Torsdag 31. januar 2019
TRYGGLEIK: Føretakstillitsvald for Norsk Sjukepleierforbund ved Oslo Universitetssjukehus, Svein Erik Urstrømmen, ønskjer seg fleire fast tilsette og færre vikarar. Men Norsk Sjukepleierforbund ser ikkje positivt på utsiktene.
• Sjukehusa leiger inn meir helsepersonell • Helse Nord og Sør-Øst aukar mest
Utan kontroll på innleige
Eli Gunhild By
BOOM: Sjukehusa leigde vikarar for kring ein milliard kroner i 2018. Tillitsvalde vil ha fleire fast tilsette.

Bemanningsbyrå

Sjukehusa leiger i hovudsak inn helsepersonell med spesial­kompetanse. Føretakstillitsvald for Norsk Sjukepleierforbund ved Oslo Universitetssjukehus, Svein Erik Urstrømmen, seier det er gunstig at sjukehusa får personell med rett kompetanse, men han ville helst hatt fast tilsette.

– Det gjev eit stabilt fagleg miljø med høve til fagleg utvikling. Det er bra for arbeidsmiljøet og gjev betre tryggleik for pasientane, seier han.

Forbundsleiar i sjukepleiarforbundet, Eli Gunhild By fortel at det er aukande mangel på både sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar.

– I staden for å få fleire fast tilsette sjukepleiarar, kjøper føretaka seg dyre og kortsiktige avtaler med bemanningsbyråa, seier ho.

Fakta

Innleige av personell:

• Innleige av helsepersonell til sjukehusa gjeld i all hovudsak sjukepleiarar og legar.

• Kring 60 prosent av dei innleigde er sjukepleiarar.

• Sjukehusa leiger i hovudsak inn helsepersonell frå Noreg og dei nordiske landa.

• Tal frå Folkehelseinstituttet tyder på at vikarbruk gjev auka risiko for uønskte hendingar på sjukehusa.

• Språkproblem og manglande kunnskap om prosedyrar på sjukehusa er viktigaste årsaker til uønskte hendingar.

Mest i nord

I 2017 leide sjukehusa i landet inn helsepersonell frå bemanningsbyrå for 940 millionar kroner.

Førebelse rekneskapstal Klassekampen har henta inn for 2018, tyder på at samla innleige runda ein milliard i fjor. Dei siste sju åra har sjukehusa leigd inn helse­personell for kring seks milliardar kroner.

Hovudtyngda av innleige gjeld sjukepleiarar og legar med spesialistkompetanse.

Det er stor skilnad mellom dei regionale helseføretaka.

Helse Nord leiger høvesvis inn drygt tre gonger meir helsepersonell enn Helse Midt og Helse Vest, og kring det dobbelte av Helse Sør-Øst.

– Hovudårsaka til at Helse Nord ligg høgt, er sjukehusstrukturen med mange små sjukehus spreidd i heile regionen. Dette gjer det meir krevjande å rekruttere spesialistkompetanse enn i resten av landet, seier HR-sjef i Helse Nord, Anita Mentzoni-Einarsen.

Dobling i nord

Helse Sør-Øst har hatt ein kraftig auke i innleigd helsepersonell frå vikarbyrå, men han ligg likevel godt under den Helse Nord har sett dei siste seks åra. Der tyder rekneskapstal for dei ti første månadene i 2018 at føretaket rundar ei innleige på 250 millionar kroner i 2018, ei dobling sidan 2012.

– Konkurransen om arbeidskraft er ei årsak. Vi har både auka talet på fast tilsette og innleige. Det skuldast auka pasientbehandling ved sjukehusa. I tillegg kjem krava om å få ned talet på brot på behandlingsfrist og ventetid for behandling, seier Mentzoni-Einarsen.

Ein halv milliard i aust

Helse Sør-Øst, som er like stort som dei andre regionale helseføretaka til saman, leigde inn helsepersonell for 533 millionar kroner frå bemanningsbyrå i 2018. Kommunikasjonseininga i Helse Sør- Øst skriv dette i ein e-post til Klassekampen:

«En medvirkende årsak er trolig at landets mest spesialiserte sykehus, Oslo universitetssykehus, ligger i vår region. Pasienter som sendes dit fra andre steder i landet, kan ofte ikke få behandling andre steder. Mangler en operasjonssykepleier for å kunne gjennomføre en operasjon, må denne om nødvendig leies inn.»

I 2018 auka innleige med nær 7 prosent, syner førebelse rekneskapstal som styret i Helse Sør-Øst skal handsame i dag.

Ønskjer auka bemanning

– Aller helst skulle vi hatt ei grunnbemanning med fagfolk med rett kompetanse som var stor nok til at vi ikkje trengde hente inn folk ved sjukdom, seier føretaks­tillitsvald Urstrømmen.

Kommunikasjonseininga i Helse Sør-Øst vedgår at resultata i Helse Vest og Helse Midt syner at Helse Sørøst «har et potensial for å kunne ta ned vikarbruken ytterlegare.»

Helse Vest skil seg ut samanlikna med dei andre føretaka. Her har kostnadane til innleige gått ned frå 2012 til 2017 med 10 prosent. Helse Vest er det einaste regionale helseføretaket som kan syne til slike positive tal.

Ei viktig årsak til dette er at fleire av sjukehusa i vest har eigne vikaravdelingar med fast tilsette vikarar som dekker det meste av trongen for sjukepleiarar.

Opnar vikareining

Helse Nord har til no ikkje hatt ei eiga vikaravdeling, men det endrar seg no.

– Nordlandssykehuset etablerer i desse dagar eit bemanningssenter for sjukepleiarar, og dette arbeidet er noko Helse Nord RHF (regionale helseføretak, red. anm.) ser på som eit godt tiltak for å kunne redusere innleige og ufrivillig deltid, seier HR-sjef Anita Mentzoni-Einarsen.

Svein Erik Urstrømmen er positiv til at det vert etablert tilsvarande vikaravdelingar ved Helse Sør-Øst.

– Då får vi betre kontroll med kven sjukehuset har inne som vikar. Dei vil vere kjende på dei ulike avdelingane, noko som også gjev betre pasienttryggleik.

Norsk Sjukepleierforbund ser med uro på den kraftige auken i kjøp av helsetenester frå private bemanningsbyrå. Forbundsleiar Eli Gunhild By har merka seg den store skilnaden mellom dei regionale helseføretaka og seier at årsaka til at nokre ligg lågt, er at desse har jobba systematisk med eigne bemanningssenter.

– Dei som gjer minst, har høgast innleige. Så må vi ikkje gløyme at også dei sjukehusa som ligg lågt, nyttar store summar på innleige, pengar vi meiner kunne vore nytta på ein betre måte.

– Kva tiltak meiner de er viktigast for å få ned bruken av bemanningsbyrå på sjukehusa?

– Vi vil ha betre løns- og arbeidsvilkår og ein god grunnbemanning på postane. I tillegg vil fleire heiltidsstillingar vere eit godt rekrutteringstiltak for å få tak i faste sjukepleiarar.

Ambisjonane frå regjeringa verkar ikkje å vere særleg høge på dette området, seier ho:

– Korkje talen helseministeren held for sjukehusa tidlegare i månaden eller regjeringserklæringa synte politisk vilje til å løyse dette.

gunnarw@klassekampen.no

Tirsdag 19. februar 2019
SLUTT: Ekteparet Per Jonny og Eli Risten Skum har vært i reindriften hele livet. Nå vil de be barna finne et annet levebrød, fordi gruvedriften i Nussir-fjellet truer driften.
Mandag 18. februar 2019
NOK NÅ: Minotenks utspill om å ikke bosette flere flyktninger i utsatte bydeler får støtte fra Lena Larsen og Mahmoud Farahmand. Også SV er åpen for ideen.
Lørdag 16. februar 2019
PAUSE: – Hvis vi ikke tar tak i integreringsutfordringene, vil det styrke ytre høyre, sier Linda Noor, som vil ha pause i bosetting av flyktninger i Oslo. Frp vil ha bosettingsstans.
Fredag 15. februar 2019
GLIR UT: Forsvarets nye overvåkings­våpen skulle i utgangspunktet bare brukes mot fremmede makter og terror, men nå krever flere tilgang på informasjonen. Ekspert advarer mot utglidning.
Torsdag 14. februar 2019
TILLIT: Trond Giske får solid støtte fra partifeller i de største Ap-lagene i Trøndelag. Flere savner ham i partiledelsen.
Onsdag 13. februar 2019
BLODPRIS: Norge kan ikke lenger ta Nato for gitt. Da må vi velge USA, ikke Europa. Det kan bli dyrt, sier forskeren Asle Toje.
Tirsdag 12. februar 2019
FRYKTER KINA: Data­ekspert Gisle Hannemyr regner med at USA spionerer på oss, men mener kineserne er langt verre.
Mandag 11. februar 2019
MILLIONKRAV: Penger som skulle vært brukt på barna, ble i stedet brukt til å betale for aromamassasje, treningstimer og millionlønn for barnehage­ledelsen, ifølge tilsynsrapport.
Lørdag 9. februar 2019
BOMSKUDD: Regjeringens Langtidsplan for Forsvaret inneholdt 70 milliarder kroner for lite. Nå må planen forsterkes, sier FFI.
Fredag 8. februar 2019
RØRSLA: Aps partisekretær ga partiet en «klar marsjordre» om å prioritere fagbevegelsen på listene før kommunevalget. Oslo Ap marsjerer motsatt vei.