Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nynorsk er både mål, makt og motstraum.

Språkleg lys

2018 er eit stort år for nynorsken: Det er 200 år sidan pioneren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd i Vinje, 150 år sidan Det Norske Samlaget blei skipa i Oslo, like lenge sidan Vestmannalaget blei skipa i Bergen, 25 år sidan forlaget Skald i Leikanger gav ut si første bok og like lenge sidan Nynorsk Kultursentrum blei stifta i Ørsta. Av meir dagsaktuelle saker kan ein nemne at det blei løyvd 8,4 millionar over statsbudsjettet til Vinjesenteret, at sjølv borgarpressa sine høgborger slumpar til med nynorsk no og då, at Ragnar Hovland snart kjem med ny roman og ikkje minst at landbruks- og matminister Bård Hoksrud frå Framstegspartiet nyleg stilte seg opp i stortingssalen og las meldinga om rikets tilstand på klingande og i alle fall tilnærma normert nynorsk.