Klassekampen.no
Lørdag 8. desember 2018
Donald Trump appellerer til veljarane gjennom det han manglar.
Stort stygt barn

Når det er klarvêr om morgonen no i desember, stråler Venus i søraust og vender tankane mot overjordisk harmoni, nesten som Betlehemsstjerna.

Det har aldri vore heilt klart kva slags himmelsk objekt det var som viste vegen fram til stallen i Betlehem for vismennene frå Austerland, «så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå.» For dei som skreiv Bibelen, skjøna seg dårleg på astronomi. Kva for ei stjerne det er som står og lyser over taket til a Jordmor-Matja, er like mykje på det uvisse, sjølv om Alf Prøysen forsikrar om at ho er like stor same kva som hender.

Poetisk forstått har han rett: Folk har ei vedunderleg evne til å lysa opp livet for einannan. Men det finst òg leiarstjerner som fører oss på avvegar. Sjølv om menneska er godt utrusta frå naturen si side til å gjera nøyaktige observasjonar og trekkja korrekte slutningar, sigrar overtrua altfor ofte over fornufta.

Realitystjerna Donald Trump har dårleg moral og forstår seg lite på det meste. Når amerikanarane likevel har installert han i Det kvite hus, er det fordi mange ser på han som Guds reiskap på jorda. Mens dei som synest han er eit fjols, ser med stadig større undring på kor uansvarleg han kan oppføra seg utan at det får følgjer.

For denne mannen er så tvers gjennom forloren at det er tale om ekte juks. Han lyg så han trur det sjølv. Ansiktet er så preparert med Botox og brunkrem at det kunne vore støypt i mjukplast hos ein leiketøysprodusent. Kroppsspråket er klossete og veivande som hos ein fireåring, eit karakteristisk trekk for menn med for mykje makt.

Alt tyder på at Donald Trump blei president meir på grunn av det han manglar enn på trass av det. Han appellerer til kjerneveljarane med ufatteleg infantilitet, han er eit barn av overnaturlege dimensjonar og må derfor ha overnaturlege evner. Han er svaret på den urgamle draumen om ein nyfødd frelsar, den som både skal gjenoppretta den gamle orden og la nye samanhengar koma til syne, slik at himmelen opnar seg og amerikanarane får køyra omkring i bensinslukande bilar til evig tid.

Sånn har menneska frå slektsledd til slektsledd sett si lit til at nye kongesøner skal lukkast der dei førre mislukkast. I staden for å samla seg om eit felles mål om rettferd og likevekt, mens kaos herjar og verda styrtar saman, blir folket sitjande og venta på at litlingen skal bli vaksen. Men då Jesus frå Nasaret omsider tok fatt på livsverket sitt, blei ingenting som dei hadde tenkt, og dei sa han opp på det mest brutale vis.

Om lag tretti år tidlegare, då han berre var nokre dagar gamal, kom dei vise mennene frå Austerland på barselvisitt. Men stjerna viste ikkje vegen meir nøyaktig enn at dei måtte spørja seg føre hos kong Herodes i Jerusalem. Han trudde det dreidde seg om ein rival, og fekk alle små gutebarn i Betlehem slegne i hel for å vera på den sikre sida.

Donald Trump er kong Herodes og barnet i krybba i eitt. Han vinn nok valet i 2020 òg.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Trump er svaret på den urgamle draumen om ein nyfødd frelsar»

Artikkelen er oppdatert: 10. desember 2018 kl. 10.26