Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bankeigarskap

REDDA: Bank of America fekk ein av dei største redningspakkane etter finanskrisa i 2008, men vart ikkje nasjonalisert. © FOTO: EMMANUEL DUNAND, AFP/NTB SCANPIX EMMANUEL DUNAND

Statar har nasjonalisert bankar etter finanskriser, for så å selje dei igjen. Kvifor ikkje behalde dei?

Under bankkrisa i Noreg i 1991 nasjonaliserte me DNB, Fokus Bank og Kredittkassen. Aksjonærane vart nulla: Dei fekk ingen vinst frå denne operasjonen. Seinare privatiserte me bankane att, og staten fekk ein vinst. USA handsama finanskrisa i 2008 på eit litt anna vis: Staten gav store redningspakker til bankane utan å verte eigarar. Men kva er argumentet for at bankar under normale omstende bør vere privat, og ikkje offentleg, eigde?