Klassekampen.no
Mandag 10. desember 2018
Jod, jod? Nei, nei

Beredskap

Joda, jod-tablettane er på veg ut i kommunane, forsikrar Astrid Liland i Statens strålevern i Klassekampen den 4. desember. Dei er i tilfelle «en atomhendelse».

Brosjyra «Du er en del av Norges beredskap» kom i posten i går. Å minne om ved og lyspærer er velkome, særleg ein dag då nabolaget har straumbrot i åtte timar i desember. Og hugs jod, i tilfelle atomhendelse.

Det seiest at folket «ikkje lystrar», vi renn ikkje til apoteket etter jod, lik Tamiflu. Kanskje tenker fleire som meg: kvifor nå, og så samtidig? Er «atomhendelsen» frå hangarskipet som venleg nok gjesta oss, med ein reaktor stor som eit svensk kjernekraftverk ombord?

Strålevernet seier: Jodtablettar er som å ha ein røykvarslar, men kven leika nyleg med elden? For ein månad sidan forskrekka Donald alle då han sa opp rakettavtalen midt under øvinga. Her om dagen sa Natos utanriksministrar, samde som jernfilspon: «Russland var først».

Kort sagt: Ved nytale som «atomhendelse» må vi lytte til det som ikkje blir sagt, og kvifor ikkje? Våre styresmakter seier, det er ingen kald krig, men etter ein oppvekst med Strontium-90 og mellomdistanserakettar har eg igjen den kalde krigen i nervesystemet, etter 10-20 år relativ normalitet. Frå utvidinga av Nato til utvidinga på Krim er arven frå Willy Brandt og Mikhail Gorbatsjov skusla bort.

«Atomhendelse.» Jod, jod? Nei, nei.

asmund.bjornstad2@gmail.com