Mandag 25. mars 2019
INGEN RAUDGRØNE LOVNADER: Sp-nestleiar Marit Arnstad (til høgre) seier partiet konkurrerer med Ap mange stader og at det då kan bli naturleg å samarbeide med Høgre. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
• Sp-Arnstad vil ikkje love lokal venstresving • Ap-Stenseng skuffa
Sp vil ikkje gå i takt
Undersak

Folk på møtet

Odd Vangen, Ås i Akershus

– Bjørnar Moxnes frå Raudt. Han er klar og tydeleg, og ein tydeleg opposisjon til mainstreamen.

Margunn Samnøy, Organisatorisk nestleiar i Hordaland Sp

– Knut Arild Hareide (KrF). Han har likt syn som Senterpartiet på mykje.

Odd Iver Sara, Alta i Finnmark

– Knut Arild Hareide (KrF). Eg var ein gang i møte med han då han var miljø­vernminister, han var veldig imøtekomande.

Gyro Heia, Birkenes i Agder

– Eg hadde veldig sansen for Jens Stoltenberg (Ap). Han evna å sjå heile landet og til å samle folk.

KALD SKULDER: Aps Kjersti Stenseng og Fagforbundets Mette Nord vil ha raudgrøn samarbeidsvilje i haustens lokalval, men møter ei kald skulder frå Sp.

Valkamp

– Eg opplever at folk trekk litt på skuldrene.

Det seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad om reaksjonane i Sp på Fagforbundet sin beskjed om at Sp må velje raudgrønt samarbeid lokalt.

Fagforbundet er Senterpartiet sin suverent største økonomiske givar, og gir partiet 2,25 millionar kroner årleg.

Torsdag skreiv Klassekampen at leiar i Fagforbundet Mette Nord gir Sp beskjed om å flagge side i kommunar og fylke før valet.

«Vi har en klar beskjed til Senterpartiet: Dere må søke samarbeid med venstresida i kommunene og fylkene, ikke gjøre hestehandler med Høyre og Frp i forbindelse med valget i høst», sa Mette Nord.

Utspelet kom på bakgrunn av at Sp går til val utan å avklare om dei vil samarbeide til høgre eller venstre i ti av elleve fylke.

Også i mange kommunar nektar partiet å fortelje kven dei vil samarbeide med.

Fakta

Nei til evig truskap:

• I helga heldt Senterpartiet landsmøte i Hamar.

• Partiet gjer det svært godt på meiningsmålingane. For andre månad på rad er Sp større enn Frp, sist i Dagbladets meiningsmåling for mars.

• Sp er raudgrøne nasjonalt, men samarbeider med høgresida fleire stader lokalt.

• Fagforbundet er Sps største bidragsytar. Torsdag skreiv Klassekampen at leiar i Fagforbundet Mette Nord gir Sp beskjed om å flagge side i kommunar og fylke før valet.

Ap går også til høgre

Når Klassekampen treff Arnstad på Sp-landsmøtet, minner ho om at også Ap samarbeider med høgresida.

– Det er femti–seksti kommunar i Noreg der Arbeidarpartiet styrer saman med Høgre. Eg kan ikkje sjå at det er grunn til å hevde at det blir meir privatisering og dårlegare arbeidstakarrettigheiter i dei kommunane der Ap har gått saman med Høgre. Spørsmålet er kva Fagforbundet meiner Ap skal gjere i dei kommunane, seier ho.

Laurdag presiserte Fagforbundet at Mette Nord faktisk stiller same krav til raudgrønt samarbeid til Ap og SV.

Ap og Sp i konkurranse

Arnstad seier det ikkje det nødvendigvis er ein samanheng mellom Høgre-samarbeid og politisk høgresving i kommunane.

– I dei fleste kommunar der Ap samarbeider med Høgre, er Ap større enn Høgre. Og der Sp samarbeider med Høgre, er vanlegvis Sp større enn Høgre. I dei fleste kommunar der du får den typen samarbeidskonstellasjonar, er det ofte fordi Ap og Sp er i konkurranse med kvarandre. Begge parti vil vere det store partiet, anten det er Ap i samarbeid med Høgre eller Sp i samarbeid med Høgre.

– Kvifor er det slik?

– Både Sp og Ap står sterkt ute i distrikta. I ein del distriktsfylke, inkludert mitt eige, er vi konkurrentar. Vi samarbeider om noko, men konkurrerer også om politisk kurs og om posisjonar, seier Arnstad.

– Og då vel Sp og Ap posisjonar framfor raudgrøn samling?

– Nei. Men då vel Ap i Verdal å samarbeide med Høgre i staden for Sp for å sikre Ap si politiske linje. Og så vel Sp å samarbeide med Høgre i Stjørdal for å sikre oss Senterparti-ordførar og Sp si politiske linje.

Arnstad seier Fagforbundet er nøydde til å akseptere at norske kommunar er mangfaldige.

– Det er våre folk i kommunane sjølve som kjem til å avgjere kva veg dei vil samarbeide. Det kjem ikkje vi til å styre sentralt.

Stenseng: Skuffa

Partisekretær i Arbeidarpartiet Kjersti Stenseng er skuffa over Senterpartiet.

«Spørsmål om samarbeid er til syvende og sist en lokal beslutning. Det er likevel viktig for meg å sende et signal fra partiet sentralt. Det skuffer meg at Senterpartiet ikke ønsker å gjøre det samme», skriv ho ein e-post til Klassekampen.

Stenseng er glad for Nord og Fagforbundet si oppmoding til dei raudgrøne partia om å samarbeide med kvarandre framfor Høgre og Frp.

«Jeg er tydelig i min oppfordring til sentrum-venstre-samarbeid til Arbeiderpartiets ordførerkandidater, for å unngå høyrepolitikk med økte forskjeller, mer privatisering og sentralisering», skriv Stenseng, som held fram at Ap-styrte kommunar har vore eit «bolverk mot høyreregjeringa».

«Spesielt i arbeidslivspolitikken gjennom hele og faste stillinger, nei til privatisering og seriøsitetskrav mot sosial dumping. Jeg frykter at det kan det bli slutt på, dersom Senterpartiet i stedet velger samarbeid med høgresida i mange kommunar».

Mette Nord er overraska over reaksjonane på sitt utspel.

– Eg er litt overraska over at dette skaper så stor motstand, seier ho.

– Har du forståing for at det er vanskeleg å gripe inn i lokalpolitiske avgjerder?

– Eg har ikkje bede Sp gripe inn, men om å oppmode lokalpartia om raudgrønt samarbeid.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 2. april 2020
BREMS: I morgen legger regjeringen fram en plan for kontantstøtte til korona­rammede bedrifter. SV, Rødt og LO vil ha klare regler som forhindrer at kapitalister beriker seg på ordningen.
Lørdag 21. mars 2020
SKEPTISK: I dag får justisminister Monica Mæland trolig fullmakt til å overstyre Stortinget. Det skremmer mannen som hadde jobben hennes inntil 2018.
Torsdag 19. mars 2020
OMSTILLING: SV vil bruke koronakrisa og oljepris­fallet til å omstille norsk industri. – Det er en tid for alt, svarer Arbeiderpartiet.
Tirsdag 17. mars 2020
DYR: Ingen vet hvor mye Stortingets koronapakke koster. Likevel tror partiene at de vil måtte åpne pengesekken igjen snart.
Lørdag 14. mars 2020
PÅ JOBB: Regjeringen forventer 20.000 permitteringer. Jo mindre de tjener, jo hardere rammes de.
Mandag 9. mars 2020
DONASJON? – En åpning for egg­donasjon må aldri bety at vi aksepterer kjøp og salg av kvinnekroppen, sier SVs nestleder Kirsti Bergstø.
Fredag 6. mars 2020
NOK: – Asylretten har kollapset, sier Høyres innvandringspolitiske talsperson. Partiet har et klart mål: Norge skal slutte å behandle asylsøknader.
Mandag 2. mars 2020
SAMMEN: Agenda, Virke og fag­forbundet HK mener politikerne gjør for lite for å møte jobbraset i varehandelen.
Lørdag 29. februar 2020
RETT: Fire måneder etter at regjeringen slo alarm om justismord mot trygdede, sår EU tvil om hvorvidt Nav egentlig gjorde noe galt. Det tar Torbjørn Røe Isaksen med ro.
Fredag 28. februar 2020
STRID: Det ble stille da Trine Skei Grande tok Abid Raja og Sveinung Rotevatn inn som statsråder. Men på bakrommet kjemper fremdeles støttespillerne for å felle lederen.