Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politikarar frå Frp og Høgre vil ikkje la seg tvinge med på å forby tvillingabort:

Krev å få røyste ned KrF

DEBATT: Statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen, kulturminister Trine Skei Grande og nestleiar i KrF Kjell Ingolf Ropstad starta onsdag regjeringsforhandlingar på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland. Moglege endringar i abortlova er blant sakene som har fått mykje merksemd. FOTO: CORNELIUS POPPE, NTB SCANPIX Poppe, Cornelius

NEKT: Frps Åshild Bruun-Gundersen avviser at abortlova kan bli endra i regjeringsforhandlingane. Same kva Siv Jensen og dei andre kjem fram til, vil ho stå fritt til å røyste mot i Stortinget.

KrF går inn i regjeringsforhandlingane på Granavolden Gjæstgiveri på Hadeland med endring av abortlova som sitt viktigaste krav. Frå før har Venstre og Frp satt ned foten for å endre paragraf 2c i abortlova. I går sa KrFU-leiar Martine Tønnessen til NRK at KrF kan nøye seg med et forbod mot såkalla tvillingabort.