Tirsdag 21. mai 2019
I NORGE: Raudt vedtok nyleg ein storstilt grøn industripolitikk, som føreset bruk av Oljefondet i Norge. Ei lovendring set ein stoppar for ein slik politikk. Her er ein vindturbin utanfor Haugesund på veg til Skottland.FOTO: JAN KÅRE NESS, NTB SCANPIX
Regjeringa vil gjere det ulovleg for Oljefondet å bygga ut ny, grøn industri i Noreg:
Ny lov held Oljefondet ute
UTE: Regjeringa vil med lov hindra framtidig bruk av Oljefondet i Norge. Både Senterpartiet og Raudt reagerer.

LOVENDRING

Mange har lufta idear om å nytta delar av oljeformuen på å bygga ny, grøn industri. Men no vil regjeringa gjera slike initiativ ulovlege.

Onsdag 12. juni skal Stortinget stemma over forslaget til ny sentralbanklov. Eit element i forslaget er å lovfesta at Statens pensjonsfond utland, også kalla Oljefondet, berre skal investera i utlandet – slik dagens praksis er.

Forslaget er no til behandling i finanskomiteen, som leverer si innstilling neste veke.

Sps medlem i finanskomiteen Sigbjørn Gjelsvik og nestleiar i Raudt Marie Sneve Martinussen reagerer på lovforslaget. Både Raudt og Sp kjem til å gå mot dette elementet i forslaget til ny sentral­banklov.

– Me meiner det er grunnleggande feil å fråskriva seg Oljefondet som eit verkemiddel, seier Gjelsvik.

Fakta

Lovendring:

• Forslag til ny sentralbanklov er til behandling i Stortinget.

• Finanskomiteen skal levera si innstilling neste veke.

• Forslaget inneber blant anna at ei lovfesting i dagens praksis om at Norsk Pensjonsfond Utland berre investerer i utlandet.

Saknar debatt

Både Raudt og Sp har tatt til orde for å oppretta eit statleg fond eller selskap som skal investera i grøn industri.

Raudt vedtok på sitt landsmøte nyleg at dei vil setta av ein del av Oljefondet til å gjera strategiske investeringar i heimleg industriproduksjon og klimavennleg infrastruktur. Den nye lova vil gjera eit slikt grep svært vanskeleg.

– Du treng ikkje vera einig i Raudt sin klima- og industripolitikk for å stemma mot dette. Det er heilt unødvendig med ei slik lovfesting, seier Martinussen.

Dagens praksis er at Oljefondet investerer i utlandet, og slik sett er ikkje lovforslaget anna enn ei stadfesting av politikken eit bredt politisk fleirtal fører. Martinussen saknar likevel meir debatt.

– Det som er mest overraskande, er at ei så stor prinsipiell avgjerd blir tatt med så lite debatt. Oljefondet er eit av verdas største økonomiske verktøy, seier ho.

– No bind ein seg til masta og gjer det vanskelegare å bruka dette verktøyet for kommande generasjonar, legg nestleiaren til.

Støttar dagens praksis

SV er framleis i tankeboksen. Partiet har også tatt til orde for ein ny grøn industripolitikk, men deira forslag legg ikkje til grunn bruk av kapital frå Oljefondet.

– Me støttar opp under dagens praksis. Det er langt viktigare grep me må ta for å finansiera det grøne skiftet enn å bruka Oljefondet, som å stansa overinvesteringane i eigedom og olje og strategisk statleg eigarskap, seier Kari Elisabeth Kaski, SVs medlem av finanskomiteen.

Ho opnar likevel for å gå mot forslaget.

«Green new deal»

Oljefondet og det grøne skifte er i dag tema på eit seminar på Stortinget, i regi av Rethinking Economics Norge og Manifest Tankesmie.

Leiar for Manifest Tankesmie Magnus E. Marsdal viser til debatten i USA og Storbritannia om ei storstilt grøn industrisatsing, også kalla ein «green new deal».

– Me meiner lovforslaget peikar oss i ei retning som er klima- og industripolitisk galskap, seier han.

Å spara til framtidige generasjonar handlar i stor grad om å investera i produktiv verksemd innanlands, meiner Marsdal.

– I Storbritannia og USA vil dei lånefinansiera dette, men me har altså 9000 milliardar som regjeringa ikkje vil bruka på aktiv klima- og industripolitikk i Norge.

Marsdal understrekar at Manifest meiner eit grønt, statleg industrifond må brukast aktivt over heile verda, men at det må vera mogleg å bruka ein del av oljeformuen til å fremja grøn industri i Norge, seier han.

Går fri nytt lovhinder

Trass i åtvaringar frå finansminister Siv Jensen (Frp) gjekk fleirtalet på Frp sitt landsmøte nyleg inn for å bruka oljemilliardar til å fjerna landets bompengestasjonar. Bård Hoksrud, som sit i finanskomiteen på Stortinget, seier Frp kjem til å stemma for forslaget som vil hindra bruk av Oljefondet i Norge. Han seier vedtaket frå landsmøte likevel lar seg gjennomføra.

– Eg meiner det er fullt mogleg å få det til, seier han.

anneh@klassekampen.no

Onsdag 16. oktober 2019
STOPP: Motstand i folket kan bety stans for norsk vindkraft, spår Norges vassdrags- og energidirektorat i sin analyse av kraftmarkedet fram mot 2040.
Tirsdag 15. oktober 2019
I MØTE: Tidligere har Ap-ledelsen avvist forslag om å utrede EØS. Nå sier Støre at det kan være en god idé.
Mandag 14. oktober 2019
FRONTER: Forbundsledelsen håper i det lengste på et kompromiss, men mye tyder på at det blir kamp­avstemning for eller mot EØS i Fellesforbundet.
Lørdag 12. oktober 2019
SMUTTHULL: ­Norge vil forplikte seg til å kutte 40 prosent av utslippene innen 2030 gjennom en avtale med EU. Men avtalen åpner for at man slipper å ta kuttene i Norge.
Fredag 11. oktober 2019
KONTROLL: Snart går toget for norsk råderett over jernbanen. Torsdag lammet ansatte på tog, buss og bane kollektivtrafikken i protest mot at EU får kontroll over togene.
Torsdag 10. oktober 2019
KRYMPER: De store industriarbeiderforeningene er ryggraden i Fellesforbundet. Men på mange verft er nå østeuropeiske innleide arbeidere i flertall.
Onsdag 9. oktober 2019
OPPRUSTING: Forsvarssjefen vil helst ha 25 milliarder kroner i økte forsvarsbudsjetter. Det er like mye som Solberg-regjeringens samlede skattekutt.
Tirsdag 8. oktober 2019
GÅR IKKE: – Tidenes grønneste budsjett, sier Venstres Ola Elvestuen om budsjettet som viser at Norge ligger an til å bryte klimamålene for 2020 og 2030.
Mandag 7. oktober 2019
AVSLAG: Anniken Nymo fra Harstad har sterke smerter og alvorlig angst og depresjon. Fastlege og psykolog mener hun ikke klarer å jobbe, men Nav-legen mener hun først må gå ned i vekt.
Lørdag 5. oktober 2019
SIER JA: MDG-profiler tar plass i Europabevegelsens sentralstyre. Byråd i Oslo, Hanna E. Marcussen, mener EU trengs for å løse klimakrisa.