Mandag 6. mai 2019
JENTER SOM GLIPPER: Sylvi Listhaug er tilbake i regjeringa. Det er populært i Frp, men den nyslåtte nestleiaren håper òg ho kan nå ut til fleire kvinner enn partiet når i dag.
• Sylvi Listhaug er ny nestleiar i Frp • Ho vil bøte på svak oppslutning frå kvinner
Tek opp kvinnekampen
KAMP: Sylvi Listhaug vil vinne fleire kvinner til Framstegspartiet. Og ho lovar Venstre kamp om tredelinga av foreldre­permisjon.

LANDSMØTE

Sylvi Listhaug er tilbake i regjering, denne gangen som eldre­minister, til heftige protestar frå venstresida og enkelte kritiske røyster i sam­arbeidspartia Venstre og KrF, men til stor begeistring hos partifellar. I helga vart ho valt til Frp sin fyrste nestleiar, og ifølgje VG peikar fleire i partiet på Listhaug som partileiar Siv Jensen sin etterfølgjar.  

Frp håper at «Sylvi-effekten» skal bøte på dårlege meiningsmålingar. Allereie no kan partiet gle seg over at Frp på ei ny VG-måling går fram 2,9 prosentpoeng til 13 prosent.

Men Frp går berre fram blant menn. Ifølgje VG er berre ein av fire Frp-veljarar kvinner. Partiet sin ferske nestleiar Sylvi Listhaug trur ho kan vere ein del av løysinga.

Fakta

Kvinner i Frp:

• Berre ein av fire Frp-veljarar er kvinner.

• Etter eitt år med kvinne­satsing i Frp sin partiorganisasjon ligg andelen kvinnelege medlemmar stabilt på 26 prosent.

• Sylvi Listhaug er valt til ny nestleiar. Ho vil ta opp kampen mot Venstre og tredelt foreldrepermisjon. Familie­politikken trur ho kan få fleire kvinner til partiet.

Klar for kvotekamp

Då Klassekampen treffer henne på Frp sitt landsmøte, seier ho at ho vil løfte eldreomsorg høgt på dagsorden, og gje Venstre kamp om fedrekvoten etter neste stortingsval. I regjering har Venstre fått gjennomslag for ei tredeling av foreldre­permisjonen.

– Eg har alltid vore opp­teken av like moglegheiter for menn og kvinner. Men eg meiner familien sjølv må få organisere seg, seier ho.

– NHO har vore uroa for at fleire parti no går ut mot tredelinga av foreldrepermisjonen?

– Den vil eg også gå imot.

– Der er du usamd med NHO?

– Veldig. Sjølv om eg delte permisjonstida sånn at eg var minst heime og mannen min var mest. Det var det som passa for oss. Men eg syns nesten det er litt hjarteskjerande å sjå kvinner som no er i ein situasjon der dei blir tvungne tilbake på jobb så tidleg at dei nesten ikkje er ferdige å amme. Det er altså slik at det å amme, det kan ikkje far overta uansett korleis du snur og vender på det. Du kan ikkje vedta at pappa skal få pupp, liksom.

– Så Venstre kan ikkje rekne med at tredelinga skal ligge fast også etter neste stortingsval?

– Nei, vi kjem til å kjempe for å endre på det. Absolutt.

Kvinnesatsing

I eitt år har Frp hatt ei såkalla kvinnesatsing i partiet med nyetablerte kvinnenettverk og forsøk på å rekruttere fleire kvinnelege medlemmar. Arbeidet har så langt ikkje ført til fleire kvinnelege medlemmar i Frp, skriv NTB. Etter eitt år ligg prosentdelen stabilt på 26 prosent kvinner.

Det er klart at Frp ønskjer fleire damer i partiet, slår Listhaug fast.

– Trur du at du kan bidra til å trekke kvinner til Frp, eller er tonen din for hard?

–  Eg trur damer er forskjellige, som alle andre. Eg håper at eg skal bidra til at fleire stemmer på Frp, både kvinner og menn. Så eg skal i alle fall gjere så godt eg kan.

– Din stortingskollega Jon Engen-Helgheim har sagt til Klassekampen at kvinner i større grad stemmer til venstre fordi dei er meir følelses­styrte enn menn, som han meiner er meir rasjonelle veljarar. Er det ein god analyse?

Ho ler.

– Det er forskjell på kvinner også. Vi er ikkje like. Men eg trur at tema som eldreomsorg, skule, barnehage – dei nære ting – er nok damer kanskje generelt meir opptekne av enn menn. Og dette med å vere mor, då har du ekstra kjensler for alt som har med borna dine å gjere. Det er berre ein del av slik vi er.

– No har Frp hatt kvinnesatsing i eitt år utan at de har fått fleire kvinnelege medlemmar. Kva trur du er årsaka?

– Vi må jobbe langsiktig med å få veljarar og medlemmar. Eg meiner vi må jobbe ufortrødent med dette. Det er hardt arbeid som skal til med å vise fram politikken vår. Også dei mjuke delane av den. Men eg trur også det er mange kvinner som er engasjerte i bompengespørsmålet, fordi dei ser det går ut over familieøkonomien.

– Har Frp vore bakpå i arbeidet med å engasjere kvinner?

– Nei, vi har jobba med det før også. Men no blir det meir systematisk. Med å følge opp damene, ha samlingsarenaer og slike ting. Vi håper jo at det skal gi resultat.

Skylappar

Listhaug har i fleire tilfelle gått i strupen på norske feministar. I boka «Der andre tier» skriv ho at ho ikkje vil kalle seg feminist. Ho trur likevel Frp sine verdiar kan appellere til fleire kvinner.

–  Vi ønskjer å betre samfunnet og gje valfridom i eldreomsorgen, ein barnehagepolitikk og skulepolitikk med større valfridom. Vi har ikkje ideologiske skylappar, vi meiner det er bra med mangfald og valfridom. Det trur eg mange kvinner er samde med oss i.

– Apropos valfridom: Abortdebatten som har pågått mellom regjeringspartia medan du har vore ute av regjering og som endte med gjennomslag for KrF på fosterreduksjon, trur du den har fått konsekvensar for korleis kvinner opplever dette regjerings­prosjektet?

– Det har vore mange sterke reaksjonar på det. Men det som blir gjennomført no, er ikkje noko anna enn det som var regelverket då Jonas Gahr Støre og Ap styrte. Dimensjonane denne saka fekk, står ikkje i stil med resultatet.

Eldre på dagsorden

Listhaug tek over som eldreminister etter den relativt ukjende statstråden Åse Michaelsen (Frp). Ho lovar å gjere det ho kan for å sette eldreomsorg høgare på dagsorden.  

– Sist gong du hadde ansvar for eldrepolitikken som byråd i Oslo enda det med eit mistillits­forslag og ein sjukeheim i Spania som aldri vart ferdigstilt. Går det betre denne gongen?

– Det mistillitsforslaget vart nedstemt. Og no er eg eldreminister i Noreg, så nå skal eg jobbe for dei eldre i Noreg. Og det trur eg kjem til å bli kjempeartig, for det er eit tema som eg brenn veldig for.

– Har du eit nytt prestisjeprosjekt du vil satse på?

– Å legge til rette for fleire sjukeheimsplassar, og å få kjøkenet tilbake på sjukeheimane er ei hjertesak for meg. Eg syns det er så viktig at dei eldre får skikkelig mat. No kjem det ei tilskotsordning for kommunar som vil bygge sjukeheimskjøken eller pusse opp eit gamalt kjøken som har stått og støva ned.

– Er du redd for at det kan gå som då Ap lova å fylle bassenga landet rundt, utan å lukkast?

– Det er lokale politikarar som tek beslutningane, men vi skal i alle fall tilrettelegge for at det skal vere mogleg.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 17. oktober 2019
LETTET: Etter harde slag på Fellesforbundets landsmøte vant EØS-tilhengerne med 300 mot 218 stemmer. Men de krever utredning av alternativer til EØS.
Mandag 14. oktober 2019
FRONTER: Forbundsledelsen håper i det lengste på et kompromiss, men mye tyder på at det blir kamp­avstemning for eller mot EØS i Fellesforbundet.
Lørdag 12. oktober 2019
SMUTTHULL: ­Norge vil forplikte seg til å kutte 40 prosent av utslippene innen 2030 gjennom en avtale med EU. Men avtalen åpner for at man slipper å ta kuttene i Norge.
Tirsdag 8. oktober 2019
GÅR IKKE: – Tidenes grønneste budsjett, sier Venstres Ola Elvestuen om budsjettet som viser at Norge ligger an til å bryte klimamålene for 2020 og 2030.
Lørdag 5. oktober 2019
SIER JA: MDG-profiler tar plass i Europabevegelsens sentralstyre. Byråd i Oslo, Hanna E. Marcussen, mener EU trengs for å løse klimakrisa.
Fredag 4. oktober 2019
BLÅ SMELL: Målet var at annenhver nordmann skulle bo i en Høyre-styrt kommune. Nå ligger det an til at knapt én av ti vil gjøre det.
Mandag 30. september 2019
FORVIRRING: Fylkes­topper i MDG har ulike syn på hvilken dato det må bli stans i utvinningen av norsk olje- og gass.
Lørdag 28. september 2019
RØD: – Vi er på feil lag, sier Knut Arild Hareide om regjeringsdeltakelsen. Han mener KrF kan bytte side allerede etter 2021.
Torsdag 26. september 2019
2021: Fellesforbundets leder Jørn ­Eggum vil ikke kategorisk avvise MDG-samarbeid i 2021. Men da må partiet være villig til å fire på kravet om oljesluttdato.
Tirsdag 24. september 2019
OMSTILLE: Klima og omstilling blir en hovedsak for Ap fram mot valget i 2021, varsler Ap-leder Jonas Gahr Støre.