Mandag 17. desember 2018
UÅR: Tørkesommaren tok hardt på Buskerud og dei andre fylka i Sør-Noreg. 56 prosent av de spurde i Agenda-undersøkinga uroar seg mest for klimaendringane.FOTO: Maria Gossé
Nordmenn er uroa for klimaendringar, svekka velferdsstat og økonomisk ulikskap:
Dette fryktar folk flest
FRAMTIDSFRYKT: Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, ifølge eit notat frå tankesmia Agenda.

framtid

Tankesmia Agenda – som er finansiert av LO og Trond Mohn – har spurt folk om å peike ut kva utviklingstrekk dei er mest engstelege for at vil gjelde i det norske samfunnet i år 2100, og samla resultata i eit notat.

Her kjem klimaendringar, svekka velferdsstat og økonomisk ulikskap på høvesvis første, andre og tredje plass. På fjerde plass kjem «svekka demokrati», og deretter kjem kategoriane «terror eller stor fare for terror» og «svekka internasjonalt samarbeid».

Undersøkinga blant 1088 personar er gjort av Ipsos på oppdrag frå Agenda og er presentert i notatet «Slik blir framtida – og slik må politikken møte den».

Den er skriven av Hannah Gitmark og Sigrun Aasland i Agenda i samarbeid med LO stat.

Fakta

Framtid

• Notatet «Slik blir framtida – og slik må politikken møte den», er skrive av Hannah Gitmark og Sigrun Aasland i Agenda i samarbeid med LO Stat.

• Notatet skisser ulike framtidsscenario. Tankesmia har spurt tolv forskarar og samfunnstoppar kva dei tenkjer om framtida. Blant dei spurde er LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen og tidlegare NHO-sjef Kristin Skogen Lund. I tillegg baserer notatet seg på ei spørjeundersøking blant 1088 personar gjort av Ipsos på oppdrag for Agenda.

Størst terrorfrykt i nord

Agenda peikar på viktige skilnader i svar fordelt på alder, geografi, utdanningsnivå og inntekt:

Frykta for terror blir lågare med utdanningsnivå og inntekt, medan frykta for dei andre utviklingsstrekka stig med utdanningsnivå og inntekt.

Dei eldre i undersøkinga reddare for svekka velferdsstat og svekka demokrati enn dei yngre.

Terrorfrykta er størst blant folk i Nord-Norge. Folk som bur i Oslo, er meir uroa for klimaendringar enn folk elles i landet.

Gjev politikarane ansvaret

Undersøkinga viser at folk i stor grad held nasjonale og internasjonale politikarar ansvarlege for utviklinga dei fryktar vil kome. Tankesmia har spurt folk kva som er årsaka til at dei fryktar at akkurat desse utviklingstrekka vil påverke samfunnet i 2100.

Resultatet slår fast at når det kjem til svekka velferdsstat, økonomisk ulikskap og svekka demokrati, plasserer folk tydeleg ansvaret hos nasjonale politikarar. Åtte av ti meiner auka økonomisk ulikskap vil kome som resultat av at politikarane gjer for lite for å stogge utviklinga.

Ansvaret for å hindre klimaendringar og svekka internasjonalt samarbeid blir først og fremst plassert hos internasjonale samarbeidsorgan. Seks av ti meiner det er bruk for betre internasjonale samarbeidsorgan for å motverke internasjonal ustabilitet.

Agenda-leiar Trygve Svensson syns det er positivt at folk har tru på at det vil fungere å ta politisk grep for å løyse framtidas utfordringar.

– Det vitnar om framtidstru, seier han på telefon til Klassekampen.

– Viser dette at folk framleis har tillit til politikarar?

– Det viser i alle fall at dei har tillit til at politikken kan fungere, seier han.

– I valkampen i 2017 synte ei undersøking at innvandring var veljarane sin viktigaste sak. Kvifor har de ikkje spurt folk om dei er uroa for innvandring i framtida?

– Når vi stilte opne spørsmål om framtida, nemnde folk innvandring som nummer fem på kva dei trudde ville prege Noreg i 2100. Klima og velferd var på topp. Men vi jobbar også mykje med innvandring- og integrering i Agenda. Lukkast vi ikkje her, vil det gå på kostnad av velferdsstaten, seier Svensson.

For å bøte på folks uro for velferdsstaten, trur Svensson det må velferdsreformer til. Han foreslår skulemat som ei slik reform.

– Det vil kunne bygge både velferdsstat og fellesskapskjensle dersom det blir gjennomført.

Interessekonfliktar

I året som kjem trur Svensson at omgrepet «just transition» – grønt skifte på ein rettferdig måte – blir viktig. Omgrepet vart først brukt av urfolk og seinare adoptert av fagrørsla, og viser til behovet for å sikre arbeidsplassar og økonomisk fordeling i arbeidet med å ta samfunnet gjennom det grøne skiftet.

Svensson seier Frankrike, der Dei gule vestane no protesterer mot låge løner og klimakutt som råkar usosialt – som auka drivstoffavgifter – kan tene som eit eksempel.

Samfunnsøkonom i Civita, Haakon Riekels, trur nokon uansett vil måtte tape på det grøne skiftet.

– Det openbert bra at klimatiltak har legitimitet blant folk, men det viktigaste for klimaet er at dei faktisk fungerer. Folk som til dømes jobbar i kolindustrien vil kome til å tape uansett, seier han til Klassekampen.

Klimapolitikk byr på interessekonfliktar, peikar han på.

– Dei gule vestane består mellom andre av folk frå distriktet som er avhengige av bil. Det er uansett ei interessekonflikt uansett mellom folk som køyrer bil og ein vellukka klimapolitikk, seier Riekels.

politikk@klassekampen.no

Torsdag 2. april 2020
BREMS: I morgen legger regjeringen fram en plan for kontantstøtte til korona­rammede bedrifter. SV, Rødt og LO vil ha klare regler som forhindrer at kapitalister beriker seg på ordningen.
Lørdag 21. mars 2020
SKEPTISK: I dag får justisminister Monica Mæland trolig fullmakt til å overstyre Stortinget. Det skremmer mannen som hadde jobben hennes inntil 2018.
Torsdag 19. mars 2020
OMSTILLING: SV vil bruke koronakrisa og oljepris­fallet til å omstille norsk industri. – Det er en tid for alt, svarer Arbeiderpartiet.
Tirsdag 17. mars 2020
DYR: Ingen vet hvor mye Stortingets koronapakke koster. Likevel tror partiene at de vil måtte åpne pengesekken igjen snart.
Lørdag 14. mars 2020
PÅ JOBB: Regjeringen forventer 20.000 permitteringer. Jo mindre de tjener, jo hardere rammes de.
Mandag 9. mars 2020
DONASJON? – En åpning for egg­donasjon må aldri bety at vi aksepterer kjøp og salg av kvinnekroppen, sier SVs nestleder Kirsti Bergstø.
Fredag 6. mars 2020
NOK: – Asylretten har kollapset, sier Høyres innvandringspolitiske talsperson. Partiet har et klart mål: Norge skal slutte å behandle asylsøknader.
Mandag 2. mars 2020
SAMMEN: Agenda, Virke og fag­forbundet HK mener politikerne gjør for lite for å møte jobbraset i varehandelen.
Lørdag 29. februar 2020
RETT: Fire måneder etter at regjeringen slo alarm om justismord mot trygdede, sår EU tvil om hvorvidt Nav egentlig gjorde noe galt. Det tar Torbjørn Røe Isaksen med ro.
Fredag 28. februar 2020
STRID: Det ble stille da Trine Skei Grande tok Abid Raja og Sveinung Rotevatn inn som statsråder. Men på bakrommet kjemper fremdeles støttespillerne for å felle lederen.