Torsdag 29. november 2018
FÅR ASYL-ANSVAR: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen skal lede nytt innvandringsutval i Høgre. Her frå NHOs årskonferanse tidlegare i år. FOTO: Christopher Olssøm
Torbjørn Røe Isaksen skal leia arbeidet med å fornye Høgre sin innvandringspolitikk:
Skjerpar asylpolitikken
Undersak

Isaksen ønska innstramming

Torbjørn Røe Isaksen (H) har tidlegare i år teke til orde for fleire innstramming på innvandrings- og asylfeltet.

«Adgangen til familiegjenforening må strammes inn og det er nødvendig å stramme inn på asyl», sa han til Dagens Næringsliv i mars.

Han sa også at «høy innvandring er ikke forenlig med et bærekraftig velferdssamfunn». I går sa Isaksen til Nettavisen at auka innvandring er ei hovudårsak til at barnefattigdomen i Noreg er aukande.

«Flere fattige familier er en direkte konsekvens av økende innvandring fra land hvor mange ikke har formell utdannelse. (…) Da må vi ikke la oss overraske over at det tar tid før flyktninger kommer i arbeid, og at de følgelig har en anstrengt økonomisk situasjon», sa Isaksen til avisa.

INNVANDRING: Torbjørn Røe Isaksen (H) tek opp konkurransen i asyl- og flyktningpolitikken mot Sylvi Listhaug (Frp) og Masud Gharahkhani (Ap).

HØGRE

Høgre har sett ned eit nytt utval som skal arbeide med partiets asyl-, innvandrings- og flyktningpolitikk. Utvalet er leia av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Dermed følgjer Høgre etter Arbeidarpartiet og Frp i å sette i gang arbeid med å meisle ut framtida sin innvandringspolitikk.

Tidlegare i haust la leiaren for Aps migrasjonsutval stortingsrepresentant Masud Gharahkhani fram ei innstilling til ny innvandringspolitikk for Ap, blant anna med innstrammingar på asylfeltet. I september sette Frp ned eit likande utval leia av nestleiar Sylvi Listhaug.

– Dette er ikkje eit utval som skal liberalisere Høgre sin innvandringspolitikk, seier Isaksen til Klassekampen.

Fakta

Innvandringsutval:

Høgre har sett ned eit utval som skal sjå på partiet sin asyl- og flyktningpolitikk.

• Utvalet blir leia av Torbjørn Røe Isaksen (H) og består elles av Marit Berger Røssland, Mari Holm Lønseth, Nils August Andresen, Kristin Holm Jensen, Torstein Ulsrud, Ove Trellevik og Mahmoud Farahmand.

Fornying

Medlemmane av utvalet er alle høgrefolk med ulik grad av tilknyting til partiet.

På medlemslista står mellom andre redaktør for det konservative tidsskriftet Minerva, Nils August Andresen, og lokalpolitikar og leiar for Høgre sitt mangfoldsutval Mahmoud Farahmand. Begge har tidlegare ytra ønske om fornying av dagens asylsystem. «Personlig tror jeg dagens asylsystem er borte om få år. Det er ikke bærkraftig slik det er i dag», sa Farahmand til Minerva i vår.

– Samansetninga tek ikkje omsyn til geografi eller slike omsyn, men består av folk som har kompetanse på dette politikkfeltet, seier Isaksen.

Til internt bruk

Isaksen fortel at oppdraget han har fått ikkje er å skape offentleg debatt, men å «samle fakta og lage analyse» for å undersøke om Høgre sin politikk er rusta for framtida.

– I motsetnad til Ap sitt migrasjonsutval, der utspela kom før politikken, vil vi først legge grunnlaget for politikken. Så får utspela kome etter kvart, seier Isaksen.

Resultatet av utvalsarbeidet skal vere til internt bruk i første omgang, fortel Isaksen.

Etter planen skal «første løypemelding» bli overlevert til Høgre sin programkomite før sommaren. Deretter skal partiet avgjere om arbeidet skal vidareførast i det nye stortingsprogrammet for Høgre, eller om det skal bli tatt vidare på anna vis.

Framleis høg innvandring

Høgre sitt innvandringsutval vil ha særleg blikk på asyl- og flyktningpolitikken, og mindre på integreringspolitikk, seier Isaksen.

Det skil seg frå Ap sitt migrasjonsutval som såg på begge politikkområda.

Isaksen trekk fram flyktningkrisa som bakgrunn for at Høgre vil gå eigen innvandringspolitikk etter i saumane:

– Både Høgre og regjeringa har ein politikk som er streng og som skal vere føreseieleg. Men kanskje flyktningkrisa i 2015 varsla ein ny, permanent situasjon som gjer at vi må sjå på om asyl- og flyktningpolitikken vår er rusta for kanskje ti til tjue år med høg innvandring framover, seier han.

– Høgre skal ha ein innvandringspolitikk som kan stå seg over tid, legg han til.

politikk@klassekampen.no

Lørdag 23. februar 2019
UTE: Vibeke-Emilie Abrahamsen i Bamble Frp er ekskludert frå partiet og får ikkje stille til val i heimkommunen. Men ho har ein plan.
Fredag 22. februar 2019
BLIR FEIL: Byrådsleder Raymond Johansen kritiserer politireformen for at Oslo mangler politifolk i bydelene. Han mener det blir feil å legge skylda for økende kriminalitet på flyktninger.
Torsdag 14. februar 2019
TILLIT: Trond Giske får solid støtte fra partifeller i de største Ap-lagene i Trøndelag. Flere savner ham i partiledelsen.
Fredag 8. februar 2019
RØRSLA: Aps partisekretær ga partiet en «klar marsjordre» om å prioritere fagbevegelsen på listene før kommunevalget. Oslo Ap marsjerer motsatt vei.
Onsdag 6. februar 2019
VALG: Høyre har så langt i år fått mest i valgkampbidrag. 100.000 kroner kommer fra den Monaco-bosatte milliardæren Arne Helge Fredly.
Mandag 28. januar 2019
OLJE: Kjell-Børge Freiberg sier klima­risiko allerede blir tatt hensyn til i nye oljeprosjekter, og at leterefusjons­ordningen er avgjørende for å opprettholde aktiviteten på norsk sokkel.
Onsdag 23. januar 2019
PÅ SIN POST: Knut Arild Hareide vil vokte KrFs primærpolitikk som leder for KrFs stortingsgruppe. Stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold mener ingen andre kan fylle rollen.
Tirsdag 22. januar 2019
SV I VINDEN: Medlemmene strømmer til opposisjonspartiene etter opprettelsen av den borgerlige firepartiregjeringen. Hos SV er veksten dobbelt så stor som hos Ap.
Mandag 14. januar 2019
TO ONDER: Øystein Dørum i NHO mener videre oppløsnings­tendenser i EU vil være verre for norsk økonomi enn brexit.
Lørdag 12. januar 2019
ØKER MEST: – Vi snur ikke kappa etter vinden. Det er vinden som har snudd, sier Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.