Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ytring: «Råd til dei elskande» er både eit kunstverk og eit identitetspolitisk manifest.

Kjærleikstranse

LANGE LINJER: Julian T. Brolaski knyter seg til tradisjonen for å skriva om kjærleiken. FOTO: CHARLES LUDVIG SJÖLANDER

Ein gong var queer ein nedsettande term for homoseksuelle menn. I dag er termen tatt i bruk av folk med ein identitet som ikkje passar inn i det enkle omgrepsparet mann og kvinne. Samstundes har ein byrja å tala om litteratur som er queer, eller skeiv på norsk, det vil seia som følger opp tematisering av open kjønnsidentitet med ei form som reflekterer denne haldninga: Slik litteratur er då kjenneteikna ved at han tar opp i seg alt mogleg materiale. Gjennom sitat og leik med språkkodar skapar forfattarane noko som på ein radikalt ny måte er i flyt mellom det kjende, mellom dei ulike språkelementa det blir vist til: «Du kunne bønfalla ein heil gudsleande herlegdom / med [Dolly] Partons farga lokkar, og dog kor verdig / eg finn den horat elskherrinna i dår beste alder.»