Klassekampen.no
Mandag 3. desember 2018
TRUGAST: Sentralt i samisk kultur er gullevašvuohta – tilhøyrsle til området slekta har brukt i generasjonar. Her reindriftssame Jon Mikkel Eira med reinsdyrflokken ved Idjajávri utanfor Karasjok. FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX
Samisk kultur er uløyselig knytt til naturen - men samane blir redusert til turistar i utmarksområda.
Fornorskinga held fram

KRONIKK

Sanningskommisjonen om fornorskinga av samar og kvenar har starta arbeidet sitt. Kva sanning skal denne kommisjonen finne? Eit oppgjer med fornorskinga kan ikkje berre sjå på skule og kyrkje, men må også ta for seg helsestell, jordbruk, fiske, reindrift og naturforvaltning, i fortid og notid.

Fornorskinga av dei samiske primærnæringane har skjedd ved at folk har blitt pressa ut av desse, og ved at regelverk og støtteordningar har tvunge gjennom driftsformer i strid med samisk tradisjon. Fiskarbønder måtte vike for spesialisering. Reindrifta blei styrt til einsidig kjøttproduksjon og den samiske siidaordninga blei erstatta med reinbeitedistrikt, driftseining og fellesbeite. Flokkstrukturering blei påtvunge i strid med samisk tradisjon og fellesskapet mellom reindriftssamar og fastbuande oppløyst gjennom forbod mot sytingsrein.

Samstundes har forvaltninga hatt til oppgåve å legge til rette for andre sin bruk av samane sine bruksområde, først gjennom jordbrukskolonisering, seinare kraftutbygging, mineralutvinning, fiskeoppdrett og reine fritidsinteresser som turløyper, hytter, rypejakt og sportsfiske. Det har variert om fornorsking har vore eit uttalt mål, men uansett har samisk naturbruk og kultur blitt den tapande part.

Når samar blir pressa ut av næringane, går ikkje berre levebrødet tapt, men også kunnskapar og tradisjonar. Reindrifta kan kanskje få ei pengeerstatning for tap av inntekt. Fjordfiskarar og utmarksbrukarar i innlandet vil ikkje ein gong få det, fordi det ikkje er anerkjent at dei har noko rettar til området dei brukar. Tap av språk, kultur og natur kan ikkje erstattast.

At dette er ei fornorsking er lettast å sjå i reindrifta, der utøvarane enno er samisktalande og synlege kulturberarar. Like lett er det ikkje å sjå fornorskinga i sjøsamiske område, når næringsgrunnlaget for fjordfisket forsvinn gjennom rovfiske og oppdrett. Her gjekk samisk språk ofte ut av bruk for ein generasjon eller to sidan, og sjøsamar blir ofte sett på som norske, sjølv om det enno finst ein samisk kulturrest igjen å fornorske.

Kultur og levesett var, og er i stor grad enno, uløyseleg knytt til naturen. Angrep på naturgrunnlaget blir då også angrep på samisk kultur.

Norsk lovverk og naturforvaltning bygger på berre to kategoriar av naturbruk: næringsdrift og friluftsliv. Då finn ein ikkje plass til samisk utmarksbruk, eller meahcásteapmi. Det bidrar til at denne tapar mot både naturinngrep og friluftsinteresser.

Meahcásteapmi omfattar all utnytting av utmarka til jakt, fiske, bærplukking, vedhogst, hausting av sennegras, planter til mat, drikke og medisin, samt materialar til duodji (husflid). Mens friluftsliv betyr å gå i naturen som rekreasjon og fiske og jakte for opplevinga, er målet for meahcásteapmi å sanke eller fange noko ein kan ha med heim.

Ei undersøking i Guovdageaidnu syner at eit stort fleirtal av befolkninga der utnyttar utmarka til eit eller fleire haustingsformål, sjølv om dei færraste hadde ei pengeinntekt som kvalifiserte til anerkjenning som næring etter statlege krav. Motorferdselslova krev nemleg over 50.000 kroner registrert næringsinntekt for å få køyre med båt og garn til eit fiskevatn.

Når kategorien meahcástepmi ikkje finst i norsk naturforvaltning, fell han mellom to stolar, og lokalbefolkning blir reduserte til turistar i eigne område. Norsk lovverk og forvaltning anerkjenner ikkje sambandet mellom natur og samisk kultur, og hindrar dermed vidareføringa av denne kulturen. Dette såg vi i samband med planane om etablering av verneområde på Finnmarksvidda. Så lenge planane ikkje tok omsyn til den lokale bruken, sa alle lokale organ nei. Resultatet blei full skjering og null vern.

Eit anna samisk omgrep som er fråverande i norsk naturforvaltning er gullevašvuohta – tilhøyrsle. Det betyr at folk har tilknyting til området dei har brukt frå barndomen av og slekta har brukt i generasjonar. Dette gjeld sjølv om sentralisering har ført mange bort frå desse områda til dagleg. Nyleg har rettsvesenet slått fast at den som har flytta bort har tapt sin rett.

Er det faktisk slik at fornorskinga held fram gjennom at naturforvaltninga undergrev grunnlaget for kulturen?

Forvaltninga av naturen i Finnmark er bygd på staten sin påståtte eigedomsrett til utmarka. Som eigar kunne staten selje jord, og frå 1902 til 1966 sa lova at jord berre skulle seljast til norsktalande. Staten kunne regulere kven som skulle få hauste kva og når, sette inn oppsyn og opprette verneområde.

Fornorskinga blei etter kvart oppgitt innanfor språk- og skolepolitikken, men ikkje innanfor naturforvaltninga. Med Finnmarkslova av 2005 blei det formelt ei endring, men reelt er situasjonen heller blitt dårlegare sett frå lokal utmarksbruk. Finnmarkseiendommen er, liksom Statskog i andre delar av landet, ein pådrivar for naturinngrep som vindkraft og gruver, og bygger sine påstandar om eigedomsrett til all utmark nettopp på staten sin sjølvtekt av 1863.

Naturmangfoldlova gir i prinsippet plass for omsyn til samisk kultur og tradisjonskunnskap. Samiske interessene vann fram i dei allmenne formuleringane, men tapte når det kom til det konkrete. Sametinget foreslo å ta i bruk vernekategorien «Verna bruksområde», men det ville ikkje styresmaktene. Direktoratet har derimot åtvara mot å ta inn omsyn til samisk kultur i retningslinjene for verneområde.

Mens jakt- og fiskerettar i resten av landet i stor grad har høyrt til private eller allmenningar, så har staten si sjølvtekt som grunneigar i Finnmark gitt eit system der folk frå heile landet og utlandet med kan komme hit og jakte og fiske.

Trass fine ord manglar det enno mykje på at lovverk og forvaltning sikrar at fornorskingsprosessen blir stoppa. Naturforvaltninga er i dag ei undergraving av Grunnlovas §108: Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Ingen av dei siste regjeringane eller regjeringsalternativa har hatt ein strategi for oppretting av skadane etter fornorskinga og for utvikling av samiske og kvensk språk og kultur. Derimot har dei klare strategiar for nordområda, for mineralutvinning, fiskeoppdrett og vindkraftutbygging. Desse betyr at Samerettsutvalet sine innstillingar, sameparagrafen i grunnlova og internasjonale konvensjonar leggast daude og at norsk og internasjonal kapital skal ha fritt fram i det området som er naturgrunnlaget for samisk kultur.

Om Staten anerkjenner at samane har rett til å bevare bruksområda sine, og dermed til å sette foten ned mot slike inngrep som no er planlagt, så ryk alle dei nemnde strategiane. Derfor ønsker ikkje staten at Sanningskommisjonen tar opp den fornorskinga som har skjedd og framleis skjer gjennom naturinngrep og naturforvaltning. Det står att å sjå om kommisjonen sjølv vågar å ta opp dette.

sveilund@online.no

Artikkelen er oppdatert: 10. desember 2018 kl. 11.07