Mandag 25. februar 2019
PLASS TIL MANGE: Ferja Gloppefjord kan frakte 349 menneske og 120 bilar mellom Anda og Lote i Sogn og Fjordane. No slår Norsk sjøoffiserforbund og Sjømanns­forbundet alarm om tryggleiken på dei norske ferjene.
• Mannskap slår bemanningsalarm • Seier dei ikkje maktar å løyse redningsoppgåver
Fare på ferje i fjorden
Undersak

Sitat frå rapporten

En av dem skal klar­gjøre bærbart slokkeutstyr og bære det til brann­stedet, han skal for­flytte passasjerer til sikre områder, og han skal yte førstehjelp og ta hånd om skadde personer. Altså, vi snakker om Jesus.

Nedbemanningen har alt gått altfor langt og er ute av kontroll. Bemanningen i dag tar ikke nok høyde for slike hendelser.

[Det] vil i enkelte situasjoner kunne være svært utfordrende å assistere funksjons­hemmede samtidig som man utfører andre oppgaver.

Når alt dette skal skje samtidig mens brannen stadig utvikler seg, mener jeg at vi er sjanseløse. Alle øvelser vi har hatt, bekrefter dette.

Jeg krysser fingrene hver dag jeg går på jobb for at vi ikke får full ferje den dagen det skjer noe alvorlig.

VARSKU: Ferjer som trafikkerer norske fjordar er for dårleg bemanna viss det oppstår ein krisesituasjon om bord. Det hevdar mannskapet i ein fersk rapport.

SAMFERDSEL

– Det er lagt opp til at passasjerane må berga seg sjølve.

Det seier Harald Åge Weines, kaptein på ferja som går over Vestfjorden i Ofoten mellom Lødingen og Bognes.

Weines, som er medlem av Norsk sjøoffisersforbund, er blant mange sjøfolk på norske ferjer som uroar seg over at bemanninga er for låg dersom det oppstår ei krise om bord.

Skrekken er ein stor brann og at ein må evakuera passasjerane.

I ein ny rapport Safetec har laga på oppdrag for Norsk sjøoffisersforbund og Sjømannsforbundet, kjem det fram at:

• Nær 40 prosent av dei tilsette trur det er usannsynleg eller lite sannsynleg at dei kan bidra til sløkking av brann eller til å få kontroll over passasjerane.

• Over halvparten trur det er usannsynleg eller lite sannsynleg at dei kan hjelpa rørslehemma ved ulukker.

• Nær 60 prosent trur det er usannsynleg eller lite sannsynleg at dei kan handtera panikk mellom passasjerane.

Fakta

Ny rapport om ferjer i lokalfarten:

• Rapporten omhandlar kapasiteten til å handtera ulike krisesituasjonar om bord.

• Rapporten er utarbeidd av selskapet Safetec, på oppdrag frå Norsk Sjøoffisersforbund, Sjømannsforbundet og LO.

• Rapporten baserer seg på intervju medulike aktørar og ei spørsjeundersøking blant mannskap og passasjerer. Blant aktørane som er intervjua er: Statens vegvesen, Sjøfartsdirektoratet, NHO Sjøfart, tillitsvalde i ulike forbund og fylkeskommunale trafikk­selskap.

Passasjerane er tryggare

Ikkje alt ser like mørkt ut. Eit stort fleirtal av dei 927 spurde sjøfolka trur dei har tid til gje instruks gjennom høgtalar­anlegg og vise passasjerane veg til flåte og redningsvest.

Undersøkinga viser at 1327 passasjerane som er spurde, gjennomgåande har større tillit til mannskapet enn det mannskapet sjølv har ved ein krisesituasjon.

Weines, som jobbar for ferje­selskapet Torghatten Nord, omtalar seg som blant dei heldige kapteinane.

– Me er heldige fordi me har catering, og dermed litt tilleggsbemanning. Men sjølv då er me få. Me er sju personar, og ferja tar 400 passasjerar, seier han.

Tynnsliten tillit

Den erfarne kapteinen har 35 år bak seg på ulike ferjer i lokal­trafikken. Han skildrar ein bemanningssituasjon som er blitt verre med åra. Han har vore tillitsvald i Norsk Sjø­offisersforbund i lang tid, og sat inntil for to år sidan i styret.

Han uttalar seg på generelt grunnlag, og ikkje om situasjonen i Torghatten Nord.

Men sjølv om reiarlaga kuttar i bemanninga, må ansvaret plasserast hos Sjøfarts­direktoratet, meiner han.

– Me har fleire eksempel på at kapteinar har sagt at det ikkje er forsvarleg med nedbemanning, men Sjøfarts­direktoratet godkjenner alt som reiarlaga ønsker. Eg trur tilliten til Sjøfartsdirektoratet blant kapteinar er null, seier han.

Som kaptein har han ansvar for tryggleiken om bord, men kjenner seg stundom makteslaus.

– Me kapteinar blir sett i ein vanskeleg situasjon. Me blir gjort ansvarlege for dei uansvarlege, seier han.

Når reiarlaga vil gjera endringar i nedbemanninga, har mannskapet rett til å uttala seg.

– Ei ferje kan gå ned frå sju til fire mann over natta. Det har me fleire eksempel på at har skjedd, seier Weines.

Kapteinen er særleg uroa for hjelpa dei skal gi personar som har handikap eller på andre måtar treng ekstra bistand ved ei evakuering.

Jens Folland er senior­rådgivar for politikk og samfunnskontakt i Norsk sjø­offisersforbund. Han seier dei har to viktige krav:

– Det viktigaste er at tryggleikskrav i anbods­rundar. Verken dei nasjonale eller fylkesvise anboda har det. Det er hårreisande i seg sjølv.

– Nummer to er at dei tilsette i større grad blir høyrt i anbodsprosessane, seier han.

nyhet@klassekampen.no

Onsdag 22. mai 2019
ISLAMSK FINANS: Bare 11,8 prosent av et utvalg norsk-somaliere i Oslo eier egen bolig. 95 prosent ville ha kjøpt dersom det fantes en boligfinansiering i tråd med islam.
Tirsdag 21. mai 2019
UTE: Regjeringa vil med lov hindra framtidig bruk av Oljefondet i Norge. Både Senterpartiet og Raudt reagerer.
Mandag 20. mai 2019
FRIHET: Ytrings­friheten er truet av både Facebook og hatprat, og Torbjørn Røe Isaksen vil ettergå hvordan de store private selskapene styrer offentligheten.
Lørdag 18. mai 2019
OMKAMP: Etter at regjeringens spare­plan har gått i vasken, tror Liv Signe Navarsete (Sp) på omkamp om Andøya.
Torsdag 16. mai 2019
PRISSJOKK: Frank Bakke-Jensen (H) åpner for at andre kan måtte ta regningen for ekstra kostnader. – Kan bety å sende regningen til velferden, pensjonister og fattige, sier SV.
Onsdag 15. mai 2019
GÅR NASJONALT: Rundt 500 bunadskvinner viste muskler foran Stortinget i går. De varsler kamp for fødeavdelinger over hele landet.
Tirsdag 14. mai 2019
LIKT OG ULIKT: Lammekarré og rødvin til tross, norske islam­kritikere fikk ikke servert det de ­ønsket seg da de hadde Steve ­Bannon til bords.
Mandag 13. mai 2019
OSLO-MØTE: De som kom for å høre om innvandring og islam, ble skuffet. Trumps tidligere sjefstrateg snakket mest om arbeiderklassen.
Lørdag 11. mai 2019
OLJEVENN: Rødts Mímir Kristjánsson utfordrer partiets oljepolitikk. Han er i konflikt med nesten hele partiet, svarer partiets nestleder.
Fredag 10. mai 2019
TAPER PENGER: Arbeidskrimjegere kommer stadig over bedrifter som bryter loven ved å ikke spare pensjon til sine ansatte. En ny utregning anslår at over 200.000 arbeidstakere blir snytt for pensjonen de har krav på.