Onsdag 14. november 2018
FLATT: Thomas Bjørdal i Nasjonalt Vindenergisenter seier dei gode vindtilhøva ute på flate kysten gjer Smøla veleigna som lokalisering av vindkraftverk.
• Kraftig vekst i vindkraft • Smøla kjem i bakleksa • Krev meir av kaka
Kler landet med vindturbinar
Undersak

NVE: Ikkje fritt fram

– Nasjonal ramme for vindkraft er ikkje eit fritt fram for vindkraftutbygging, seier prosjektleiar Erlend Bjerkestrand i Noregs vasskraft- og energidirektorat (NVE).

NVE har fått i oppgåve frå regjeringa å utarbeida den nasjonale ramma. Arbeidet er todelt. Kunnskapsgrunnlaget om verknadane av vindkraft skal oppdaterast, og det skal utarbeidast eit kart som peiker på dei mest veleigna områda for vindkraft.

Det er denne siste delen som har ført til dei mest negative reaksjonane på arbeidet. NVE har peikt ut 43 område og har bede kommunane og fylka der desse ligg, om faglege tilbakemeldingar. Ikkje alle kommunar er like nøgde med det.

– Vi har mykje informasjon om område som ikkje aktuelle, som nasjonalparkar og landskapsvernområde. Mykje er kartlagd, men vi manglar til dømes landsdekkande kart på landskapsverdiar og på korleis områda vert nytta til friluftsliv. Her kjem kommunane i inn.

Bjerkestrand trur den endelege rapporten vil sitje att med 15–20 område som eignar seg for vindkraftutbygging. Den ligg føre i april neste år og skal på høyring.

Sjølv om eit område er peikt ut som veleigna for vindkraft, vil det ikkje vere fritt fram for utbygging.

– NVE skal framleis handsame konsesjonssøknadane, men kunnskapsgrunnlaget for å vurdere om vi skal gje konsesjon eller ikkje, vert betre. Det gjer at handsaminga vert meir føreseieleg og kan truleg redusere konfliktane, seier prosjektleiar Erlend Bjerkestrand.

FISKELUKKE: Magne Ingolf Lillehaug driv fisketurisme på Smøla. Han var opphavleg motstandar av vindkraft, men har snudd.
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.

– Vibrasjonane frå vindturbinane har ikkje slått negativt ut for hummarfisket, seier Magne Ingolf Lillehaug, medan han smilande held opp ein tre kilo tung hummar henta frå den flytande hummar­kassa.

Lillehaug, som driv fisketurisme, organiserte motstanden mot vindkraftverket på Smøla for 15 år sidan.

– Eg hadde nett utvida verksemda mi og skulle satse endå meir på turisme. Klart eg var uroleg. Eg tenkte desse digre mastene ville øydeleggje naturopplevingane som eg skulle leve av.

Smøla er berre ei smal stripe land i horisonten ut mot Norskehavet sett frå naboøya Tustna. Høgste punkt stikk 64 meter over havet. I det klåre haustvêret kan du sjå dei kvite vindturbinane rotere i kaotisk utakt.

Fakta

Vindkraft:

• Produksjonen av vindkraft i Noreg utgjorde i 2017 2,8 terawattimar (TWh). Samla kraftproduksjon i Noreg i 2017 var på om lag 150 TWh.

• Noregs vasskrafts- og energidirektorat (NVE) har gitt konsesjon til vindkraftverk for til saman 22 TWh. Konsesjonar på 6,8 TWh står unytta.

• NVE har handsame kring 240 konsesjonssøknadar. Av desse har kring 90 fått ja.

• NVE skal vege ulike omsyn opp mot kvarandre når dei deler ut konsesjonar. Sjølv om område kan eigne seg særs godt for produksjon av vindkraft, kan omsyn til landskap, naturmiljø, biologisk mangfald, kulturminne veie tyngre og føre til nei frå NVE.

Skjemst litt av motstand

Heilt ferske tal frå Noregs vasskraft- og energidirektorat (NVE) syner at produksjonen frå vindkraftverka vert meir enn firedobla frå 2017 til 2020.

Vindturbinane på Smøla er dobbelt så høge som høgste punktet på øya, eit poeng motstandarane av vindkraftverket fekk fram då dei laga underskriftslister og freista stoppe planane.

– Eg var nøgd med den samanlikninga. Ho gjorde inntrykk. Vi laga eit veldig leven, fortel Magne Ingolf Lillehaug.

Han har henta dei to mappene med brev, protestar og medieoppslag og underskriftslister og skjemst litt over kor tøffe dei var den gongen, for Lillehaug har snudd.

– Det har gått greitt på Smøla. Vi lever med vindkraftverket, og det har ikkje øydelagt verksemda mi, men eg vil ikkje ha for mange av dei. Det må ikkje verte slik at du ser vindturbinar same kvar du er langs kysten.

Midt ute i det 20 kvadratkilometer store området som utgjer Smøla Vindpark, er vegetasjonen prega av lynghei, myr og små langstrekte vatn, medan breie grusvegar bygde for tungtransport går mellom dei 68 vindturbinane. Park er ikkje det første ordet ein tenkar på når ein står mellom vindturbinane.

– Eg synest uttrykket er misvisande og skapar inntrykk av at eit vindkraftverk er ein park. Det er eit kraftverk. Punktum.

Kan forsyne 20.000 hus

Thomas Bjørdal leiar Nasjonalt Vindenergisenter på Smøla, som vart etablert då Statkraft bygde opp det som den gong var det største vindkraftverket i Europa. Inntil for eit år sidan var vindkraftverket størst i Noreg, men vart detronisert til andreplass av Tellenes i Rogaland. Årsproduksjonen er på 350 GWh, det same som straumforbruket til 20.000 einebustadar.

Då kraftverket på Smøla vart bygd, var det ikkje rare vindkraftproduksjonen i Noreg. Anlegga var på kring fem vindturbinar. På Smøla skulle det satsast stort. At det tok tolv år før det kom eit større vindkraftverk, fortel noko om satsinga på vindkraft i Noreg tidlegare på 2000-talet.

No går utbygginga i rekordfart. Frå 2017 til 2020 vert produksjonen meir enn firedobla til 12 terawattimar og vil svare til produksjonen frå 17 Alta-kraftverk. Om alle kraftverk som har fått konsesjon vert bygde ut, rundar produksjonen 21 terawattimar. Då vil vi ha over 2000 vindturbinar i landet.

Ber om meir

Ordførar Roger Osen (Ap) høyrer med til vindkraftentusiastane i Smøla, lik ordførarane forut.

– Vi er særs nøgd med vindkraftverket og ønskjer å byggje ut meir, seier han.

Då NVE i haust kom med framlegg om 43 område som var aktuelle for utbygging av nye vindkraftverk (sjå eiga sak), var ikkje Smøla med. NVE hadde lagt vekt på omsynet til det verneverdige fuglelivet på Smøla. I høyringsutsegna frå Smøla «anmoder (kommunen) på det sterkeste at kommunen tas med videre/inngår i analyseområde 23».

Turbinane på Smøla er relativt små, mindre effektive enn nye, og dei er ikkje alle plasserte på dei beste stadene.

– Dei nye vindturbinane er langt meir effektive. Vingane kan vri seg hurtigare etter vindmengda. Plasseringa i terrenget er tufta på meir nøyaktige vindmålingar for å utnytte dei beste lokale vindtilhøva. Turbinane er høgre og vingane lengre slik at dei fangar meir vind, seier Bjørdal.

Det er råd å få ut 50 prosent høgre produksjon på Smøla, med færre og større turbinar, men då må kraftverket inn i eit utbyggingsområde. Kommunen meiner NVE overdriv ulempene for fuglelivet og skriv i utsegna: «Smøla har 16 års erfaringer med vindproduksjon, og Smøla som fugleområde er grundig dokumentert gjennom omfattende fugleforskning i en årrekke.»

Fleire havørn

Eit havørnpar sit på ein av kraftstolpane eit par hundre meter unna. Dei flyg opp på tunge, breie vingar når vi nærmar oss.

– Det er fleire par som hekkar i nærleiken av vindkraftverket, men størstedelen av bestanden hekkar lengre ut.

Framleis vert eit halvt dusin havørn drepne i kollisjon med vindturbinane kvart år, men talet har auka etter etableringa av vindkraftverket.

Det er desse og liknande røynsler som får kommunen til å konkludere med at dei negative følgjene av vindkraftverket har vore langt mindre enn dei trudde før etableringa.

gunnarw@klassekampen.no

Lørdag 23. februar 2019
UTE: Vibeke-Emilie Abrahamsen i Bamble Frp er ekskludert frå partiet og får ikkje stille til val i heimkommunen. Men ho har ein plan.
Fredag 22. februar 2019
BLIR FEIL: Byrådsleder Raymond Johansen kritiserer politireformen for at Oslo mangler politifolk i bydelene. Han mener det blir feil å legge skylda for økende kriminalitet på flyktninger.
Torsdag 21. februar 2019
ADVARER: Tidligere ansatte i Måne­stråle barnehage tar et kraftig oppgjør med ledelsen. De forteller om en u­forsvarlig drift, hvor det meste dreide seg om å få inn mest mulig penger.
Tirsdag 19. februar 2019
SLUTT: Ekteparet Per Jonny og Eli Risten Skum har vært i reindriften hele livet. Nå vil de be barna finne et annet levebrød, fordi gruvedriften i Nussir-fjellet truer driften.
Mandag 18. februar 2019
NOK NÅ: Minotenks utspill om å ikke bosette flere flyktninger i utsatte bydeler får støtte fra Lena Larsen og Mahmoud Farahmand. Også SV er åpen for ideen.
Lørdag 16. februar 2019
PAUSE: – Hvis vi ikke tar tak i integreringsutfordringene, vil det styrke ytre høyre, sier Linda Noor, som vil ha pause i bosetting av flyktninger i Oslo. Frp vil ha bosettingsstans.
Fredag 15. februar 2019
GLIR UT: Forsvarets nye overvåkings­våpen skulle i utgangspunktet bare brukes mot fremmede makter og terror, men nå krever flere tilgang på informasjonen. Ekspert advarer mot utglidning.
Torsdag 14. februar 2019
TILLIT: Trond Giske får solid støtte fra partifeller i de største Ap-lagene i Trøndelag. Flere savner ham i partiledelsen.
Onsdag 13. februar 2019
BLODPRIS: Norge kan ikke lenger ta Nato for gitt. Da må vi velge USA, ikke Europa. Det kan bli dyrt, sier forskeren Asle Toje.
Tirsdag 12. februar 2019
FRYKTER KINA: Data­ekspert Gisle Hannemyr regner med at USA spionerer på oss, men mener kineserne er langt verre.