Onsdag 27. februar 2019
MISTA ALLE VERV: Då Høgre konkluderte med at stortings­representant Kristian Tonning Riise hadde begått fleire brot på partiet sine etiske retningslinjer, mista han alle verv i partiet. Her frå Høgre si valvake i 2015. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN
Høgres lokallagsleiarar i Hedmark set døra på gløtt for Kristian Tonning Riise:
Riise kan få fornya tillit
COMEBACK? Lokale Høgre-leiarar frå Hedmark opnar for å nominere Kristian ­Tonning Riise til Stortinget for ein ny periode.

Høgre

Det kan gå mot ein ny stortingsperiode for Kristian Tonning Riise (H). Lokallags­leiarar i Hedmark som Klassekampen har snakka med, seier dei ikkje vil utelukke at Riise kan vere ein kandidat når nominasjonskomiteen i Hedmark Høgre skal ta til på arbeidet med liste til stortingsvalet i 2021.

– Kristian må få ein sjanse til å bygge opp tillit. Om vi seier nei allereie no, så har han ikkje fått ein sjanse, seier Høgre-leiar i Riise si heimkommune Stange, Per Olav Hansen.

Kristian Tonning Riise, som fram til i fjor var leiar i Unge Høgre, vart fråteken alle verv i Høgre etter at partiet konkluderte med at Riise hadde gjort fleire brot på partiet sine retningslinjer om seksuell trakassering, alkoholbruk og framferd overfor medlemmar.

Fakta

Metoo i politikken:

• I går skreiv Klassekampen at Ap-profilar i Trøndelag vil renominerte Trond Giske (Ap) til Stortinget. Giske gjekk i fjor av som nestleiar i Ap etter varslar om seksuell trakassering.

• Ein ringerunde Klassekampen har gjort, syner at lokale Høgre-leiarar i Hedmark ikkje vil utelukke å renominere Kristian Tonning Riise (H) til Stortinget.

• Riise mista alle verv i Høgre i fjor, etter at partiet konkluderte med at han hadde gjort seg skuldig i seksuell trakassering i partisamanheng.

Sit på Stortinget

Riise sit framleis på Stortinget for Høgre. Tidlegare denne månaden leidde Kristian Tonning Riise årsmøtet i Innlandet Høgre, ein samanslutnad av Oppland Høgre og Hedmark Høgre. Det var BT som først omtalte saka.

Måndag sa Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot til Dagbladet at Riise sin framferd på fylkesårsmøtet til Innlandet Høgre «aldri burde ha funne stad». Ho minte om at Riise per i dag ikkje har høve til å delta på arrangement i regi av Unge Høgre eller på nasjonale arrangement i regi av Høgre.

– Må kunne tilgje

Ei ringerunde som Klassekampen har gjort til Hedmark sine 22 kommunar, syner at seks lokale Høgre-leiarar er opne for å diskutere Riise sitt kandidatur når nominasjonsprosessen tek til om eitt år. Fire seier tvert nei, seks vil ikkje uttale seg om saka, og resten har ikkje svart på Klassekampen sin førespurnad.

Per Olav Hansen i Stange understrekar at det framleis er eit år til problemstillinga blir aktuell.

– Det er litt tidleg å seie noko. Om eit års tid er prosessen i gang. Akkurat no er han Hedmark sin einaste Høgre-representant på Stortinget. Han må få ein sjanse til å gjere ein jobb, til å jobbe politisk, seier Hansen.

Leiar for Elverum Høgre Joakim Ekseth seier han «ikkje er kategorisk på at dette ikkje kan bli snakka om».

– Vi har ikkje hatt diskusjonen i lokalforeininga enno, men vil ta det når den tid kjem, seier han.

Ekseth sin partikollega i Gausdal Høgre i nabofylket Oppland, Andreas Smith-Erichsen, seier døra «absolutt ikkje er lukka» for Riise.

– Ein bør kunne tilgje, men han bør samstundes kunne oppføre seg i framtida, seier Smith-Erichsen.

– Han må vise forstand og klokskap framover og ikkje hamne utpå noko tøvete til, som Trond Giske har gjort. Han må halde sin sti rein.

Smith-Erichsen får stønad frå leiar i Gjøvik Høyre Ketil Randen Sveen seier saka handlar om «kva samfunn vi skal ha».

– Skal vi ha med berre dei som er totalt feilfrie, eller skal vi ha eit samfunn som kan tilgje og gje folk ein ny sjanse?

– Eg er advokat, og innanfor strafferetten blir folk «putta inn» dersom det er stor fare for gjentaking. Dersom ikkje, får dei ein ny sjanse, seier Sveen.

– Hån mot ofra

Maren Kværness Halberg i Rendalen Høgre er avvisande til å gje Riise ei ny periode på Stortinget. Ho seier til Klassekampen:

– Det ville vere ein hån mot ofra dersom Høgre skulle seie at denne saka berre gløymer vi.

Leiar i Trysil Høgre Morten Olesen Lutnæs seier Riise har mista tillit.

– Han har gjort ei blemme, men kunne ikkje miste plassen på Stortinget. Eg tør ikkje spå kva som skjer når denne perioden er omme, men han har mista tillit. For å halde på posisjonen sin må han opparbeide seg ny tillit.

Riise: Ingen kommentar

Klassekampen har spurt Riise om ein kommentar til at fleire i heimfylket hans ikkje vil utelukke at han kan bli nominert til Stortinget på ny.

I ein sms skriv Riise at «det har jeg ingen kommentar til på nåværende tidspunkt».

I ein annan sms skriv han at han ser fram mot kommunevalet. «Nominasjonsprosessen foran neste stortingsvalg er på ingen måte i gang enda, og jeg kommer uansett til å orientere Hedmark Høyre først om hva jeg tenker når den tid kommer. Nå er det et drøyt halvår til kommunevalget, og vi har mange gode kandidater for Høyre i Innlandet. Så det er også mitt eneste fokus akkurat nå», skriv Riise.politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 27. februar 2019 kl. 12.56
Mandag 20. mai 2019
FRIHET: Ytrings­friheten er truet av både Facebook og hatprat, og Torbjørn Røe Isaksen vil ettergå hvordan de store private selskapene styrer offentligheten.
Lørdag 18. mai 2019
OMKAMP: Etter at regjeringens spare­plan har gått i vasken, tror Liv Signe Navarsete (Sp) på omkamp om Andøya.
Torsdag 16. mai 2019
PRISSJOKK: Frank Bakke-Jensen (H) åpner for at andre kan måtte ta regningen for ekstra kostnader. – Kan bety å sende regningen til velferden, pensjonister og fattige, sier SV.
Tirsdag 14. mai 2019
LIKT OG ULIKT: Lammekarré og rødvin til tross, norske islam­kritikere fikk ikke servert det de ­ønsket seg da de hadde Steve ­Bannon til bords.
Lørdag 11. mai 2019
OLJEVENN: Rødts Mímir Kristjánsson utfordrer partiets oljepolitikk. Han er i konflikt med nesten hele partiet, svarer partiets nestleder.
Torsdag 9. mai 2019
PRISSJOKK: Audun Lysbakken mener statsministeren bortforklarer merkostnader til nye kampfly. I tillegg kan dyrere våpen presse opp prisene ytterligere.
Tirsdag 7. mai 2019
STERKE: Bunadskledde rebeller har jaget helsebyråkratene på retrett. Nå konkurrerer Ap og Senterpartiet om å overstyre helse­foretaket i Møre og Romsdal.
Mandag 6. mai 2019
KAMP: Sylvi Listhaug vil vinne fleire kvinner til Framstegspartiet. Og ho lovar Venstre kamp om tredelinga av foreldre­permisjon.
Lørdag 4. mai 2019
SKRUR TIL: Frp håper å få med seg Ap på forslag om å sette et øvre tak på hvor mye ytelser folk kan få fra det offentlige. Økonom sier et tak kan øke barnefattigdommen.
Tirsdag 30. april 2019
VIL HENTE: FpU går imot partiprofiler og åpner opp for å hente hjem alle norske barn av IS-krigere, men ikke foreldrene.