Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Professor Hans Petter Graver skriv om historia til den kommissariske høgsteretten under okkupasjonen.

Rettar i rettshistoria

EIN DØMD DOMSTOL: Høgsterett under okkupasjonen frå venstre E. Aslaksen, A.J.B. Vasbotten, J.A. Mohr (justitiarius), L.R. Konstad, G.C. Selmer. FOTO: NTB SCANPIX Ukjent

NS-dommarane i Høgsterett er stempla som politiske lakeiar, men ei ny bok finn at dei var meir bundne til rettstradisjonen.

– Vi må seia at bildet vi har hatt av Høgsterett under okkupasjonen har vore heilt feil, seier jusprofessor Hans Petter Graver.