Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lengsel: Sjølve språket sansar der «Kuk og hjarta» er på sit beste.

Noko kjem til å kome

Det er så herleg å lese opninga til «Kuk og hjarte», debutromanen til Heidi-Anett Haugen. Første setning, som også er det første kortprosastykket i denne punktromanen, lyder: «Eg kjem til å masturbera mykje framover, her på rommet mitt, på madrassen min på golvet, fordi eg er så lykkeleg.» Ja!, tenkjer eg, endeleg! Ikkje berre denne første setninga, men heile den første delen «Eg kjem» er vigde skildringar av god og gledefylt sex. Ikkje skummel eller farleg, ikkje trugande eller ubehageleg. Men tett innpå, utprøvande, søkande, ung sex, mellom to som vil kvarandre vel. Kor ofte les vi om kvinner som har sex slik? Eg tenkjer på Alma i «Få meg på for faen» av Olaug Nilssen, berre at her er eg-et blitt vaksen. Ho treng ikkje ringe til sextelefonar eller å bli stigmatisert. Eller?