Klassekampen.no
Torsdag 6. desember 2018
Marte Michelet og Tore Gjelsviks oppvekst

Andre verdskrig

I boka «Hva visste hjemmefronten»? skriv Marte Michelet at ein nøkkelperson i det sivile motstandsarbeidet, Tore Gjelsvik (1916–2006), «vokste opp i en familie som var dypt involvert i den norske bondebevegelsen». Far hans, Eystein Gjelsvik (1881–1950), «hadde tett kontakt med ledelsen i Bondelaget, som i mellomkrigstiden hadde stått knedypt i antisemittisme, rasehygiene og etter hvert svermeri for Det tredje riket». Og ho skriv om «den rasebaserte, antisemittistiske, snevert bondenasjonalistiske ideologien» Tore voks opp med. Ho dokumenterer ikkje, men nøyer seg med karakteristikkane.

Min bakgrunn for å meine noko om dette er at eg har samla stoff og skrive bok om bureisinga i Norge, der Eystein Gjelsvik var sentral. Eg har lese stordelen av det han skreiv i tidsskriftet «Ny Jord» og boka «Bureising», eg intervjua Tore om faren og eg intervjua mange bureisarar og barn av bureisarar som hadde hatt med Eystein Gjelsvik å gjere, blant dei også aktive motstandsfolk. For meg framstår Gjelsviks arbeidsinnsats som sentral i å byggje Norge i mellomkrigstida, men eg møtte ikkje snev av dei haldningane Michelet knyter han til.

Eystein Gjelsvik kom frå Gjelsvika ved Førdefjorden i Sunnfjord. Han tok landbruksutdanning og arbeidde som gardsstyrar og lærar på landbruksskole i Nordland. I 1918 vart han dagleg leiar for Selskapet Ny Jord og fekk kontor i Bøndernes Hus i Kristiania, og familien kjøpte hus i Ski. Men når våren kom, heldt korkje familie eller arbeidsplikter han i byen. Frå tidleg vår til sein haust reiste han frå bureisar til bureisar, med tog, buss, hurtigrute og til fots.

I reportasjar og riksdebattar frå den tid møter me ofte romantiske framstillingar av bureisarane. Gjelsvik var av anna slag, konkret, problem­orientert og nøktern. Bureising var seigt arbeid og bygging av landet, ikkje idyll.

Eg møtte bureisarar og barn av bureisarar som vart blanke i auga når praten kom til Gjelsvik, hans omsorg og rådgiving. Sank fôr i utmarka til den første kua. Kjøp berre ei, set på kalvane og bygg opp buskapen over tid. Gjer like eins med geiter og sauer. Hest bør de leige, ikkje kjøpe før nok jord er dyrka. Han tok seg alltid ein tur bakom låven og rota i jorda med spaserstokken etter tomme hermetikkboksar og utrangerte strømper av kunstsilke og andre teikn på sløsing, og sa nådelaust ifrå.

Like pågåande og løysingsorientert var han overfor bønder med utmarker som kunne kjøpast til bureising, og overfor staten når det gjaldt støtte, som då han dreiv gjennom løyvingar til forsøksbruket og fagsenteret Moldstad på Smøla, fordi jorda der var for næringsfattig, slik at så vel planter som husdyr døydde.

Gjelsviks miljø var bureisarane og spesielt Ny Jord-bureisarane. Det vart sagt at han kjende alle. Rundt 1930 var han på tale som landbruksminister, men vart oppfatta som for lite diplomatisk og for snevert oppteken av den eine saka.

Michelets påstandar om landbruksmiljøet i Oslo og Ås blir også misvisande. Visst fanst dei haldningane ho tillegg miljøet, slik dei fanst i mange miljø, men også humanisme og antinazisme. Hennar påstandar om Tore Gjelsviks far og miljø blir det som på engelsk kallast guilt by association. Eller i dette høvet guilt by possible association.

boksmia@online.no

Artikkelen er oppdatert: 10. desember 2018 kl. 10.38