Klassekampen.no
Tirsdag 4. desember 2018
SIGERENS PRIS: Else Mundal vann essaykonkurransen om kvinner i norrøn tid med essayet «They too». I dette innlegget får ho kritiske merknader frå Solveig Aareskjold. FOTO: ANNE KARI HINNA
She too

KVINNER I NORRØN TID

Solveig Aareskjold

Lite det skil om leiken går

med eigen mann eller andre,

seier guden Njord når dotter hans, Frøya, blir skulda for å vera lausaktig. Dette verset frå eddadiktet Loketretta er ein god innfallsvinkel til den mentaliteten som rådde grunnen her i Norden før innføringa av kristendomen. Men eit slikt perspektiv finst ikkje artikkelen «They too», som professor Else Mundal vann essaykonkurransen om kvinner i norrøn tid med.

For Mundal gjer ingen forsøk på å utforska ei heidensk fortid der kjønnslivet enno ikkje var blitt ureint. I staden satsar ho den vitskaplege æra si på at vikingtida berre var eit forskot på viktoriatida. Gjennom vendingar som «vi kan rekne med at trælkvinnene var så godt som fritt vilt», seier ho frå om at ingen av dei ho arbeider saman med, veit at i den norrøne litteraturen opptrer desse kvinnene snarare som vellystige jegerar, til dømes i Grettesoga, Rigstula og Volsetåtten. Trass i sine mange sitat og referat er ho heller ikkje innom Soga om fosterbrørne, der det blir vist i praksis at sjølv trælkvinner har visse personlege rettar.

Ein anekdote frå konge­sogene handlar om ei som song medan ho mól på handkvern, eit drepande tungt arbeid som raskt braut ned ein ung kropp. Då kom kongen forbi, og han likte songen så godt at han gjekk inn og låg med henne. I full truskap til den akademiske viktorianismen tolkar Mundal det som valdtekt.

Men dersom ein ser på trælkvinna som handlande subjekt, blir ho til ei som greip sjansen til å koma seg vekk frå den helsefarlege jobben og inn i dei høgaste krinsane, slik ein gjorde når ein fekk barn med storfolket. For kongen drog omkring med eit stort og støyande følgje, og hadde ho ikkje ønskt å bli lagt merke til, kunne ho jo berre dempa seg så lenge han var i bygda.

s.skjold@online.no

Artikkelen er oppdatert: 10. desember 2018 kl. 10.45