Lørdag 13. oktober 2018
HAR TRUA: KrF kan nok få gjennomslag begge vegar, men det vil bli lettare med Ap, seier styreleiar i Normisjon Hallgeir Solberg. 88FOTO: GUNN HEIDI NAKREM, TRØNDERAVISA
Styreleiar for konservative Normisjon ser gjerne KrF regjere med Arbeiderpartiet:
Misjonerer for Hareide
MENNESKEFISKAR: Leiarar for misjonsorganisasjonane Normisjon og Troens Bevis trur KrF vil få mest gjennomslag i eit samarbeid med Ap og Sp.

KRFS VEGVAL

– Det skjer ei revitalisering i partiet akkurat no, seier styreleiar i Normisjon Hallgeir Solberg.

Klassekampen har snakka med eit knippe leiarar i Kristen-Noreg om KrF sitt skjebneval. Solberg er blant dei som flaggar støtte til KrF-leiar Knut Arild Hareide i ønsket om å søke samarbeid med Ap.

Solberg, som er styreleiar for det tradisjonelt konservative Normisjon, var til stades på partimøtet i KrF i Trondheim på onsdag. Han seier at han opplever eit aukande engasjement i partiet.

– Det er kjekt å sjå. Ein tydeleggjer kva saker som betyr mest for KrF, som kampen mot fattigdom og klimaendringar, seier Solberg og legg til at han berre svarer på vegner av seg sjølv.

– Det er ein logikk i måten partileiaren argumenterer på. KrF kan nok få gjennomslag begge vegar, men det vil bli lettare med Ap.

Fakta

KrFs vegval:

• Fredag 28. september råda KrF-leiar Knut Arild Hareide partiet å søke regjeringsmakt med Arbeiderpartiet og Senterpartiet.

• 2. november held KrF ekstraordinært landsmøte for å avgjere partiets vanskelege vegval om regjeringssamarbeid.

• Klassekampen har snakka med misjonsleiarar som støttar Knut Arild Hareide.

«I Have a Dream»

Hareide får også støtte frå Rune Edvardsen, leiar i misjonsstiftinga Troens Bevis som held til i Kvinesdal.

– Dersom vi legg gamle stridar bak oss og kan tenke nytt, så trur eg KrF kan ha mest å vinne på å samarbeide med Ap og Sp, seier han.

Også Edvardsens meiner det er nytt engasjement å spore i KrF.

– Dette rører ved noko som har sove i KrF. Vi ser engasjement for partiet også blant folk som ikkje har stemt på partiet før.

Edvardsen meiner årsaka er talen som Knut Arild Hareide heldt for landsstyret i KrF.

– Hareide er ein leiar som tenkjer på det som er større enn han sjølv, det appellerer veldig til meg, seier Solberg.

I talen til landsstyret peika Hareide på verdipolitikk, familiepolitikk, klima og kamp som hjartesaker for KrF.

Han hevda at avstanden mellom KrF og Frp er for stor til at KrF kan gå inn i dagens regjering, og at partiet difor må søkje regjeringsmakt til venstre.

– Det var noko «I Have Dream»-aktig over talen til Hareide. Den bør vere DNA-et til KrF i ei globalisert framtid, seier Edvardsen.

Troens Bevis-høvdingen er redd for at KrF skal bli sittande på gjerdet, noko han meiner kan gjere partiet «enda meir gamaldagse om fem år enn i dag». Han trur at ved å gå i regjering med Ap saman med Sp, kan dei to sentrumspartia bidra til å dra Ap mot sentrum.

– Frp dreg Høgre andre vegen, mot høgre, seier han.

Snakka med Støre

Klassekampen har også snakka med Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug. Han vil ikkje uttale seg om KrF sitt retningsval, men seier han merka seg at Hareide i sin landsstyretale trakk fram ein samtale mellom han sjølv om Ap-leiar Jonas Gahr Støre på Litteraturhuset i Bergen i september.

– Samtalen med Jonas om politikk og kristendom var veldig god. Den viser det som har vore tydeleg ei stund, nemleg at det finst eit medvit om kristen tru og verdiar i dagens Ap-leiing som ikkje har vore der på same måten tidlegare, seier biskopen.

Frikyrkjeleg skepsis

Wiggo Skagestad i pinsekyrkja Filadelfia i Kristiansand meiner sørvestlandet er blått.

– Dersom KrF tek eit val om å gå til venstre, trur eg det vil bli krevande på sørvestlandet, seier Skagestad som understrekar at han svarer på vegner av seg sjølv.

Han trekk fram friskular og at private barnehagar skal få ha ein utvida, kristen formålsparagraf som viktige saker for frikyrkjefolk.

– Sjølv om Jonas Gahr Støre seier at Ap har fleire kristne veljarar enn andre parti, så opplever ikkje vi at Ap har vore ein medspelar for frikyrkjene i Noreg, seier Skagestad.

Domprost i Kristiansand, Freddy Berg, vil som biskop Halvor Nordhaug ikkje uttale seg om KrF sitt retningsval. Han trekk likevel fram klima som ei viktig politisk sak.

– Menneskeverdet og skaparverket er viktige for kyrkja. Då tenkjer eg særskilt på dei klimautfordringane som verda står overfor. Her har vi eit forvaltaransvar, seier Berg til Klassekampen.

Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonen, er oppteken av at KrF må vere prinsippfaste i verdispørsmål.

– KrF blei til i våre miljø, men vi går ikkje ut og ber folk om å stemme KrF. Derimot ber vi våre folk om stemme verdimessig. Spørsmål som abort og bioteknologi må vere viktigare enn økonomiske spørsmål for KrF, der må partiet halde fast på den verdimessige forankringa si, seier Furnes.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 21. november 2018
• Kan sykepleiere streike? Det spørsmålet ble presserende i går etter at regjeringen grep inn med tvungen lønnsnemnd i konflikten mellom Norsk Sykepleierforbund og NHO Service og Handel. Sykepleierne hadde allerede streiket i noen uker ved...
Onsdag 21. november 2018
Bærum Kulturhus trekker invitasjonen til den metoo-anklagede koreo­grafen Jan Fabre. Aktører i dansefeltet er kritiske til begrunnelsen.
Onsdag 21. november 2018
KONTROLL: Frankrike og Tyskland vil ha et felles EU-forsvar, men er uenige om hvem som skal ha styringa.
Onsdag 21. november 2018
KAN SNU: Få vil stå opp for EØS i LO. Lederne i Handel og Kontor og Arbeidsmandsforbundet åpner for at deres forbund også kan snu.
Tirsdag 20. november 2018
Spartacus-sjef Per Nordanger mener vi har hatt en overproduksjon av sakprosa de siste årene, og at flere forlag kan bli nødt til å kutte titler.
Tirsdag 20. november 2018
SAMLING I BÅNN: Venstresida i Latin-Amerika samles for å finne ut hvordan de kan stanse høyresida og diktaturhyllere som Jair Bolsonaro.
Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Tirsdag 20. november 2018
• I går lanserte Klassekampen i samarbeid med Nationen og Landslaget for lokalaviser en kampanje for å bevare norsk mediemangfold. Til nå har mer enn 80 norske avisredaktører signert et opprop, hvor vi krever at avisa skal fram, også i...
Mandag 19. november 2018
Ved å øke sine egeninntekter har de statseide teatrene kompensert for kutt i offentlig støtte. Men de kunstneriske ambisjonene vil snart bli skadelidende, hevder teatersjefer.
Mandag 19. november 2018
FINAL SAY: Verken tilhengere eller motstandere av brexit liker avtalen til Theresa May. People’s vote-leder mener en ny folkeavstemning er Mays eneste utvei.