Mandag 21. januar 2019
VEGSKILJE: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) vil legga til rette for fleire private aktørar for oppgåve som Statens vegvesen har i dag. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Statens vegvesen har fått i oppgåve å vurdera kva tenester som kan privatiserast:
Rullar løpar for private
NY VEG: Regjeringa ventar på Statens vegvesen si eiga vurdering av kva oppgåver private kan få. – Me har ei oppleving om at Vegvesenet blir riven i bitar, seier tillitsvald Alf Edvard Masternes.

STATEN

Auka bruk av teknologi og samarbeid med private aktørar skal bidra til å sikra eit ­desentralisert tilbod innan trafikant- og køyretøyområdet i Statens vegvesen.

Det skriv den nye fleirtalsregjeringa i regjeringserklæringa, som blei ferdig på ­Hadeland før helga.

Arbeidet med å sjå på kva oppgåver som kan flyttast til private aktørar, er alt i gang. Samferdsledepartementet bad i haust Statens vegvesen om å vurdera kva oppgåver private kan få.

I oppdragsbrevet frå departementet står det at som «ledd i effektiviseringsarbeidet bes det om en særlig vurdering av hvilke oppgaver som helt eller delvis kan utføres av private aktører, eksempelvis oppgaver knyttet til avvikling av­ ­førerprøver og kurs knyttet til utvikling av førerkompetanse e.l. Vi ber Statens vegvesen gjennomføre en slik vurdering, og herunder også vurdere hvordan en slik oppgave­overføring eventuelt kan gjennomføres».

Fakta

Statens vegvesen:

• Fleire grep for å omorganisera vegsektoren er i gang.

• Som ledd i regionreforma får dei nye fylka ansvaret for fylkesvegane. Det inneber at ei lang rekke arbeidsoppgåve og årsverk blir flytta frå Vegvesenet til fylka.

• Den nye regjeringa tok inn eit nytt punkt i regjeringserklæringa, samanlikna med Jeløya-plattforma, om auka bruk av private aktørar på trafikant- og køyretøyområdet.

• Selskapet Nye Vegar AS blei stifta i 2015. Det skal planlegga, bygga, drifta og halda ved like hovudvegar.

Tillitsvalde tvilar

Men at private aktørar skal ha interesse av å etablera eit tilbod på mange av dei små stadane som Statens vegvesen held til i dag, tvilar tillitsvalde i Statens vegvesen på:

– Ved små stasjonar som Storslett, Finnsnes, Lakselv, trur ikkje eg at det er nok ­arbeid til at private aktørar etablerer seg for å tilby køyreprøvar, seier Alf Edvard ­Masternes, tillitsvald for ­tilsette i Statens vegvesen, som er organisert i Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT).

Han spår ei storstilt nedlegging i åra som kjem:

– Ein privat aktør er opptatt av ei botnlinje, mens staten er opptatt av å gi eit bredt tilbod. Eg tvilar på at halvparten av dei 82 trafikkstasjonane i landet kjem til å overleva, seier han, men legg til at det kan skje uavhengig av om det blir privatisering eller ikkje.

Siw Tyldum, hovudtillitsvald for Nito-medlemmar i Statens vegvesen, tvilar også på at det er ein stor nok marknad for private på mange av dei mindre stadane som Statens vegvesen er i dag.

– Innteningspotensialet for private er avgrensa mange stadar. Det er lite sannsynleg at dei vil ha stor aktivitet mange av dei små stadane.

Blant konkrete oppgåver som skal vurderast overførast til private er, ifølge Tyldum, eit oppfriskingskurs for eldre over 65 år og mengdetreningskurs for ungdom og følgeperson som skal øvekøyra.

På privatiseringslista står også den teoretiske og praktiske førarprøva.

Tyldum trur det vil bli ­dyrare for folk dersom private aktørar skal tilby desse kursa og prøvane.

– Eg trur ikkje eldre, som kanskje har køyrd bil heile ­livet vil prioritera dette dersom dei må betala. I dag tilbyr me det gratis, seier ho, og legg til at risikoen for ulykke for eldre er høg og at det er viktig med kursing.

Frustrasjon internt

Ei rekke greip for å omorganisera skapar uvisse og frykt for framtida for tilsette i Statens vegvesen. Med regionreforma skal ansvaret for fylkes­vegane over til dei nye fylkeskommunane. Det råkar over tusen tilsette i Statens vegvesen, som får ny arbeidsgivar og enno ikkje veit kvar arbeidsstaden blir.

Nyleg blei også tre utbyggingsprosjekt flytta frå Statens vegvesen til statens nye vegselskap Nye Veier AS.

– Dette får konsekvensar for ein god del menneske. Det er milliardprosjekt som mange jobbar med, seier Tyldum.

Masternes i FLT fortel at mange kjenner på ei uvisse for framtida.

– Me har ei oppleving om at Vegvesenet blir riven i bitar no, seier han og understrekar at dei tilsette i Vegvesenet har lang erfaring med omstilling og omorganisering, utan at det har vore grunn til å tvila på framtida før.

– Det er mange forhold som no gjer at det blir vanskeleg å orientera seg om kva som blir framtida. Me har kanskje blitt omorganisert flest gongar dei siste 25 åra, men har alltid hatt ei tru på at det er ei framtid i Vegvesenet. No er det atskilleg verre å gjera den konklusjonen.

– Det ser ikkje alltid ut som ein er opptatt av at dette handlar om menneske og familiar. Ein lagar stor uvisse for kvar enkelt familie. Det uroar meg mest. Ein gløymer at det handlar om menneske, seier han.

annekarih@klassekampen.no

Onsdag 17. april 2019
ADVARER: Per Olaf Lundteigen (Sp) sier at regningen for fri arbeidsinnvandring kommer nå og vil at staten skal ta tilbake styringen av arbeidsstokken.
Tirsdag 16. april 2019
OMSTILLING: Kværner-sjef Sturla Magnus tror lønnsomheten vil synke og arbeidsplassene forsvinne ut av landet dersom verftet i Verdal skal slutte å levere til oljeindustrien.
Mandag 15. april 2019
NY RAPPORT: Lavere lønninger, mer økonomisk kriminalitet og flere biler på tomgang i sentrum. Dette blir konsekvensen av regjeringens drosjereform, ifølge Transportøkonomisk institutt.
Lørdag 13. april 2019
KALDT: Amerikanske bombefly langs norskekysten og en russisk skyteøvelse utenfor Lofoten. Forsvaret bekrefter at situasjonen i nord har tilspisset seg etter høstens Nato-øvelse.
Fredag 12. april 2019
I BLINDE: Forsvarets overvåkingsfly skal holde oppsikt over de enorme norske havområdene i nord. Denne bered­skapen er nå kraftig svekket.
Torsdag 11. april 2019
NOK: Ordførere på Nordmøre lover å utrede innmelding i Trøndelag etter folkekrav. Bygdeforsker mener det kan bli slutten for Møre og Romsdal som eget fylke.
Onsdag 10. april 2019
OLJESØL: Statens miljøekspertar frykta oljeutslepp kunne gje samanbrot i sjøfuglbestandar rundt Bjørnøya. Eit eksternt konsulentselskap meinte det var ugrunngitt.
Tirsdag 9. april 2019
SAMARBEID: Martin Kolberg (Ap) sier nei til samarbeid mellom Rødt og Ap. Raymond Johansen (Ap) er uenig. Ap-leder Jonas Gahr Støre mener det kommer an på partienes utvikling.
Mandag 8. april 2019
ULIKHET: En økende andel nordmenn mener personlig økonomi påvirker hvor god behandling man får i helsevesenet, ifølge årets helsebarometer.
Lørdag 6. april 2019
DYRT: Sju kraftkrevjande industrilokomotiv kan få ei ekstrarekning på 3,4 milliardar viss straumprisane aukar med 10 øre, ifølge ein ny rapport.