Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ukultur

  • Reiselivsleiaren og jaktentusiasten Hilde Charlotte Solheim tek eit flengande oppgjer med det ho kallar ein ukultur i delar av jegermiljøet her i landet. Ho har saman med ektemannen, næringslivsleiaren Stein Lier Hansen, trekt seg frå eit foredrag på Camp Villmark-messa på Lillestrøm i slutten av april, på grunn av sjikane, appellar om boikott og tilløp til trugsmål. Hovudmålet for aggresjonen er Lier Hansen, som for 30 års tid sidan var generalsekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJJF). Han har sidan hatt sentrale posisjonar i miljøforvaltinga og er ein profilert forsvarar av ulv i naturen, og blir av somme sett som ein personifisert forrædar,