Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sverige: Plagiatskuldingar førte til diskusjon om journalistiske prinsipp.

Brevet til Europa

DIKT OG DEBATT: Svenske Athena Farrokhzad har blitt skulda for å plagiere Allen Ginsberg i diktet «Brev til Europa». FOTO: KHASHAYAR NADEREHVANDI

Den slovenske poesifestivalen «Days of Poetry and Wine» gir kvart år i oppdrag til ein europeisk poet å skrive eit brev til Europa. I år gjekk oppdraget til Athena Farrokhzad, og i august blei det lange, slingrande diktet «Brev til Europa» publisert i fleire europeiske aviser, også her i Bokmagasinet. Sjølv har ho kalla teksten for ein «sørgjesong over eit kontinent i forfall».