Lørdag 6. april 2019
INVESTERER: Hydro har nyleg gjort store investeringar på aluminiumsverket på Husnes i Sunnhordland. Hjørnesteinsbedrifta, ved fabrikksjef Johan Berg, er storbrukar av kraft. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM
Aukar straumprisane med 10 øre, kan fleire tusen arbeidsplassar forsvinne, ifølge rapport:
Fare for milliardsmell
Undersak

Mot ny kabel

– Høgare straumprisar vil alltid vera ei uro for industrien. Meir vindkraft har bidratt til betre kraft­balanse. Fleire industribedrifter har inngått kontraktar med vindkraftverk. Det er positivt og skapar konkurranse i marknaden. Me er ikkje uroa for den europeiske energiunionen, seier Ole Børge Yttredal, direktør for miljø og energi i landsforeininga Norsk Industri.

Han er ueinig i at norsk deltaking i den europeiske energiunionen vil verka inn på straumprisen. Han understrekar at det er norske styresmakter som rår over både talet på kraft­kablar og nettleiga. Norsk Industri åtvarar mot å gi grønt lys for kraftkabelen til Storbritannia, som no er til konsesjonsbehandling.

– Me meiner me må sjå på effekten av dei to fyrste fyrst. Det er klart det gjer noko med prisen og nettkostnadane.

– Me er også uroa for tariffutviklinga, seier han. Det er viktig at vi nå får ei avklaring som er føreseieleg og gir eit riktig nivå på nettleiga for industrien. Norske styresmakter sit med løysinga.

Ifølge Yttredal sikra bedriftene seg mot svingingar i pris med langsiktige kontraktar.

– Kor disponert dei er for varierande prisar avheng av kor langsiktige kontraktar dei har og kor avhengige dei er av spotmarknaden.

DYRT: Sju kraftkrevjande industrilokomotiv kan få ei ekstrarekning på 3,4 milliardar viss straumprisane aukar med 10 øre, ifølge ein ny rapport.

INDUSTRI

Rapporten «EUs energiunion, straumprisane og industrien» analyserer kva ein auke i straumprisen på 10 øre kWh vil innebera for Hydro Aluminium AS, Alcoa Norway AS, Celsa Armeringsstål AS, Elkem AS, Eramet Norway AS, Finnfjord AS og Norske Skog AS.

Rapporten konkluderer med auka energikostnadar på svimlande 3,7 milliardar kroner.

– Auken på 10 øre er eit moderat anslag, men det vil gi store konsekvensar for lønnsemda i den kraftkrevjande industrien, åtvarar Roar Eilertsen, som har skrive rapporten.

Fakta

EUs energiunion:

• Energiunionen skal sikra at energiforsyninga i Europa er trygg og tilgjengeleg for alle.

• Den fjerde energipakka (Clean Energy for All Europeans) blei ferdigbehandla i desember 2018 og skal no implementerast. Dette er omtalt som den mest omfattande pakka med regelendringar for den europeiske kraftmarknaden.

• Stortinget vedtok i fjor å innlemma EUs tredje energipakke i norsk lov. Som ein del av det var EUs energibyrå Acer.

Fri flyt av energi

Det er kombinasjonen av norsk deltaking i EUs energiunion, fleire utanlandskablar og endringar i nettleigetariffen som i sum vil gi dyrare straum, ifølge rapporten.

Det juridiske rammeverket for EUs energiunion blei ferdig på slutten av fjoråret.

– Korleis heng innføringa av den fjerde energipakka saman med uroa for auka straumprisar?

– Når me blir integrert i EUs energiunion, overlèt me styringa av korleis straum skal flyta til eit overordna EU-behov, seier Eilertsen, som forklarar at når marknaden får bestemma, vil krafta flyta frå dei områda der prisen er låg og over til dei områda der han er dyr.

– Resultatet er ei harmonisering av straumprisane, slik at dei blir mest mogleg like. For Norge sin del betyr det at straumen får ein høgare pris enn i dag.

– Det er ingen tvil om dette, slik du ser det?

– Nei, seier han.

Vinnarane her til lands er staten, kraftkommunar og kraftbransjen: dei som sel kraft, og dermed tener pengar på høgare straumprisar.

Fleire tusen jobbar

Den kraftkrevjande industrien i Norge står direkte for 17–18.000 arbeidsplassar, ifølge rapporten.

Mange av dei er hjørnesteinsbedrifter i forskjellige kommunar i landet. I tillegg kjem verksemder som er kopla til dei.

Ifølge rapporten vil høgare straumprisar truga arbeidsplassar innanfor stål­industrien, ferrolegerings­industrien og treforedlingsindustrien.

«Syv-åtte lokalsamfunn kan komme til å miste 4–5000 arbeidsplasser», heiter det i rapporten.

På lang sikt mister den kraftkrevjande industrien heile konkurransefortrinnet ved å vera plassert i Norge. Nemleg låge straumprisar.

– Men fleire av bedriftene har langsiktige straum­avtalar. Overdriv du ikkje konsekvensane?

– Dette er knytt til langsiktige investeringar. Det er ingen ting som skjer i morgon. Men når dei må forhandla om nye kraftavtalar, så vil dei stå overfor ein kraftbransje som alternativt kan selja krafta til ein høgare pris i til dømes Storbritannia, seier Roar Eilertsen.

Kraftkablar til England og Tyskland er no under bygging. I tillegg er ein kraft­kabel til Skottland til konsesjonsbehandling no.

Den grøne industrien

Ørjan Normann er hovud­tillitsvald på Hydro Aluminium AS sitt aluminiumsverk på Husnes i Sunnhordland, og leiar for Husnes Kjemiske Fagforening. Han sit også i forbundsstyret i LO-forbundet Industri Energi og er leiar for samarbeidskomiteen for aluminium i forbundet, som samlar aluminiumsarbeidarar frå Lista i sør til Mosjøen i nord.

Sjølv om Hydro delvis er sjølvforsynt med kraft, åt­varar Normann norske styresmakter mot å setta straum­prisane på spel gjennom fleire kraftkablar til utlandet. Han er kritisk til auken i nettleiga.

– Me har klart å laga verdas reinaste og mest effektive aluminium basert på teknologiutvikling og rein vasskraft. Det må me ikkje sleppa frå oss. Dette er den grøne industrien. Me lagar eit grønt produkt som verda spør etter.

Hydro har nyleg investert 1,5 milliardar i aluminiumsverket på Husnes, som er i gang med å starta opp igjen meir av produksjonen.

– I løpet av 2021 skal me ligga på 340–350 tilsette her, seier Normann.

annekarih@klassekampen.no

Mandag 26. august 2019
AUKE: SV gjer det godt på meiningsmålingar i heile landet. I Vaksdal får partiet 23,7 prosent på lokal måling, opp 9,7 prosentpoeng frå valet i 2015.
Lørdag 24. august 2019
KRISEVEKST: Både ekspertar og partileiar Siv Jensen set Frp si vekst i samanheng med partiet si handsaming av bompengesaka internt i regjering.
Fredag 23. august 2019
HÅP: Arbeidarpartiet går ned i ei rekke kommunar, men i industri­bastionen Årdal siktar Ap mot reint fleirtal. Denne veka kom Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum på vekkingsmøte i bygda.
Torsdag 22. august 2019
POLITI: Norske moskeer fikk ikke PSTs varsel om en økt trussel fra høyreekstreme. Politi­direktoratet sier at politidistriktene ble bedt om å «opprette dialog» med trossamfunnene.
Onsdag 21. august 2019
TRUSSEL: I mai ga PST politiet beskjed om at trussel­nivået for angrep fra høyre­ekstreme var økt. Moskeer var aktuelle mål, men ingen informerte dem.
Tirsdag 20. august 2019
KRISE: – Dersom andre partier ikke synes at Granavolden-erklæringen er god nok, så får de trekke seg fra regjeringen, sier Venstre-ordfører Lena Landsverk.
Mandag 19. august 2019
ADVARSEL: Russland har rustet opp. Hvis ikke Norge følger etter, vil USA ta over kontrollen i norske nærområder. – Da mister vi stadig mer råderett, sier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.
Lørdag 17. august 2019
AVLYSER: Hurtigruten må avlyse to planlagte cruise til Frans Josefs land fordi Russland nekter skipene å seile i russisk farvann.
Fredag 16. august 2019
AVFALL: Landbruket er blant de beste i klassen i plast-retur. Likevel blir mer enn 2000 tonn brukt plast hvert år ikke levert til retur.
Torsdag 15. august 2019
VARME: Da broren til den terrorsiktede la ut en video der han deler sin desperasjon, strømmet norske muslimer til kommentarfeltet for å dele kondolanser, lykkeønskninger og hjertesymboler.