Tirsdag 5. mars 2019
STRID: AUF-leiar Ina Libak vil verna Lofoten, Vesterålen og Senja, og skrota leiterefusjonsordninga. Barbro Auestad i LO-forbundet Industri Energi åtvarar. FOTO: FARTEIN RUDJORD OG TOM HENNING BRATLIE
• Østfold Ap har sendt forslag om å avskaffa leiterefusjonsordninga • Industrien åtvarar
Frontane skjerpast
SPRIK: AUF og klimapolitikarar gjer seg klare til kamp mot leite­refusjonsordninga på Aps landsmøte. Industrien for­tvilar.

AP

«Arbeiderpartiet vil: Avslutte alle særordninger for olje­industrien hvor fellesskapets midler tar kostnaden for å lete etter- og åpne nye oljefelt. Avskaffe leterefusjonsordningen og redusere friinntekten Vri skattefordelene over til grønne næringer».

Forslaget er det Klima- og miljøutvalet i Østfold Arbeidarparti som står bak. Forslaget er vidaresendt av Østfold Ap til Aps landsmøte.

Petra Brinch sit i kommunestyret i Askim i Østfold for Ap, og var leiar for klimautvalet då forslaget blei formulert. Ho seier det er to hovudgrunnar til at leiterefusjonsordninga bør avviklast.

– Den norske petroleumsnæringa har svært gunstige ordningar. Me kan ikkje bruka fellesskapets midlar på oljefelt som mest sannsynleg ikkje blir lønnsame, seier ho.

– Det andre er klimaet. Me må la olja bli liggande og derfor må heller investera i fornybarsamfunnet, seier Brinch, som no meiner det er eit taktskifte på gang i Ap. Ho viser blant anna til klimapolitisk talsperson i Ap Espen Barth Eide som har opna for å diskutera leiterefusjonsordninga.

Fakta

Oljepolitikk:

• Landsmøtet i Ap blei i 2017 einige å verna delar av områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja og opna for ei konsekvensutgreiing av andre delar.

Ei rekke fylkeslag og AUF vil no skrota kompromisset frå 2017. Ifølge ei oppteljing VG har gjort, kjem 213 av 300 delegatar til Ap-landsmøte med oljenei-vedtak i ryggen.

• I eit intervju med Klassekampen tidlegare i vinter sa klimapolitisk talsperson i Ap Espen Barth Eide at ein i framtida må vurdera leiterefusjonsordninga.

Taktskifte internt

Ei rekke fylkeslag i Ap valde denne helga å forlata partiets oljekompromiss frå 2017. Ei oppteljing VG har gjort viser at heile 213 av 300 delegatar til Aps landsmøte i april stiller med eit olje-nei i ryggen. I Bergen valde den lokale fagforeiningstoppen Roar Abrahamsen å melda seg ut av Ap, blant anna på grunn av tvila som er sådd om landets oljepolitikk.

På landsmøtet blir ein omkamp om Lofoten, Vesterålen og Senja altså toppa av eit ­ønske frå fleire om å endra ­eller kutta leiterefusjons­ordninga.

Også AUF-leiar Ina Libak gjer seg klar for debatt om leiterefusjonsordninga når Aps landsmøte opnar i april.

– Ja, eg håpar det blir debatt om både leiterefusjonsordninga og dei skattefordelane som er for oljeindustrien generelt, seier ho.

Stortingsrepresentant og leiar for Østfold Ap, Stein Erik Lauvås, understrekar at forslaget frå Klima- og Miljøutvalet ikkje er realitetshandsama, men sendt direkte til landsmøtet.

Sjølv meiner han leiterefusjonsordninga bør stå seg og seier olje- og gassnæringa vil vera viktig for norsk økonomi i lang tid framover, men han opnar likevel for debatt. Han meiner det må vera rom for å diskutera korleis ulike skatt- og avgiftsordningar for næringslivet er lagt opp.

– Opp gjennom historia har ingen skattar og avgifter vore totalfreda, seier han.

– Så du ønsker debatten velkommen?

– Ja, og der er eg og Espen Barth Eide einige. Me må ha diskusjon om rammevilkåra, også for oljenæringa, seier Lauvås og poengterer at det ikkje vil komma endringar over natta, og at ei endring fyrst bør skje etter ei utgreiing i samarbeid med næringa.

Skuffa over Ap-lag

I industrien er det stor uro knytt til at fleire i Arbeiderpartiet tar til orde for å endra eller skrota den gunstige leiterefusjonsordninga.

– Det vil vere destruktivt å så tvil om leiterefusjonsordninga. Den er helt nødvendig for gode rammevilkår, seier Barbro Auestad.

Ho er leiar for samfunnspolitisk avdeling i LO-forbundet Industri Energi.

Ho meiner uvisse om leiterefusjonsordninga kan gjera at utanlandske selskap kvir seg for å gjera investeringar i Norge.

– Ordninga bidrar med veldige summar til fellesskapet og tener oss godt, seier Auestad.

Ståle Knoff Johansen, er hovudtillitsvald på Kværner Verdal i Trøndelag, for organiserte i Fellesforbundet (LO). Han meiner AUF og delar av Ap førebur eit stormløp mot industrien.

– Dette handlar ikkje om fornuft, men om ei generell motstand mot fossil energi. Ein vil legga ned verdas reinaste oljenæring og la oligarkar og oljesjeikar tene milliardar på kostnad av velferdsstaten, seier Johansen.

Han meiner det er helt avgjerande med trygge rammer for å sikra oppdrag til leverandørindustrien.

– Verda treng den energien me produserer. Ingen tener på at industrien raserast. Eg håpar politikarane er vaksne nok til å ta avgjerder basert på kunnskap og fornuft, ikkje populisme og kjensler.

Delar uroa

Brinch og Libak seier dei har forståing for at industrien er bekymra.

– Eg delar uroa, men eg er ueinig i at løysinga er å halda fram. Det verste me kan gjera for dei mange tusen som jobbar i olja, er å la det skura og gå, seier AUF-leiaren.

– Dei som jobbar i olja i dag, er dei viktigaste inn i det grøne skiftet. Me treng alle, men me må starta omstillinga no. Eg håpar at oljeindustrien vil vera med på den endringa, seier Brinch.

innenriks@klassekampen.no

Mandag 20. mai 2019
FRIHET: Ytrings­friheten er truet av både Facebook og hatprat, og Torbjørn Røe Isaksen vil ettergå hvordan de store private selskapene styrer offentligheten.
Lørdag 18. mai 2019
OMKAMP: Etter at regjeringens spare­plan har gått i vasken, tror Liv Signe Navarsete (Sp) på omkamp om Andøya.
Torsdag 16. mai 2019
PRISSJOKK: Frank Bakke-Jensen (H) åpner for at andre kan måtte ta regningen for ekstra kostnader. – Kan bety å sende regningen til velferden, pensjonister og fattige, sier SV.
Tirsdag 14. mai 2019
LIKT OG ULIKT: Lammekarré og rødvin til tross, norske islam­kritikere fikk ikke servert det de ­ønsket seg da de hadde Steve ­Bannon til bords.
Lørdag 11. mai 2019
OLJEVENN: Rødts Mímir Kristjánsson utfordrer partiets oljepolitikk. Han er i konflikt med nesten hele partiet, svarer partiets nestleder.
Torsdag 9. mai 2019
PRISSJOKK: Audun Lysbakken mener statsministeren bortforklarer merkostnader til nye kampfly. I tillegg kan dyrere våpen presse opp prisene ytterligere.
Tirsdag 7. mai 2019
STERKE: Bunadskledde rebeller har jaget helsebyråkratene på retrett. Nå konkurrerer Ap og Senterpartiet om å overstyre helse­foretaket i Møre og Romsdal.
Mandag 6. mai 2019
KAMP: Sylvi Listhaug vil vinne fleire kvinner til Framstegspartiet. Og ho lovar Venstre kamp om tredelinga av foreldre­permisjon.
Lørdag 4. mai 2019
SKRUR TIL: Frp håper å få med seg Ap på forslag om å sette et øvre tak på hvor mye ytelser folk kan få fra det offentlige. Økonom sier et tak kan øke barnefattigdommen.
Tirsdag 30. april 2019
VIL HENTE: FpU går imot partiprofiler og åpner opp for å hente hjem alle norske barn av IS-krigere, men ikke foreldrene.