
Fekk ikkje sjå
Verken Miljødirektoratet, Havforskingsinstituttet eller Norsk Polarinstitutt fekk høve til å sjå og kommentera dei miljøfaglege vurderingane som DNV-GL gjorde.
«Vi har ikke sett rapportene før Klassekampen sendte dem over til oss. Vi ble klar over denne praksisen i høst i forbindelse med Riksrevisjonens pågående revisjon. Så vi har vært kjent med denne praksisen en tid», opplyser seksjonssjef i Miljødirektoratet Ingvild Marthinsen i ein e-post.
Dei vil ikkje å uttala seg om dei vurderingane DNV-GL har gjort.
På spørsmål om kva dei synest om denne praksisen, viser Miljødirektorat til rapporten frå Riksrevisjonen som nyleg blei lagt fram:
«(Rapporten) anbefaler OED å være mer åpne om hvordan høringsinnspillene er vurdert og håndtert. Riksrevisjonen anbefaler også OED å ha en bedre faglig dialog med KLD (Klima- og miljødepartementet, journ.anm.) om vilkår i utvinningstillatelser hvor det er særskilte utfordringer».
Havforskingsinstituttet har ikkje har noko meining om bruk av eksterne konsulentar.
– Viss dei ikkje har kapasitet sjølv, så kan dei bruka det dei tenker er rett, for å ha ein forsvarleg prosess, seier forskingssjef Henning Wehde.
– Du trur ikkje det handlar om at dei ønsker andre svar?
– Nei, det har eg inga oppfatning av ut frå dei sakshandsamarane i Oljedepartementet som eg har kontakt med.
Norsk Polarinstitutt ønsker ikkje å uttala seg om saka.
OLJE
Miljødirektoratet kom med kraftige åtvaringar då Olje- og energidepartementet ville lysa ut 102 blokker for oljeboring i den 24. konsesjonsrunden.
Miljødirektoratet gjekk mot utlysing av 20 av blokkene. Dei ville mellom anna stenge for oljeutvinning i ei sone på 100 kilometer frå Bjørnøya, den viktigaste hekkestaden for sjøfugl i Barentshavet. Dette av frykt for oljeutslepp.
Oljedepartementet held seg til 65 kilometer, som er grensa tilrådd i forvaltningsplanen for Barentshavet frå 2015.
Det dei statlege miljøekspertane ikkje var klar over på dette tidspunktet, var at Olje- og energidepartementet sende høyringsinnspela over til det private miljøfaglege konsulentselskapet DNV-GL for vurdering.
24. konsesjonsrunde:
• I august 2016 inviterte Olje- og energidepartementet oljeselskapa til å nominera blokker dei ønskte inn i 24. konsesjonsrunde.
• Basert på dette og departementets vurdering blei 102 blokker utlyst. 93 av dei låg i Barentshavet, resten i Norskehavet.
• Til grunn ligg forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Planen er vedtatt av Stortinget i 2015.
• I høyringa gjekk dei statlege miljøinstansane mot ei rekke av framlegga til nye blokkar.
Ulike konklusjonar
Knappe to veker seinare kom konsulentselskapets vurdering.
På fleire område går DNV-GL mot dei miljøfaglege vurderingane som statens miljøekspertar har gjort, mellom anna for oljeboring nær Bjørnøya.
Det går fram av rapportane som Klassekampen har fått innsyn i:
• Miljødirektoratet hevdar ny kunnskap forsterkar kunnskapen om at Barentshavet er eit viktig sjøfuglområde i global samanheng. Sjøfugl som hekkar på Bjørnøya, hentar mat opp til 100 kilometer frå øya. DNV-GL peiker derimot på at det ikkje er ny kunnskap at sjøfugl hentar mat lenger ute enn 65 kilometer. Denne kunnskapen låg til grunn for grensa som er sett i forvaltningsplanen. Om kunnskap er ny eller ikkje, er svært viktig. Det var ny kunnskap Olje- og energidepartementet bad om i høyringsrunden.
• Miljødirektoratet åtvarar om at eit utslepp av olje kan føre til «bestandskrasj» for einskildbestandar. DNV-GL peiker på si side at tidlegare risikoanalysar ikkje tilseier at einskildhendingar skal føre til bestandskrasj for dei aktuelle artane. I verste fall kan det gi reduksjonar i bestandar på frå 10 til 30 prosent.
• Miljødirektoratet skriv at vinterstid kan olje frå utslepp eller utblåsing nå is, noko som gjer det særs vanskeleg å få olja opp. DNV-GL er einig i at olja kan nå is, men skriv at sjansane er små fordi det tar tid før ho driv inn i isen. Innan den tid er det rå å koma i gang med å få olja opp.
• Miljødirektoratet meiner det er stor operativ risiko vinterstid. DNV-GL skriv at operativ risiko vert teken vare på gjennom planlegging og gjennomføring styrt av føresegner for helse, miljø og tryggleik. Tiltak må avbøta auka risiko.
Delte ut løyve i 47 blokker
Sommaren 2018 var Olje- og energidepartementet klar til å dela ut utvinningsløyva.
Elleve av utvinningsløyva var blant dei tjue blokkane innanfor 100-kilometersgrensa, som Miljødirektoratet hadde gått mot.
Klassekampen veit ikkje om dei ni som ikkje vart delt ut, vart haldne utanfor grunna dei miljøfaglege råda. Det kan også vere at oljeselskapa ikkje var interessert i desse blokkane.
DNV-GL vurderte også høyringssvara til Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet. Høyringsvara galdt i all hovudsak blokkar i andre delar av Barentshavet.
Her er kommentarane frå DNV-GL i store trekk enten at kunnskapen er kjent frå før, eller at dei ikkje treng få følgjer for framlegga til utlysing av dei 102 blokkane.
– Normative svar
Gisle Andersen er forskar ved forskingsinstituttet Norce i Bergen. Han er ekspert på miljø- og petroleumsforvaltning.
Han seier at det i lang tid har gått føre seg ein maktkamp om kva kunnskap som skal vera relevant når nye område skal opnast for oljeboring.
– Det er ikkje noko nytt at miljøinstansane kjem med kritikk i konsesjonsrunden. Grunnen til at departementet vel å bruka DNV-GL, er at det er ein motekspertise, seier han.
Ifølge Andersen har DNV-GL hatt oppdrag for både Olje- og energidepartementet og norsk olje- og gassindustri i ei årrekke.
– I miljøspørsmål er DNV-GL det føretrekte analysebyrået til Olje- og energidepartementet. Det er fasinerande at dei vel å gjera det slik. Det er sjølvsagt fordi dei får andre svar enn hos Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet.
– Er det problematisk?
– Problemet er at det som ser ut som ei fagleg vurdering, også er politisk. I realiteten er det eit normativt eller politisk svar. Det gjeld vurderingane til både DNV-GL og miljøinstansane.
Han seier risikomodellane som vert nytta, er veldig komplekse og kva resultat ein får avheng av kva parameter ein legg til grunn.
– Det har vore mykje fagleg diskusjon om kva som er rett. Det koker ned til kor stor risiko ein vil ta, seier han.
– Grundig prosess
Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) svarer i ein e-post send via kommunikasjonseininga at dei jobbar med handtera alle høyringsinnspel på ein skikkeleg måte:
«Bidragene departementet mottar fra DNV-GL er ytterligere innspill for å få et best mulig beslutningsgrunnlag. (...) Vi er veldig opptatt av at våre naturressurser skal forvaltes på en forsvarlig måte, og da vurderes selvfølgelig alle relevante hensyn og innspill grundig».
DNV-GL viste i går ettermiddag til Olje- og energidepartementet for kommentarar.
annekarih@klassekampen.no
gunnarw@klassekampen.no