Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Høgtideleg: Med fortetta spenning smeltar Thomas Marco Blatt éin families tragedie saman med dei store trugslane i tida.

Det evig eigde

Det er noko skremmande aktuelt ved Thomas Marco Blatts kortroman med den poetiske tittelen «Tiden er ilden vi brenner i». For ein gongs skuld er «poetisk» ikkje eit adjektiv brukt for å beskrive ei vakker formulering, sjølv om tittelen er dét også; dette er faktisk ei linje frå diktet som er epigraf, signert Delmore Schwartz. Diktet gir eit hint om at boka skodar tilbake mot minne om lagnadstunge hendingar – i alle fall når eg les det på nytt etter å ha vendt siste blad. For dette er den typen roman kor det kjennest naudsynt å gå tilbake til start og sjå etter teikn, ikkje ulikt korleis ein granskar sine eigne handlingar etter ei ulukke.