Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På reise: Språket speglar avstanden som finnast på fleire plan i Annlaug Selstø sin debutroman.

Å trenge å trengast

EIN ANNAN KVARDAG: I Annlaug Selstø sin debutroman er hendinga lagt til ei landsbygd i Sør-Sudan. FOTO: ODA BERBY Oda Berby

Behovet for å hjelpe andre kan rett som det er vitne om behov ein sjølv har. I debutboka «Vera ein annan stad» skildrar Annlaug Selstø trongen til å trengast, med ein smittande distanse. Vi møter her den norske sjukepleiaren Vilde, som reiser til den sørsudanske landsbygda for å arbeide med eit program for svoltramma barn. Vilde er klar til å hjelpe. Dette er «akkurat det ho treng».