Onsdag 7. november 2018
GÅR FRAM: Ap-leiar Jonas Gahr Støre får raudgrøn inspirasjon av Klassekampens novembermåling. Her holder han tale til NTLs landsmøte i Oslo.
Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre opnar for tettare raudgrønt samarbeid:
Klarer seg utan KrF
SAMLING: Ap, Sp og SV har reint fleirtal i Klassekampens novembermåling. Etter å ha blitt vraka av KrF er Jonas Gahr Støre klar for å samkøyre med dei raudgrøne.

MÅLING

Fredag vart han vraka av KrF. Men no har Ap-leiar Jonas Gahr Støre grunn til å smile. Klassekampen si ferske måling, tatt opp etter KrF sitt retningsval, syner reint raudgrønt fleirtal. Målinga på 29,1 prosent er det høgaste Ap har vorte målt i Klassekampens barometer sidan før stortingsvalet.

No tek fleire i Ap til orde for at partiet må finne tilbake til dei raudgrøne.

Støre seier målinga gjev dei raudgrøne partia inspirasjon til å samle seg om eit tydeleg alternativ til dagens regjering

– Vi er tre ulike parti med ulik politikk. Men Ap er klare til å samkøyre oss på viktige saker som klima, distrikt og næringspolitikk, seier Støre.

Fakta

Ny måling:

• Norfakta har på oppdrag frå Klassekampen og Nationen utført ei ny meningsmåling.

• 1005 respondentar fekk 5. november spørsmålet «Hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var stortingsvalg i dag?»

• 14 prosent svarte «vet ikke». 6 prosent svarte at dei ikkje ville svare.

• Alle endringane er innanfor feilmarginen.

• Feilmarginen varierer frå 2,8 og 0,6, størst for dei største partia.

Meir samkøyrt Ap-leiing

Støre legg til at Ap vil jobbe for å tydeleggjere eit alternativ til kommersialiseringa og privatiseringa som regjeringa står for. Han vil derimot ikkje seie at målinga viser at dei raudgrøne klarer seg like bra utan KrF.

– Sentrum-venstre ville stått enda sterkare dersom KrF hadde valt annleis, seier Støre.

Ap kan sjå tilbake på 2018 som eit tøft år, prega av metoo-kampanjen, samarbeidsvanskar og nestleiar Trond Giske sin avgang. Støre trur Ap no går fram på målingane fordi partiet har fått «større rom til å snakke om politikk».

Han trekk fram kampen for mindre forskjellar og klimapolitikken som nokre av områda som Ap har markert seg på.

– Er Ap-leiinga meir samkøyrde no enn for nokre månader tilbake?

– Heilt klart ja. No handlar det først og fremst for oss om å jobbe mot det lokale Ap-leddet fram mot kommune- og fylkestingsvalet i 2019. Det er ei klar forventning frå partiet om at vi jobbar samla og målretta frå partileiinga si side, og det gjer vi med glede, seier Støre.

To klare blokker

Med KrF sitt retningsval er det no, med unntak av MDG, to blokker i norsk politikk. Støre meiner det både har positive og negative konsekvensar. På den eine sida blir det klarare og tydelegare profilar. På den andre sida mister opposisjonen makt ved at KrF sikrar ei fleirtalsregjering.

– Den rolla Venstre og KrF hadde med å moderere regjeringa, er no vekke. Med ei fleirtalsregjering mister vi mogelegheita for å finne fleirtal på tvers, og det beklagar eg, seier Støre.

Måndag kom Raudt-leiar Bjørnar Moxnes i ABC Nyheter med ei utfordring til Støre om å «slutte å rote rundt» og oppmoda Ap til tettare samarbeid med Raudt etter KrF sitt vegval. Støre er nølande til frieriet.

– For Ap går vegen til siger gjennom tydeleg sosialdemokratisk politikk. Sp og SV er våre naturlege partnarar. Elles er vi opne for å samarbeide med alle på Stortinget som vil jobbe for mindre forskjellar, seier Støre.

Kolberg: Sp og SV nærast

Også Ap-nestor Martin Kolberg tek til orde for raudgrøn samling.

Kolberg seier han er avventande til om KrF sine forhandlingar med regjeringa lukkast, men minner om at det er det raudgrøne alternativet som har vore Ap sitt primære alternativ. Han seier at Sp og SV står Ap nærast.

– Det raudgrøne alternativet bør meislast ut for heile Ap sitt arbeid og valet i 2021, seier Kolberg til Klasse­kampen.

– Viser denne målinga at dei raudgrøne greier seg fint utan KrF?

– Ja, denne målinga viser det. Det er bra at all opposisjon til regjeringa er sterk. Eg er glad for at dei raudgrøne partia står sterkt åleine.

AUF: Raudgrønt er liv laga

– Dette viser at det regjeringsalternativet AUF helst vil ha, kan få tillit i folket, seier AUF-leiar Ina Libak. Ho har heile tida vore klar på at ho vil ha SV som regjeringspartnar framfor KrF.

– Er du letta for at KrF valde høgresida?

– Eg er ikkje letta for at Norge framleis skal halde fram med å bli styrt av Frp og Høgre, og eg er bekymra for kva som kan skje med abortlova, seier Libak.

Libak veit ikkje om Ap tener på å profilere seg som motstandar av KrF sine abort-krav.

– Ingen tener på at det er utryggleik kring abortlova. Men eg er glad for at Ap står fast på sitt nei til å innskrenke abortlova, og at vi heile tida har sagt at abortlova ikkje skal nyttast som forhandlingskort i eit politisk spel, seier ho.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Torsdag 8. november 2018
FRAFALL: Ungdom som faller ut av videregående fanges opp for seint, sier Jan Bøhler.
Onsdag 7. november 2018
SAMLING: Ap, Sp og SV har reint fleirtal i Klassekampens novembermåling. Etter å ha blitt vraka av KrF er Jonas Gahr Støre klar for å samkøyre med dei raudgrøne.
Mandag 5. november 2018
STRID: Når abortloven nå er på forhandlingsbordet, vil Senterpartiet fremme forslag om å fjerne den omstridte retten til tvillingabort. Ap går for fort i vranglås, mener Kjersti Toppe.
Lørdag 3. november 2018
DELT: Sentrale partifolk tror det kan ta tid å samle fløyene i KrF etter partiets skjebnelandsmøte på Gardermoen i går.
Fredag 2. november 2018
NEI: Dersom KrFs høyrefløy vinner fram på dagens skjebnemøte, forsvinner sentrum i norsk politikk, advarer Anne Enger.
Torsdag 1. november 2018
NEI: Erna Solbergs abortfrieri til KrF mangler flertall i Stortinget. – Min stemme for kvinnes rett til abort kan ikke forhandles bort, sier Venstres Abid Raja.
Fredag 26. oktober 2018
SPLITTELSE: Mens venstrefløyen i KrF «kjenner frosten gripe om rygg­raden», rikker ikke Sylvi Listhaugs siste utspill på høyrefløyen i partiet.
Tirsdag 23. oktober 2018
STERK I TROEN: Knut Arild Hareide hadde regnet med mellom tre og seks mandater fra Rogaland, men fikk ett. Nå står det om de usikre fylkene, som Oslo og Hordaland.