Lørdag 24. november 2018
Bondeoffer?

• Kristeleg Folkeparti er på veg inn i den blå regjeringa, og i landbruket er det blanda kjensler av frykt og håp. Det er grunn til å frykte at KrF som konfliktherja juniorpartnar med symboltunge hjartesaker, vil ha landbrukspolitikk så langt ned på lista at dei større og meir garva regjeringspartia Høgre og Frp får dreie over på meir marknadsliberal kurs. Vegen kan liggje open når KrF mistar rolla som vippeparti i Stortinget, der regjeringa er i mindretal i delar av landbrukspolitikken. Men ein kan håpe at KrFs forhandlarar mannar seg opp til å kreve handa på rattet, ved å få landbruksministeren og ei regjeringserklæring der dei får prege landbruksfeltet.

• Fallhøgda er stor, for med Knut Arild Hareide som frontfigur har KrF i lang tid bygd seg opp som den største utfordraren til Senterpartiet som truverdig bondeparti. Fram til ho mista plassen ved valet i fjor, var partiets næringspolitiske talskvinne Line Henriette Hjemdal ein engasjert landbrukspolitikar som ofte var på kant med dei blå i regjeringa. Det har vore mindre å sjå til etterfølgaren i næringskomiteen, Steinar Reiten. Og høgresamarbeidets hovudarkitekt Kjell Ingolf Ropstad har i fasen fram til no knapt nemnt landbruk som ei prioritert sak.

• Dette er eit inntrykk dei vil endre, og i eit intervju med Ropstad og Reiten i Nationen er melodien at «fanen for landbruk, fiskeri og distrikter skal holdes høyt». Ropstad seier at KrF ikkje vil gje frå seg rolla som landbruks- og distriktspolitisk vippeparti dersom partiet går i inn i regjeringa. Partiet har ein så utprega distriktsprofil at eit visst gjennomslag vil vera naudsynt. Uttellinga i budsjettforhandlingane viste at partiet kan bokse over si eiga vektklasse, men dette var i ein taktisk situasjon der Erna Solberg og Siv Jensen måtte gje KrF noko å henge på juletreet. KrF kom ingen veg med ønske om å styrke Mattilsynet og klimafond for jordbruket, og tok ikkje kamp for kornlagring, og det var eit dårleg teikn. Slik stemninga er mellom partia, vil Frp neppe gje opp Landbruksdepartementet utan sverdslag, men noko må også dei gje. Frykta og håpet lever.

Mandag 20. mai 2019
• På lørdag hadde Italias visestatsminister Matteo Salvini for andre gang samlet høyreradikale partier i Europa i Milano før Europavalget neste helg. Det som skulle bli en styrkemarkering regnet i stedet bort. Italienske og internasjonale...
Lørdag 18. mai 2019
• 8. mai, på selveste frigjøringsdagen, delte regjeringen ut medaljer til 16 norske soldater «for å anerkjenne veteranenes innsats». Seks dager seinere, i revidert nasjonalbudsjett, ble det verken delt ut medaljer eller anerkjennelse. I...
Torsdag 16. mai 2019
Nei her vil vi vere. Vi vil ikkje rømetil andre stader, til tryggare kår– om da trygge kår finst no lenger på jorda.Her slo vi rot. Om så framande rårnå på vår mark – ho er likevel vår.Tapet vi leid vil vi bere...
Onsdag 15. mai 2019
• «Å protestere mot sentralisering er tidens melodi», skrev VG-kommentator Tone Sofie Aglen i går i et slags forsvar for helseforetaksmodellen. Anledningen var at bunadsgeriljaen i går inntok hovedstaden med krav om stans i nedleggelse av...
Tirsdag 14. mai 2019
• Britene befinner seg nå i den underlige situasjonen at de skal velge representanter til en union de skulle vært ute av for lenge siden. Den 29. mars skulle Storbritannia ha forlatt EU, men ettersom det britiske parlamentet kategorisk...
Mandag 13. mai 2019
• Forrige uke godkjente guvernøren i den amerikanske delstaten Georgia, Brian Kemp, den såkalte «hjerteslag-loven». Det hyggelige navnet til tross: Loven er et rått angrep på kvinners råderett over egen kropp. Loven sier at så snart et...
Lørdag 11. mai 2019
• «Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen – eller arbeiderbevegelsen, som Gerhardsen ville sagt.» Slik åpnet Rødt-leder Bjørnar Moxnes sin tale til partiets landsmøte i går. Fagbevegelsen-mantraet har han lånt fra Arbeiderpartiets...
Fredag 10. mai 2019
• Ordet ansvarspulverisering fikk for alvor gjennomslag i norsk offentlighet da 22. juli-kommisjonen i 2012 leverte sin rapport om hva som gikk galt da terroren rammet landet året før. Kommisjonen kritiserte blant annet nødetatene for...
Torsdag 9. mai 2019
• Siste nummer av avisa Le Monde Diplomatique, som kom som innstikk i Klassekampen forrige fredag, inneholder to gode artikler om etterforskningen av Donald Trump og hans påståtte samarbeid med Russland før presidentvalget i 2016. Avisa har...
Onsdag 8. mai 2019
• 8. mai står som den offisielle fridomsdagen, etter den tyske kapitulasjonen i 1945. I delar av Europa starta feiringa 7. mai, då kapitulasjonen var klar, og i Sovjetunionen og allierte land vart 9. mai sigersdagen. 8. mai har sidan vore...