP). Grunnen var at Smer var minoritets­fiendtleg.

– Smer vart utestengt frå ESP fordi dei er nasjonalistar. Partiet har uttalt at dei ynskjer at slovakisk språk og kultur skal vere dominerande. Slovakia er eit land med fleire etnisitetar, mellom anna romfolk og ungararar. Smer ligg no an til å bli størst i Europaparlamentet frå Slovakia, seier Sarfi.

For langt vekke frå makta

Nyheitskanalen CNBC melde at det var ei manglande kjensle av representasjon dei (små) austeuropeiske landa gjerne kjente på.

Sjølv om presidenten av Det europeiske råd, Donald Tusk, er tidlegare statsminister i Polen, har han ikkje støtte i den noverande nasjonalistiske polske regjeringa.

Tusk tydeleggjorde tidlegare denne veka at det var viktig at dei austeuropeiske landa kjende seg representert og høyrd i EU.

Trass i at Tusk leiar Det europeiske råd, sa Tsjekkias statsminister Miloš Zeman tidlegare denne veka at han sakna at nokon frå Visegradgruppa leia ein av dei store institusjonane i EU.

Visegradgruppa består av Polen, Ungarn, Slovakia og Tsjekkia, og er ei samarbeidsordning mellom regjeringane i landa, kor mykje av fokuset har vore på innvandring og grensekontroll.

– Politikarane i Slovakia har i forkant av dette EU-valet mobilisert med retorikk om at EU som overnasjonal vil fordele innvandrarar, og at det må bli hindra av eit suverent Slovakia som vel sjølv for å unngå for store tilførsel av muslimar, seier Sarfi.

Håp om europeisk redding

For fyrste gong i Slovakias historie er arbeidsløysa på under 5 prosent, melde den slovakiske avisa The Slovak Spectator denne veka.

Arbeidsløyse har tidlegare vore eit sentralt spørsmåla i både nasjonale val i Europa, og i EU-val. No er det innvandring populistane skor seg på, og det kan sjå ut til at dei får vind i segla ved å spele på frykt.

Låg valdeltaking er ei generell utfordring for EU. Det er ein nedgang frå 61 prosent valdeltaking i 1979 mellom alle land med røysterett, til 42 prosent i 2014.

For dei austeuropeiske landa har interessa også vore avtakande.

pernilleg@klassekampen.no

Fredag 20. september 2019
HALVVEIS: President Macron legger om kursen. Nå skal han snakke om innvandring og sekularisme for å vinne høyresidevelgere i 2022.
Torsdag 19. september 2019
HJELP: Høyreekstreme Avigdor Liebermann sitter med de beste kortene i den fastlåste regjeringskabalen i Israel.
Onsdag 18. september 2019
DUO: Donald Trump støtter diktatorvennen Muhammed bin-Salman. Hvorfor er USA Saudi-­Arabias forsvarer?
Tirsdag 17. september 2019
OLJE-STRID: Hvem angrep oljeanlegget i Saudi-Arabia? Eskaleringen mellom USA og Iran «kan ende i direkte konflikt», sier Iran-analytiker.
Mandag 16. september 2019
MOTMAKT: Høstens store stridstema i Frankrike blir president Macrons ­pensjonsreform. Nå mobiliserer fag­foreningene til storstreik.
Lørdag 14. september 2019
I FRONT: Den arabiske våren startet i Tunisia i 2011. I høst skal de velge ny president og nytt parlament.
Fredag 13. september 2019
LIDER: India annullerte forrige måned selvstyret i indisk-kontrollerte Kashmir. Provinsen er hermetisk lukket. – Mitt folk lider, forfølges og tortureres, sier kasjmirsk aktivist.
Torsdag 12. september 2019
BØDDEL BORTE: Blodtørste John Bolton forsvant ut av Det hvite hus. Dermed kan krigspresset på Donald Trump ha lettet.
Onsdag 11. september 2019
TØFF JOBB: Boris Johnsons nederlag i parlamentet betyr ikke at han taper på lengre sikt. Labour får en tøff jobb i et nyvalg, mener eksperter.
Tirsdag 10. september 2019
FORSMAK: Hvor skal klimaflyktninger dra hen? På Bahamas sliter tusenvis av overlevende med å flykte fra katastrofen.