Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Maten

  • Med nøye planlagt regi og store ressursar i ryggen fekk rapporten om kosthald og matproduksjon frå Eat og helsetidsskriftet Lancet maksimal merksemd då den vart lansert 17. januar. Men sjølv om rapporten samlar kunnskap og reiser viktige spørsmål, gjev den altfor forenkla svar til å leggje avgjerande premiss for landbruks- og matdebatten. Hovudbodskapen om at vi bør ete meir plantebasert mat er utvilsamt riktig, men konklusjonane verkar ekstreme. Rapporten ser ut til å overdrive landbrukets del av klimautsleppa, den har lite blikk for fordelingsproblem og viser svak forståing for at nasjonale føresetnader må ligge til grunn for matproduksjonen. Metoden med å skrive ut ein slags global diett som slår fast på grammet kva vi alle bør ete av all slags mat, må vera eit blindspor.