Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å krevje at alle skal handhelse på kvinner, har lite med likestilling å gjere.

Kroppen som knute

NYTT FENOMEN: Vi har lett for å gløyme at også sekulære samfunn sine grenser for kroppskontakt er skiftande – til dømes er det ikkje lenge sidan menn tok til å klemme kvarandre oftare. Her klemmer Jeremy Corbyn ein kandidat på Labour sitt landsmøte i år. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr /klassekampen

Dei siste dagane har historia om lærarassistenten i Oslo vore tilbake i media. Den mannlege lærarassisten vart sagt opp av barneskulen han jobba på fordi han ikkje ville handhelse på kvinner. Årsaka til dette låg i religionen hans, eller iallfall i den måten han tolka religionen sin på. Mannen klaga til Diskrimineringsnemnda, som konkluderte med at han vart skilnadsbehandla – men at skilnadsbehandlinga var sakleg, naudsynt og høveleg, ifølgje referatet her i avisa sist tysdag.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.