Lørdag 15. desember 2018
VANSKELEG: Fagforbundets leiar Mette Nord synst det er vanskeleg å løfta fram EØS-avtalens betydning for markedsadgang, næringsliv og arbeidsplasser når det stadig kjem negative saker knytt til EØS-avtalen.
Fagforbundets Mette Nord skuldar regjeringa og NHO for å setta EØS-avtalen på spel:
Gir ikkje EØS-garantiar
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.

EØS

– Det er regjeringa og NHOs politikk som er årsaka til bekymringa som slår inn i LOs tillitsmannsapparat, seier Mette Nord, leiar for LO-giganten Fagforbundet.

Ho har sagt lite om EØS-debatten som har gått i LO i haust, men tok i ein tale til Fagforbundets landsstyre torsdag eit kraftig oppgjer med regjeringa og arbeidsgivarorganisasjonane.

Ho peikte særleg på næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), NHO og Virke.

«Isaksen og Høyre skyver EØS foran seg i sin privatiseringsiver», sa ho. «Når vil regjeringen slutte å skylde på EØS når de privatiserer og ta ansvar selv?»

Til Klassekampen seier Nord at ho forstår uroa i LOs tillitsmannsapparat.

– Eg forstår at motstanden mot avtalen veks, seier ho.

Fakta

EØS-debatt i LO:

• Fellesforbundets største avdeling snudde frå ja til nei til EØS-avtalen i haust. Det kan vippa Fellesforbundet over blant nei-forbunda neste haust.

• LO-leiar Hans Christian Gabrielsen har skulda NHO og regjeringa for å bidra til at EØS-motstanden i LO veks. Det same gjer Mette Nord i dag.

Kan ikkje garantera

– Viss Fellesforbundet skifter side neste haust, frå ja til nei, kan du då garantera at Fagforbundet blir EØS-avtalens sterke beskyttar i LO?

– Eg kan ikkje garantera noko, men eg må åtvara både regjering, storting og NHO om at no er nok nok. Dei må visa at dei bryr seg om den norske modellen. Dei set EØS-avtalen i spel. Det er deira ansvar.

– Kan LO komma til å snu i 2021?

– Det avheng av korleis ein no bruker eller misbruker EØS-avtalen. Det er regjeringa, Stortinget og arbeidsgivarane som ikkje respekterer avtalar og dommar avsett i Høgsterett. Den motstanden som me no ser, den får næring, seier Nord.

Fryktar ny trend

EØS-avtalen har blitt brukt særleg mot arbeidstakarar i privat sektor. Fagforbundet fryktar NHO og arbeidsgivarane i større grad skal bruka EØS-avtalen mot arbeidstakarane i offentleg sektor. Nord peikar på Hjelmengutvalets forslag for å styrka konkurransen mellom offentlege og private aktørar som konkurrerer i same marknad. Bakgrunnen for at regjeringa sette ned Hjelmengutvalet var ei sak frå Esa, EØS-avtalens overvakingsorgan. «Bak står NHO og heier og krysser fingrene for et større marked og flere konkurranseutsatte offentlige tjenester. Nok en gang har vi et eksempel på at NHO utfordrer oppslutninga om EØS-avtalen i fagbevegelsen. Denne gongen dreier det seg dessuten om offentlig velferd», sa Nord til landsstyret.

Eit anna døme er ei forskriftsendring regjeringa ønsker for å reservera offentlege kontraktar om helse- og sosialtenester til ideelle aktørar. Og her gir Nord regjeringa skryt, men åtvarar NHO:

– Her viser regjeringa at det er handlingsrom. Eg håpar dei gjennomfører det og ikkje lyttar til NHOs høyringsuttale, som brukar EØS-avtalen for å forsøka å få dei til å ikkje gjennomføra dette.

– Dei må vera litt kloke

Det var eit vedtak i den største avdelinga i Fellesforbundet sette fyr på EØS-debatten i LO i haust. Tillitsvalde som lenge har stått fram som dei fremste forsvararane av EØS-avtalen, gjekk frå ja til nei. Dropen som fekk begeret til å renna over, var eit vedtak i Den statlege tariffnemnda om allmenngjering av betaling for reise, kost og losji, der det blei gjort unntak for betaling til og frå heimland. Dette er eit betent spørsmål som har vore heilt til Høgsterett, der Fellesforbundet vann. Dermed tok NHO saka til overvakingsorganet Esa som meinte at norsk praksis var ulovleg. Dette er blant sakene som Nord meiner gir EØS-motstanden næring.

– Det ligg ei moglegheit for å gå til Esa også når ein er ueinig i ein Høgsteretts-dom. Har ikkje NHO rett til å bruka denne moglegheita?

– Det er ei moglegheit, men ikkje plikt. Dei må vera litt kloke. Ved å køyra den strategien, tar dei risikoen på å setta heile EØS-avtalen i spel, seier Nord.

– Bør det overraska at høgresida vil driva høgrepolitikk?

– Nei. Men dei brukar EØS-avtalen som vikarierande motiv. Dei misbruker avtalen som skal gi Norge tilgang til Europa.

annekarih@klassekampen.no

Mandag 24. juni 2019
KRITISK: Legen Gunnar Fæhn har tidligere uttrykt sterk motstand mot innvandring. Det var han som godkjente transporten av Atefa Rezaie. Familiens advokat vil klage til Rådet for legeetikk.
Lørdag 22. juni 2019
SVARTEPER: Avinor kjemper med nebb og klør for å unngå å sitte igjen med regningen for Forsvarets nye luftforsvarsbase på Evenes.
Fredag 21. juni 2019
SVINERI: Avsløringene av dyremis­handling ved norske grisefarmer gir en unik sjanse til å mobilisere for en ny kurs, mener Svenn Arne Lie. – I stedet kaster bondelederne bøndene under bussen, sier han.
Torsdag 20. juni 2019
MÅLING: 7 av 10 på Stovner er svært negative til den nye bomringen i Oslo. Innvandrerbutikkene i sentrum frykter å miste kunder.
Onsdag 19. juni 2019
HISTORISK: Arbeiderpartiet ligger an til å gjøre historiens dårligste lokalvalg. Deler av partiet åpner nå for en lederdiskusjon.
Tirsdag 18. juni 2019
NEI: Venstre og KrF sier ja til Rita Otterviks (Ap) invitasjon til reforhandling av asylforliket, men Ap sentralt ønsker ingen endring.
Mandag 17. juni 2019
I FELLA: Arifi M. Ali studerte og jobbet for å slippe å gå på Nav. Nå tvinger høy kommunal husleie henne til å søke sosialhjelp.
Lørdag 15. juni 2019
GIR LITE I KASSA: Samferdselsministeren vil kutte bompenger ved å stanse arkitekttegnede T-banestasjoner og blomsterkasser i Oslo. Besparelsen kan gi 2,56 meter ny E 18.
Fredag 14. juni 2019
SÅRBART: Ei reservevasskjelde for hovudstaden har blitt utgreidd sidan 1965. No vil Oslo-politikarane utgreia meir. Vass­direktøren åtvarar.
Torsdag 13. juni 2019
ALARM: Over 2000 er blitt sjuke av bakterieinfisert drikkevatn på Askøy. Mattilsynet slår alarm om gamle ­leidningsnett og dårlege reservevatn fleire stadar.