Torsdag 16. mai 2019
SATIRIKAR: Olaug Nilssen er aktuell med «Ikkje tenk på det», om seksti år gamle Michel Sørbrøts litterære comeback med ein roman om eit havarert ekteskap.
• Olaug Nilssen spår vending til fiksjonen • Saknar open refleksjon om opplevinga av å bli hengt ut
Sparkar i kulturmannen
Bokaktuelle Olaug Nilssen serverer satire om kulturmannens vaklande autoritet i sitt satiriske drama «Ikkje tenk på det».

BØKER

Vinteren 2016 skapte den profilerte svenske litteraturprofessoren og feministen Ebba Witt-Brattström furore med boka «Århundradets kärlekskrig». Skildringa av eit valdeleg forhold låg tett på hennar eige havarerte ekteskap med den kjente litteraturvitaren Horace Engdahl, og utgivinga vekte ein debatt om kven som kan påberopa seg sanninga i ei skildring av levd liv.

I Olaug Nilssens satiriske drama «Ikkje tenk på det», kan hovudpersonen kanskje seiast å ta ein Witt-Brattström:

Den seksti år gamle forfattaren Michel Sørbrøt gjer eit etterlengta comeback med ei bok om eit havarert ekteskap som skal visa seg å ligga tett opp til hans eige. Den kvinneglade Sørbrøt rotar seg snart langt ned i raudvinsflaska og postar lite gjennomtenkte meldingar på Facebook etter slakt i avisa.

Fakta

Olaug Nilssen:

• Født 1977 i Førde, bur i dag i Bergen.

• Debuterte med «Innestengt i udyr» i 1998. Gjennombrotet kom med «Få meg på, for faen» i 2005.

Har vore både student og dagleg leiar (2008–2010) ved Skrivekunstakademiet i Bergen.

I 2017 kom den kritikarroste romanen «Tung tids tale», som ho mellom anna fekk Brage­prisen for.

Er aktuell no med boka «Ikkje tenk på det».

Skjøre maktforhold

Olaug Nilssen fortel at Sørbrøt ikkje byggjer på ein spesiell forfattar.

– Nei, det ville vore veldig slemt. Han er ein slags idé om kulturmannen. Men då eg ­begynte på dette, var Ebba Witt-Brattström i Norge og lanserte si bok om ekteskapet med Engdahl. Då blei ideen født, utan at eg veit så mykje om han, eller går god for hennar versjon, seier Nilssen.

– På kva måte fascinerer «kulturmannen» deg nok til å skrive eit drama om han?

– Det er nok like mykje kulturmannens vaklande autoritet i ålmenta som interesserer meg. Og kva slags forskyvingar det gir i maktbalansen.

– Boka skildrar skeive, ­skjøre og omskiftelege maktforhold i litteraturfeltet. ­Tenker du at dette pregar kunstfelta i større grad enn i samfunnet elles?

– Ja, eg trur at det er mykje nervar og sjalusi i kulturbransjen, fordi det er mange som må dele på merksemda og inntektene. Det er ikkje lett å konkurrere i kreativitet. Og det er ikkje lett å melde seg av sirkuset heller, for då blir det fort berre smular å få, og det kan dei færraste leve av.

– Et seg sjølv opp

I «Ikkje tenk på det» figurerer også forfattar Oddlaug Nilstun, som har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag mens ho strevar med si eiga bok. Nilstun nærmar seg førti og har meld seg ut av Forfattar­foreininga, slik også Nilssen var eitt år.

Når Nilstun presenterer seg, refererer ho til debutboka «Få meg fram, for helvete», til forveksling likt Nilssens eiga roman «Få meg på for faen», frå 2005. Men sjølv om det er likskap, er ikkje dramaet eit sjølvportrett, kan Nilssen avsløra.

– I verkelegheitslitteraturen ligg det også ein del løyndommar som er der for dei innvigde, meiner Nilssen.

Ho trur det gjeld heile ­underhaldningsbransjen, og peikar på kjendisar som ­speler seg sjølve i tv-seriar.

– Det kan vera morosamt, men det er også eit teikn på ein bransje som et seg sjølv litt opp. Ein er seg sjølv nok.

– Har verkelegheitslitteraturen gitt næring til rykte­børsen i Kultur-Norge?

– Ja, eg vil jo seia det. Men då kjem det an på kor interessant verket er. Viss det berre inviterer til spekulasjon, fell det daudt til jorda utanfor kultur­bransjen. Men viss eit verk med referansar til verkelegheita står støtt på eigne bein, har det mindre å seia. Men sjølv då trur eg bransjen kan ha sine spekulasjonar.

Også Nilssen har gitt eit ­bidrag til verkelegheitslitteraturen. I romanen «Tung tids tale», som kom i 2017 og fekk Brageprisen og fleire seksarar på terningane, skriv Nilssen om sonen Daniel, som har autisme. Ho fortel at ein del av grunnen til at ho er opptatt av problematikken knytt til verkelegheitslitteratur, skuldast alle kvalar og grubleri ho hadde i arbeidet med den boka.

Hadde eit høgare mål

Ho har aldri lagt skjul på at ho meiner «Tung tids tale» er problematisk. Ho er også blitt kritisert for boka.

– Sjølv om det var problematisk, var det ei avgjerd om at eg hadde eit høgare mål.

– Laga du eigne retnings­liner for kva du kunne utlevera i romanform?

– Ja, det gjorde eg når det gjaldt personar frå helsevesenet. Eg skreiv ikkje berre om Daniel, men også personar i byråkratiet og helsevesenet. Eg skjulte dei litt. Dei har teieplikt og kan ikkje forsvara seg om dei ville. Det er ein maktposisjon eg har. Då ­plikta eg å gjera det meir nyansert.

Når det gjeld Daniel, var det andre omsyn som var ­viktig.

– Tar ikkje omsyn

– Det er eit dilemma når eg skriv om hans aller mest ­sårbare sider. Han kan ikkje forsvara seg og anar ikkje at han er utlevert. Slik sett er det lettare for meg. Eg får ikkje ein sint romankarakter etter meg som føler seg krenka.

Nilssen meiner at det er ­problematisk når tredjepersonar kjenner seg uthengt i litteraturen.

Eg tenker at forfattarar ofte forsvarar seg dårleg fordi dei ikkje klarer å sjå den ­andre og ta omsyn til den andre i forklaringa si, men berre insisterer på si eiga historie.

Ho saknar meir open ­refleksjon frå forfattarar som skriv verk som ligg tett opp mot eige liv.

– At alle har rett til si eiga historie, er udiskutabelt, men at ein ikkje kan ope reflektera at ein skadar andre med det ein gjer, det forstår eg ikkje.

– Men då vedgår ein samstundes at det er vedkommande ein har bygd karakteren på. Er ikkje det vanskeleg?

– Sjølvsagt er det vanskeleg, men forfattarar er i ein privilegert posisjon. Eg trur dei fleste evnar å ha ein metasamtale. Tore Renberg har sagt at «forfattarar har ingenting å tapa på å visa fram ­handa som skriv». Det er godt sagt og heilt rett.

Nilssen har ikkje tru på ein Ver varsam-plakat for litteraturen. Ti år etter Karl Ove Knausgårds første «Min kamp»-bok trur ho verkelegheitslitteraturen har nådd toppen, og spår diktinga ­sterkare tider.

– Eg trur det kjem ei vending til fiksjonen, seier ho.

– Kva er bra med verkelegheitslitteraturen?

– No blei eg uviss om det er noko bra. Men eit verk som er basert på ei sann historie, får ein større nerve, nærleik og intensitet. Særleg i politiske spørsmål er det bra. For «Tung tids tale» gav det autentisitet. Eg kunne ikkje ha dikta.

annekarih@klassekampen.no

Lørdag 18. mai 2019
Høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V) avviser at regjeringens ­politikk fører til nedleggelser av studieplasser.
Torsdag 16. mai 2019
Bokaktuelle Olaug Nilssen serverer satire om kulturmannens vaklande autoritet i sitt satiriske drama «Ikkje tenk på det».
Onsdag 15. mai 2019
Forfattere har fått mangelfulle kontrakter og altfor lav royalty for strømming hos Storytel. – Rått og brutalt, mener Forfatter­foreningen.
Tirsdag 14. mai 2019
Salget av papir­bøker stuper, men strømming av lydbøker demper fallet for storforlagene. Nå må mindre aktører også få ta del i veksten, krever bokforsker.
Mandag 13. mai 2019
SV og Senterpartiet vil sette foten ned for det de mener er en sentralisering av Universitets-Norge.
Lørdag 11. mai 2019
Steve Bannon er en person som stråler i rampelyset, også når han får motstand, sier redaktør Paul Lewis i The Guardian. Likevel vil han ikke kritisere dem som gir Bannon en scene.
Fredag 10. mai 2019
Universitetet i Sørøst-Norge har flere campuser som kan stå lagelig til for hogg, advarer forskere. Rektor har selv åpnet for å diskutere ned­leggelser.
Torsdag 9. mai 2019
Etter at Gyldendal avsluttet sin gjennomgang av plagiatanklagene mot Eirin Gundersen, er det funnet flere eksempler på ukrediterte lån. Men forlaget vil ikke røpe hvem som er berørt.
Onsdag 8. mai 2019
Norske journalister er mindre venstre­orienterte og mindre positive til innvandring enn sine svenske kollegaer, viser ny undersøkelse.
Tirsdag 7. mai 2019
Norske forlag er blottet for redaktører med ikke-vestlig bakgrunn. – Vi har jobbet altfor dårlig med rekrutteringen, vedgår Tine Kjær i Cappelen Damm.