Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Livsklok: Dei gåtefulle kontrastane mellom fråsegner driv fram undringa i Eldrid Lundens nye diktsamling.

Kalenderblad frå sorga

Eldrid Lunden har skrive tre av dei beste og viktigaste norske diktsamlingane gjennom tidene: «Inneringa», «Hard, mjuk» og «Mammy, blue». Desse kom ut 1975–1977. Dei er bøker med ein samanhengande struktur som veks fram gjennom lesinga. Desse utydelege, vanskeleg gripbare mønstera kan oppfattast som forslag til korleis språk som uttrykker ein spesifikt kvinneleg måte å vera i verda på, kunne sjå ut. Sentralt i så måte står den stadig repeterte formuleringa i «Mammy, blue»: «Eg er Anna». Som kan lesast som ei omsetting av Rimbauds, og modernismens, kjernesentens: «Je est un autre». Men altså i femininum.