Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Livsløgn: Avstanden er stor mellom indre og ytre røynd i Anne Oterholms portrett av ein ung mann.

Kamuflert einsemd

Om lag eit halvt år etter at Anne Oterholm gav ut romanen «Liljekonvallpiken» (2015) uttalte ho, under ein samtale på Litteraturhuset i Oslo, at romanen var meint som ein kommentar til bruk av upålitelege kjelder i media – og kor lett vi trur på historiene som blir fortalt. At forteljaren i den boka skildra ting han umogeleg kunne vite noko om, fekk mange kritikarar med seg, men eg trur ikkje nokon av oss drog slutningar til mediekvardagen vi lever i. Når Oterholm no har kalla den nye romanen for «Løgnhals», går assosiasjonane raskt same veg – eg vil helst ikkje gå glipp av samfunnskritiske aspekt denne gongen! Men trass ytre likskapar er nok prosjektet eit anna, for Oterholm brukar ikkje å gå for det openberre.